fredag 31. desember 2010

2010, den obligatoriske kavalkaden

siste dag i 2010. allereie har foreldre måtte skyte opp rakettar fordi ungane deira er for små til å vere oppe til midnatt, og det er jo greit, for i nord-norge, her, her blir det mørkt klokka 14. eg har laga potetmat vi skal ete til kalkunen og pynta meg med kjole, krøller og leppestift. standard for 2010. korleis var 2010?

januar.
eg var heime i harstad og skulle flytte til paris for å gå på skule, hadde ikkje pengar, ikkje plass å bu, ikkje peiling på korleis ting skulle bli. eg var fortvila, men 23. januar dro barbra og eg til paris og eg sa til ho "æ kjæm til å begynne å gråte når æ ser eiffeltårnet". det gjorde eg ikkje, men det føltes heilt sjukt då vi trilla bagasjen inn i bakgården til maryse colombo og endå meir sjukt då vi bar han opp i tredje etasje i 3 rue jean de beauvais ei veke etterpå. vi fikk nøklane, hoppa opp og ned og gikk på franprix for å feire med bokscola og gummibjørnar.

februar.
i februar begynte eg på skulen og blei ganske lei meg då eg fant ut at campus var i 17. arrondissement, og ikkje femte, kor vi budde eit steinkast unna den gamle sorbonne. eg møtte anna første dagen, men sa ikkje hei, berre såg namnet og at ho var frå sverige, og så sendte eg ho ein mail nokre dagar etter og spurte om vi skulle vere venar. mia møtte eg på biblioteket på skulen og det var minst like fint, vi snakka i kantina om kor fint det var å vere i avstandsforhold. eg hang med gordie og vi drakk vin og såg film og snakka mykje om canada og norge og korleis paris føltes som hundre mil unna.

mars.
første veka i mars var det vinterferie og eg drakk masse vin. i mars møtte eg heidi og anna for første gong, og også hannah og moa, og så var vi plutseleg ein gjeng. vi drakk vin og gjekk ut og dansa og lite visste eg om kor bra vi eigentleg skulle ha det den første gongen eg møtte dei jentene. barbra fikk sitte bakpå ein gutt med motorsykkel gjennom heile byen og eg var litt sjalu. i mars begynte det å bli varmt og barbra og eg dro på sykkeltur og eg kjente at det var ein av dei finaste dagane eg nokon gong hadde hatt.

april.
i april kom kjærasten min på besøk og det var fint og litt trist, men vi spiste taco til middag ein dag og det var bra. det begynte å bli varmare og varmare, gunnhild og julie skulle komme på besøk, men dei var askefaste i norge og kom seg ingen vei, som gjorde at eg gråt mykje og ikkje ville vere med på noko. det blei varmare og varmare, eg dro på landet for å dra litt ut av byen og finne svar, fant svar, dro tilbake til paris og på den varmaste dagen i april satt eg i rosa kjole i luxembourghagen og spiste jordbær og sendte mms heim til mor mi, og nokre timar seinare var eg ikkje lenger nokon sin kjæraste, berre meg aleine.

mai.
mamma og pappa og bror besøkte meg i paris og det var godt å endeleg få sjå nokon heimefrå, dei hadde med ostepop og smågodt og mamma kjøpte meg rosa tresko og vi spiste middag i montmartre kor det var karusellhestar i taket. det blei 17. mai og eg hadde eksamen den dagen, men før det hadde vi 17.mai-frukost i rue rochebrune hos heidi og anna og vi sang "ja, vi elsker" frå verandaen og følte oss norske og fine med hjartet utanpå kjolane. eg blei forelska på nytt og var snart ferdig på skulen.

juni.
eg blei ferdig på skulen, det var hämskt varmt i paris og vi brukte tida på å ligge i parkar, sole oss, drikke vatn, ete frukt, og på kveldane drakk vi vin og spiste italiensk is. heidi var lur og orga saman at vi skulle ta eit fellesbilde foran eiffeltårnet med alle jentene, det gjorde vi. vi gikk på kino ein morgon for å sjå sex og singelliv-filmen og seinare gikk vi heim og lagde sjokoladefondue. silje kom på besøk og vi handla mykje og spiste makronar, folk begynte å dra heim, inga og christian kom på besøk og det var dødskaldt, men så blei det varmt, og vi koste oss slik berre musketerane kan. og så dro eg heim, ein av dei siste dagane i juni.

juli.
eg dro heim til foreldra mine for å ha ferie og gjere ingenting. vi var på havet og vi dro til lofoten og eg hadde det fint. dro tilbake til oslo og flytta inn igjen, i niande etasje. eg møtte frodis som skulle ha foredrag om haruki murakami og vi snakka om monstermaster og arbeidarpartiet og kva eg skulle gjere med livet mitt (har ikkje bestemt meg enda). eg var ei helg i arendal, der var det ikkje så mykje sol som eg hadde håpa.

august.
eg dro til stavanger for å vere med inga og christian, vi gikk til preikestolen, plukka blåbær, såg på seinfeld og åt is, og inga og eg møtte randi frå eldrebølgen, og det var stort. eg begynte på skulen igjen og tenkte at strukturalismen kom til å vere min ende som akademikar. det var murakami-festival og igjen møtte eg frodis, denne gongen drakk vi farris og hadde vore ute på livet kvelden før begge to. eg var på øya og tenkte "det her gidd æ ikkje fleire ganga!!!" der eg sto på lillebjørn nilsen-konsert og kjente at ryggen min svikta. begynte på jobb igjen og fikk igjen lese høgt for guten om liker så godt å bli lest høgt for.

september.
eg blei sjuk og satt på legevakta i fleire timar, det hadde sagt BANG! ein stad i underlivet, men eg fikk medisin og blei frisk på eit blunk. eg møtte mariell første gong på cocoa on the gogo som vi begge var glade for at fantes. inga og eg sneik oss på grand café for å sjå på nokre av eldrebølgen som var der for å spise lunsj. eg hadde bursdag og fikk røde støvlar til bursdagen. eg skjønte at eg aldri kom til å bli kunsthistorikar og slo meg til ro med det.

oktober.
var fortsatt forelska og var meir og meir sikker på at eg skulle klare å vere det lenge. var på oslo poesifestival og tenkte at det var noko av det flauaste eg kunne ha vore med på, men eg hadde ein fin fyr å halde i handa, og då blei det fint. belle & sebastian ga ut nytt album og eg tenkte at den her gongen hadde dei knekt popkoden, og så kom sufjan stevens, og så kom håkan og oktober var ein fantastisk popmåned som berre kjem ein gong i blant. eg skreiv ein tekst til mariell sitt magasin og frodis, som og skulle vere med i magasinet, skreiv til ho at han syntes eg var flink å skrive, og då gråt eg nestan av kor glad eg blei.

november.
kjærleiken kom på besøk etter ein lang tur i usa og hadde med seg uggs som eg skulle halde føtene varme i heile vinteren. eg blogga masse og prøvde å trene så mykje som muleg, men det blei ikkje så mykje. moa kom på besøk og vi hadde reunion med paris-gjengen og var på håkan hellström-konsert og elska det. eg hadde alltid blomster i heimen, eg flytta til eit rom for meg sjølv og hadde det finare enn eg hadde trudd. eg spiste pizza frå pizza pancetta og pynta med teboksar og plansjar med fisk på.

desember.
desember har vore eksamen og lesing og forkjøla jente og eit ønske om å berre bli ferdig og få ferie. igjen kom det besøk og eg tok motet til meg og spurte om vi skulle vere kjærastar, og det skulle vi jo, og så blei det sånn. inga og eg var på julebord og døde litt på innsida, men så fikk vi danse, og då gikk det litt betre. vi feira bursdagen til inga og spiste kalkun og kosa med hunden og dansa etter midnatt. eg dro heim til mamma og pappa og bror og slappa av på sofaen, feira jul, hadde kjærastebesøk og kyssa på kjøkkenet, spilte spill, drakk cava. i kveld er det nyttårsaften og eg skal spise kalkun og kysse og drikke cava.

kalkun, kysse, cava. nokre av dei beste tinga frå 2010. no er eg berre spent på 2011. eg er klar.

godt nytt år til deg som les! takk for at du les her, kven du no enn er, og eg håpar at kvelden din blir konfetti og dans og kyss, klapp og klem. stjerne hjarte stjerne.



tirsdag 28. desember 2010

tears for fears


eg har: klipt håret (ikkje sjølv), føflekk på overleppa, lånt mamma sin tunika, snart blitt ferdig med å vere forkjøla, snart liksom-fest, for mørke bryn (meiner mamma), kjæraste, problem med å finne dei rette songane i spotify, nye skiklede, nestan 3 veker ferie igjen, gode venar, gode genar, bøker eg ikkje har lese, spist pinnekjøtt til middag for andre gong, eigentleg mest lyst til å berre vere heime og høyre på tears for fears, fylleangst in advance. romjul, altså. romjula er ein type i allers.

onsdag 22. desember 2010

det beste med ferie

- å ikkje måtte ha vekkeklokka på
- at mamma ikkje har tatt ferie heilt endå, så ho ikkje treng å vite nøyaktig kor lenge eg søv
- at eg kan sose før eg står ordentleg opp og ikkje må rekke å komme meg på jobb eller igang med lesinga
- at eg har mitt eiga rom som er berre soverom og ingenting anna, ikkje kjøkken stue soverom gang i eitt
- at eg ikkje lagar middagen min sjølv og at kjøleskapet magisk fyllar seg sjølv opp (mistenker at foreldrane mine har ein fingar med i spelet her då)
- at det ikkje er noko stress
- at den største oppgåva mi før jul er å setje bøker i riktig rekkefølge i bokhyllene i stua
- at eg får kose med katta
- at bror er heime
- at mamma og pappa er heime
- berre at det er nokon andre i huset, at eg kan høyre at det skjer noko, nokon tar seg ei skive på kjøkkenet, nokon speler gitar i andreetasje, nokon ser på tv i stua, nokon snakkar på badet, berre å høyre at nokon er her og lever og at den som gjer det ikkje er ein komplett framand, men ein av dei nærmaste i verda, det er så godt, og sånn synst eg det skal vere i ferien

kva er det beste med ferien din?

mandag 20. desember 2010

heime, versjon desember 2010



francoise hardy syng om "la maison ou j'ai grandi", huset ho vaks opp i. eg er heime i huset som er heime, heime i stua til mor og far min, med bror min i nærleiken, med ei katt som vil kose og sove (berre ei den jula her, dessverre). eg skal vere heime i fire veker og berre ta livet med ro og kule egget og spise og snakke med mamma og pappa og bror og spele spel og drikke rødvin og lese og gå på ski og kanskje sjå kjærasten litt (knis) og rett og slett berre ha det sjukt fint. i dag har eg klipt håret og det er lett og luftig og akkurat sånn vil eg at jula skal vere i år. lett og luftig, litt som håret mitt og litt som musikken til francoise hardy.

søndag 19. desember 2010

alone again naturally



eg er eigentleg hundre gongar meir optimistisk og glad enn den songen her, men den er så sjukt fin og eg er i ei boble av glede no. meir om det på eit seinare tidspunkt. no: ferie! heim til mor.

tirsdag 14. desember 2010

a (amour) i (imagination) r (rêve)



eg er heilt usannsynleg forelska i air for tida. dei er bakgrunnslyden når eg les til eksamen (berre 18 timar igjen til ferie no!!!), eg høyrer på dei når eg lagar middag, når eg skal sove, når eg tar bussen, når eg går til jobb, når eg har det fint, når eg har det litt kjipt. eg er truleg 10 år for seint ute med å oppdage desse guttane frå frankrike, men eg starta å høyre på röyksopp då eg var 11, så eg tar det igjen der. uansett. eg elskar air, og dei gjer eksamensperioden min hakket betre.

no er det innspurten, i dag skal eg berre lese lese lese så mykje som eg klarar, og det er heilt usannsynleg dritt, for eg er litt sjuk (i natt var det verre, trøstar meg med at det er betre no). eg drikk alt muleg rart for å føle meg betre (varmt vatn med ingefær og honning, grønnsaksjus (men det var så jævlig at eg måtte slutte for eg var redd for å brekke meg, c-vitamin-sjokk, grønn te, vatn, det går mykje i flytande i dag) og eg et litt marsipan for at det skal bli litt kjekt å lese òg. eg er irritert på meg sjølv for at eg såg hotell cæsar klokka 1930 i går for då kan eg ikkje sjå han igjen i reprise klokka 1730, for, ja, eg har blitt ein sånn som må sjå hotell cæsar, eg har blitt junkie på svært kort tid, eg skyldar på de gaulle, front populaire og les années de mitterand. i morgon er det heile over. om hundre år er allting glemt. i morgon kjem kjærleiken til byen, og air varmar opp til det som skal bli ein av dei finaste juleferiane nokon gong. dermed basta.

søndag 12. desember 2010

analyze this


Conclusion : Bilan mitigé à cause de tous les problèmes économiques et sociaux non résolus («Je suis leur chef, donc je les suis»), du retard pris dans la modernisation de la France, du non au Projet constitutionnel et des «affaires» en suspens.


...åh.

lørdag 11. desember 2010

ein draum

i natt drømte eg at eg var ute og sumde i havet. på mine eldre dagar synst eg ofte det kan vere litt ekkelt å symje i havet, når eg tenkar på alt som lever der og sånt. i ein kort tekst om meg sjølv eg skreiv i fransk fordypning i tredjeklasse på vidaregåande, skreiv eg at noko av det aller verste eg kunne tenke meg, var å symje i havet og kjenne at det sumde fiskar rundt meg. i natt drømte eg altså slik. eg var på veg ut mot ei brygge som lå 20 meter frå land og rett før eg skulle klatre opp på brygga, kom det ein svær blekksprut. blekkspruten sugde seg fast til meg og eg fikk panikk, men klarte å komme meg unna blekkspruten og opp på brygga. eg kasta ei bombe etter han, men han unnslapp, og kroppen min var full av blåmerke. vidare i draumen blei det vanskeleg for meg å vere med venar fordi dei alltid kunne sjå alle blåmerka og dei skjønte ingenting når eg sa at eg hadde blitt angrepen av ein blekksprut.

då eg vakna i morges, hadde eg tre nye blåmerke på låret som eg ikkje anar kor kjem ifrå eller korleis dei har kome dit, men eg er ganske sikker på at det ikkje har noko med blekkspruten å gjere. eg trur at frå no av, så kjem eg til å vere dritredd for blekksprutar. det var dette som skjedde då eg blei redd for ugler.

kva er du redd for? og er du redd for det fordi du ein gong hadde ein rar draum?

om å vente

advent har alltid vore venting. i år er ikkje noko unntak. eg ventar som ein gal. det virkar som at all tida går til å vente, akkurat no, lesing og venting. eg ventar på at eksamen skal vere over, ventar på å få besøk, ventar på å pakke den store raude kofferten min og dra ut til gardermoen og sette meg på flyet heim. eg har ikkje vore lenger unna oslo enn lørenskog den her hausten, og snart skal eg heim til eit hus med fleire etasjer, med stue, med kjøkken, med soverom, med mamma og pappa og bror og tango, til eit kjøleskap eg ikkje treng å fylle sjølv, til middag som ikkje eg har laga, til å bli dulla pittelitt med. onsdag er eksamen over, då seier eg takk for no til dette semesteret, pakkar all faglitteratur og pensum bort for ein måneds tid og spring til bussen for å møte han eg er glad i. det er motoren akkurat no. snart ferdig. snart kos. berre 4 dagar til.

tirsdag 7. desember 2010

sous le ciel de paris








eg saknar paris. eg les om belle époque og høyrer på erik satie, lukkar auga og tenker på kor fint det er i paris. eg tenker på trappene opp til sacre cæur, dei på sidene, der nokre asiatiske turistar satt seg ved sidan av heidi, barbra og meg ein dag i juni for å ta gruppebilete, dei og oss. eg tenker på å gå til universitetet med francoise hardy på øyret, heime frå maubert mutualité og langs boulevard saint-germain, heilt til brua som tok meg over til place de la concorde og madeleine, opp boulevard malesherbes og til universitetet. eg tenker på å ligge på eit pledd på grasplenen i jardin du luxembourg og sovne i sola og drikke store flasker med pellegrino. eg tenker på februar då det var så kaldt i leilegheita og vi gikk med store ulljakker inne, og barbra og eg spiste gummibjørnar til frokost og tunfiskpasta til middag, eg tenker på mars då mia og eg hadde vinterferie og drakk vin med ugle på cirka kvar dag, eg tenker på starten april då eg fekk besøk av kjærasten som ikkje lenger var kjærasten min i slutten av april, på då eg dro ut til landet for å tenke og sjå på mellomalderlandsby og fant det einaste svaret som kunne vere viktig. alle kveldane vi drakk vin i små parisiske leilegheiter, alle samtalane i parken, motet vi hadde, evna til å kjøre på, middagane på kafé, timane eg har brukt i leiting etter nye gamle kjolar på free'p'star. åh.

uansett. i dag fant eg ei side medan eg las om belle époque kor du kan sjå dei finaste bilde av dei finaste monumenta og gatene i den finaste byen i verda. her kan du sjå for deg sjølv. bilda er derifrå.

mandag 6. desember 2010

gud jesus bedre

jula kjem kvart år. ein kan ikkje stoppe jula. det er tre ting ein ikkje kan stoppe, utan å setje sitt eiga liv i meir eller mindre fare: jula. posten. eksamen. akkurat no skulle eg gitt ein halv lillefinger for å kunne stoppe eksamen, ein eksamen i kunnskap om fransk kultur- og politikk. heile semesteret har eg dytta eksamen litt framfor meg og tenkt at det kjem ei tid for alt. den tida kom i dag. no sitt eg og planlegg korleis eg skal komme meg igjennom alt eg skal komme meg igjennom, må setje opp tankekart og forklare ting for meg sjølv. eg sovnar seint om natta, eg står seint opp, eg spis frokost foran macen og leitar desperat over heile internett etter unnskyldningar til ikkje å lese til eksamen. eg les nyhende frå troms og finnmark, motebloggar, wikipedia-artiklar om jayne mansfield, alt for å unngå det marerittet som ligg foran meg om halvanna veke. eg trøstar meg med at det er muntleg eksamen, og at det er over på null komma niks, eller i alle fall 20 minutt. det er litt som kjensla og frykta for å ta bcg, berre at då eg skulle ta bcg, måtte eg ikkje lese meg i hjel på politikkhistorie først. det var berre å komme, meir eller mindre oppeten av frykt, og la det stå til, og så var det ikkje så ondt som alle skulle ha det til. går det dårleg på eksamen, er det ikkje enda på verda eller noko som helst. kanskje det er det eg hatar mest - at eg er så avslappa. kan nokon berre komme og stresse meg litt? eg trur det hadde vore det beste for alle involverte.

lørdag 4. desember 2010

om paul mccartney



det er inga tvil om at john lennon alltid har vore min favoritt-beatle. då eg var lita, las eg bøker om lennon, memorte datoar, visste kva tid han blei skutt foran dakota-bygninga i new york, visste at songen "julia" er vel så mykje til yoko som til mora, og i filmane er det john som er han kule som får alle til å flire. eg veit nestan ingenting om paul mccartney. eg veit at han var med i wings saman med kona, linda, og at han har laga eit par ganske store hits med andre store musikarar, som til dømes "veronica" med elvis costello. det er cirka alt. i mange år hadde eg skikkelege problem med paul, likte han ikkje, syntes han var ei blei, og det står eg enno ved, i alt eg har lese om han frå då han var med i beatles, blir han framstilt som ein skikkeleg viktig-per som eigentleg berre vil vere sjef. men det er inga tvil om at paul kunne lage musikk, og det tok det meg mange år å svelge. fikk brekningar av "yesterday". hata "maxwell's silver hammer". syntes "let it be" var ein oppblåst mann sitt verk. eg har roa meg litt. no, som eg har blitt såpass vaksen, synst eg fleire av songane som paul var bakmannen til, er fine songar. fine popsongar. eg skyv personen paul mccartney litt bort og opnar øyra. då kjem det. her er ein av mine favorittar, og dessuten, om eg får seie det sjølv, så er paul mccartney relativt kjekk å sjå til i den videoen. god helg!

torsdag 2. desember 2010

og reven rasker over isen

heimeeksamen er levert, no er det berre å vente på resultat og hive meg rundt og lese fransk politikk- og samfunnshistorie. ikkje veldig fristande, men snart er det jo uansett helg. i kveld begynner helga såvidt med tur på meksikansk restaurant og det blir kjekt. eg har laga speleliste, og den passar til heile døgnet, nestan uansett humør. eg anbefaler ho, rett og slett.her kan du få ho, min første adventspresang til x antall lesarar.

og som takk, kan du jo skrive hei og hallo? då blir eg så glad som ein lerkefugl.

(og no er spelelista der! værsegod!)

onsdag 1. desember 2010

hin hårde dagar



då eg var ung, var eg råkkestjerne. det her er cirka det einaste beviset på akkurat det. elskar det! korfor slutt eg som trommis, eigentleg...?

tirsdag 30. november 2010

"(...) hvis jeg er pessimistisk, da er de voksne her i verden som ikke er pessimistiske, en gjeng med idioter."



oppmuntring til alle andre som sitt og tenker "fy faen eg er den mest udugelege i verda" akkurat NO.

mandag 29. november 2010

"literature, as genette says, 'like any other activity of the mind, is based on conventions of which, with some exceptions, it is not aware.'"

eg har eksamen i strukturalistisk poetikk. det handlar om å finne fram til system som gir meining i ein tekst og korleis det kan ha meining, og ikkje bry seg om kva meininga er. eg har fått ei oppgåve som passar meg ypperleg, i alle fall i dag, eg ventar eit bunnpunkt i morgon, men fram til då er eg nøgd. eg drikk mengdar med grønn te og har heilt sjukt fint sollys inn i leiligheita i dag, og så kjem pappa på besøk seinare og da skal han lage middag til meg og så kan få klage litt på rotet og kanskje hjelpe å henge opp adventsstjerna mi. det blir fint. eg har aldri vore så roleg som det her på ein eksamen, og eg tenker at det skal gå bra, den her gongen skal eg klare det, og det håpar eg verkeleg at det skal. pust ut, pust inn. god mandag, ønsk meg lykke til!

lørdag 27. november 2010

oh i could drink a case of you darling, and i would still be on my feet




då eg våkna i morges, tenkte eg mykje på kor mykje eg saknar å bu i paris og å svinse rundt i gatene i ballerinasko og så tenkte eg litt på kor fint eg synst det er med ballerinasko og så tenkte eg litt på at eg vil at det skal bli vår og at då skal eg gå mykje i ballerinasko. så drog eg ut og møtte mariell, også var vi på fretex unika og der venta disse på meg. eg bruker aldri å finne sko på second-hand-butikkar for alle er 36 eller 37 og eg har litt større føtter enn som så, også prøvde eg desse, og dei passa perfekt!


og dei er frå burberry og dei er kjempefint brukt og antagligvis berre brukt eit par gongar, og det får meg til å tenke at eg vil bruke dei mykje, men ikkje for mykje, slik at dei blir oppbrukte eller øydelagte. eg skal tasse litt rundt med dei i heimen i dag slik at eg kan kjenne meg fin.


den luringen her fikk også vere med heim i dag, så no har eg tv-kanne og kan invitere på besøk kva tid som helst. no har eg fylt ho med palais des thés sin fleurs de geisha, som har kirsebærtre i seg og smakar som ein evig vår og berre skikkelig godt eigentleg. også høyrer eg på joni mitchell og vurderer suppe og ostesmørbrød til middag, sjølv om eg heller vil ha potetgull. eg føler meg betre enn på lenge (fysisk, psykisk og mentalt). håpar de òg har minst like fine laurdagar som eg har! god helg!

torsdag 25. november 2010

der eg bor kommer vinteren før du tror


sånn kan taket få sjå ut når det er fest

vindauge går til bakken og slipp inn det finaste lyset når det er sol

og "utsikt" på svensk er "vy", og det er mykje finare (og himmelen er så sjukt fin i dag)

ved arbeidsplassen har disse luringane fått plass, eg skal lære meg alle før eg flyttar igjen

eg elskar rosa og eg elskar matrosjka-dukker og speil med fugl på


og her er både murakami og knausgård og mykle og eit blad som nokon gløymte, men som snart skal bli levert tilbake

og alle dei stripate genserane minnar meg fortsatt om paris og lange dagar med raud raud vin

og ikkje alle dagar er raud raud vin, nokre er berre te, men det er fint det også, vin kan eg spare til helgene

og badet er så jentete og om du ser godt etter, kan du sjå ei forfatterdame som leier sjøhelikopter når ho skal ha ein stilig entré til festivalar og liknande

og sånn bur eg, pluss minus.

onsdag 24. november 2010

kärlek med tårer i auga



det er ikkje tvil om at håkan er ein av mine absolutte favorittar. den her songen har eg hatt på hjernen heilt sidan eg var på konsert forrige-forrige helg, og den er så sjukt fin, særleg når ein les teksten, og tenker på kor sjukt fint det er å vere forelska og tenke at det er dette som er dét, og det må vere lov, på iskalde dagar i hovedstaden, å gå rundt med eit hjarte som er så nøgd og glad at det nestan lysar igjennom to lag genser, eit lag jakke og eit skjerf.

Livet förändras vart jag än går
och det kommer kanske inte
alltid vara vi två
Bara så länge det finns stjärnor över oss
och bara sålänge våra hjärtan
klarar av att slå

Denna pojken har aldrig riktigt
sett någon i ögonen
och jag förstår om du skulle träffa någon bättre sen
Men månen är död när jag tänker på det
och himmlen är gjord av sten
åh.

lørdag 20. november 2010

sigrid frå 9403 harstad

frå tid til anna, slår det meg kor sjukt typate eg er, eller betre sagt, kor lett eg kan kallast ein stereotyp. forrige fredag møtte eg ein ven av ein ven av ein ven som eg snakka med litt fordi venen min snakka med sin ven som var venen til han eg snakka med, og vi blei sjølvsagt ståande og drive tida med smalltalk. studie og sånt. han spurte kva eg studerte, eg svarte "litteratur og fransk", han dreiv med sosiologi og sa at eg såg ut som ei som studerer litteratur og fransk. så sto eg der då, i pelskåpa og blondekjolen, og tenkte "jaja, han har vel et poeng" og gikk ut for å ta meg ein røyk (det var natt til laurdag, så då er det ok).
seinare denne veka har eg tenkt at det sikkert er sant. det er sikkert slik eg ser ut, slik eg ter meg, slik eg innredar heimen min. eg er ei sånn jente, utan at eg veit heilt korleis ei sånn jente er, bortsett frå at ho garantert elskar amélie og vil vere litt slik. for sånn er eg. eg har nokre franske filmar i samlinga, eg høyrer på david sylvian og les haruki murakami, fyllar kjøleskapet opp med parmesan, løk og jus med fruktkjøtt, og badet mitt er så jentete som det kan bli, med q-tips i ein mummi-kopp med filifjonka på. eg inviterer til fest og pyntar med ballongar i taket og vanessa paradis på spotify. og sånn er eg. ei sånn jente. det som reddar meg, er den sabla gode humoren. eg flirar høgt av meg sjølv og mine eigne vitsar, og det gjer andre også. det er då noko.

god helg!

torsdag 18. november 2010

gje mig nånting att tro på när ljuset är släkt



Åh, alla låtar jag skrivit till såna som inte är värda en låt
Historien är full av låtar till såna som inte borde få en låt
Man måste krossa hjärtan och starta krig
Man måste ha skadat för att hamna i böckerna
Man måste skada för att få en låt, en bok, en tavla



onsdag 17. november 2010

home is where the heart is

eg har flytta. for første gong i livet bur eg heilt for meg sjølv. det er ingen andre som tissar på same do som eg, med mindre det er besøk, og det er ingen andre som lagar mexikansk gryterett. det er eg som koker kaffi, eg som dusjar, eg som rotar, eg som lagar oppvask, eg som må hive søpla uansett, og det føles skikkelig fint. det er pittelitt større enn der eg budde før, og eg har innreda på ein litt anna måte, og vinduet er stort og eg kan sjå rett inn i andre sine rom, akkurat som i paris. det her i det heile tatt akkurat slik eg helst ville hatt det om eg budde i paris, akkurat ei slik leiligheit (men det er faktisk greit at ho er i oslo, altså). eg har rosa roser, inga gardiner og ny madrass i senga som ikkje knirkar lengre. det føles sjukt rett og bra å ha ein plass for meg sjølv. rolig og fint. eg trur eg kjem til å ha det fint her. og eg trur eg kjem til å sove sjukt godt i natt.

tirsdag 16. november 2010

athos, porthos og aramis


"
De tre titelpersoner i romanen hedder Athos, Porthos og Aramis. Athos beskrives som en mand, der elsker vin og er meget følelsesladet. Porthos er den vilde, der i slåskampene altid gerne vil slås med to på én gang. Aramis er den fredsommelige, der tilhører Kirken og det åndelige liv. De tre har det kendte motto: "En for alle og alle for en". D'Artagnan bliver optaget i de tres forbund."

(vi kan krangle om kven som er kven, men eg trur det er ganske innlysande kven som er kven.)

mandag 15. november 2010

frida: "hva er kjærlighet for deg?"


1. å koke eller steike egg ikkje berre til seg sjølv, men til ein til
2. å halde hender når vi går ute
3. å kysse sjølv om eg har tørre tørre lepper
4. å kysse sjølv om han har kaffiånde
5. å linke 80 % av alle håkan hellström sine songar til det som skjer og det eg kjenner
6. å snakke med han før eg sovnar
7. å la han sjå meg heilt utan sminke
8. å utvikle ein eigen sjargong eg berre kan bruke når eg pratar med han
9. å tilpasse meg pittelitt etter kva han vil og likar, men ikkje så mykje at eg mistar meg sjølv
10. å smile til kvarandre og skjønne at den andre tenker "fy fasan korr fin du e"

åh.

søndag 14. november 2010

men detta brev det är skrivet uti oslo/jag går här och jag längtar efter dej

ein av dei finaste songane den her helga er fred åkerström - oslo. den burde du høyre. han ligg i ei ny spelelista eg lagar midt på natta etter å ha valgt å dra heim og ikkje dra ut. ha hjarte som hamrar og kropp som seier nei. god natt!

fredag 12. november 2010

hurra meg rundt!


fredag! cava! ny kjole! fint hår! moa på besøk! jentegjengen frå paris! inga! dansing! fredag! fredag! fredag! og ikkje minst: HÅKAN HELLSTRöM!!!!!!!!! god helg!

ting som virker

noko av det aller verste eg veit, er å skrive oppgåver på universitetet. det er lite som kan få meg til å tvile så mykje på meg sjølv (bortsett frå å gå i møte med skikkelig store og kule guttegjengar mellom 16 og 22) som å sitje på lesesalen og fortvilt prøve å få orda til å henge saman og lage meining. det kan svinge begge vegar. nokon gonger berre funkar alt plutselig og eg har meining og eg får ei openbaring og eg dansar inni meg på veg heim fordi eg er så jævlig flink. andre gonger går det andre vegen. då berre skjærer alt seg over ein kopp solbærtoddy og eg må berre legge hovudet i bordet og presse auga hardt igjen for ikkje å begynne å gråte. akkurat kor dårleg eg taklar å skrive oppgåve, gjer meg svært glad for at det enda er mange år til eg skal skrive masteroppgave.

men, som eg skreiv tidligare denne veka, så finst det ting som virkar. eg kunne lett ha sprunget ned på jentedo og berre latt tårene falle og gitt heilt opp og gjort resten av oppgåva på mandag, dagen det skal leverast inn, men eg gjorde ikkje det. eg tenkte "TA DEG SAMAN" også høyrte eg litt på musikk som kunne virke litt. ikkje fordi han er særleg bra eller særleg kul, men fordi han gjer meg glad og fordi nokon gonger er det det som funkar. det som skal til. også dro eg til silje og spiste taco og popkorn og så tenkte eg at i morgon er det håkan og eg og så dusja eg den dårlege dagen på biblioteket av meg, og blei plutseleg til meg sjølv igjen. fy fasan.

onsdag 10. november 2010

det finns en första plats som inte går att nå, för ingen tror att dom är nåt där jag kommer från

det er mykje ein tar med seg frå ein liten by. historier, minne, bilde, kjensle. det bur omlag 25 000 i byen/kommunen eg kjem ifrå. det går omlag 25 000 studentar på universitetet i oslo. ein av dei verste tinga med å komme frå ein liten stad, er at alle veit kven du er og skal alltid ha noko å seie om deg. det verste med å bu i ein diger stad, er at ingen veit kven du er og at dei ikkje har noko å seie om deg. alle timene på lesesalen, alle timene utan å høyre sin eigen stemme, alle blikka som seier "eg kjenner deg ikkje".
oscar wilde har sagt at "det er bare én ting i verden som er verre enn å bli snakket om, og det er ikke å bli snakket om". han hadde rett. no skal eg berre finne ei løysing på problemet. eg trur eg er inne på noko.

tirsdag 9. november 2010

den aller finaste reklamen i verda





eg elskar alt med denne reklamen. eg elskar settinga, paris, jenta som syklar rundt og er så glad i eit paris bada i sol, over bruar eg sjølv har gått over, det er så lenge sidan no, eg elskar songen, eg elskar at det er sofia coppola som er laga reklamen, eg elskar at du kan sjå alle dei fine bygningane i paris i filmen, at ho spis ei tarte aux framboises, solbrillane, kjolen, ALT. og parfymen òg då, som eg sjølv har og brukar kvar dag no, den gjer meg glad og får meg til å kjenne meg litt fransk og det hjelper litt. eg saknar paris som gal no. det hadde ikkje gjort meg noko å vere ho i filmen, altså. ikkje det grann.

ti ting som irriterer meg grenselaust

(må berre få det ut)

1. at vindauget mitt er litt øydelagt slik at eg ikkje får lukka det heilt og det blir dritkaldt på rommet mitt

2. folk som ikkje tømmer søpla, men berre ventar på at ho skal bli full nok til at nokon andre tar ho ut

3. når folk seier "teppe" når dei meiner "dyne"

4. å bli tom for strøm på mobilen akkurat når ein ikkje skal bli det

5. kassamenn og -damer som ser ut som at dei hatar livet sitt og ikkje greier å presse ut eit lite "hei"

6. å ha skrella ein heil appelsin skikkelig nøye og ordentlig også er han ikkje noko god og saftig og sur, berre tørr og ekkel

7. å måtte trene foran speil

8. når den eg snakkar med har gått tom for ting å seie også blir det til at han eller ho seier "jaja, sånn går nu dagan"

9. uoppdragne og uforskamma ungar

10. når navnet på artisten og plata står feil vei på cd-cover-ryggen når cden skal inn i samlinga så det blir uorden

mandag 8. november 2010

Håkan- Jag vet inte vem jag är men jag vet att jag är din



på fredag skal håkan hellström spele opp til dans på sentrum scene i oslo. og der skal eg vere. og det blir så sjukt fint. og om han speler den her songen, då kjem hjartet mitt til å banke så sjukt hardt og eg kjem til å lage eit lite klynkepip som ei anna knehøne berre av lykke. det er ingen som er som håkan. det er ingen som er så fin som ein glad håkan (jo, ein glad sigrid). eg gledar meg. eg skal til og med kjøpe kjole for anleiinga. blir bra det.

om grå dagar

"dager finnes i alle farger, også grå" syng knutsen & ludvigsen, og tittelen på bloggen min er jo "om grå dagar og lyserosa skyar". eg sjekka nettopp kva det er folk har søkt på for å komme inn hit, og det nyaste er "aprikos grå dagar". treffande. nokre dagar er grå, og ein grå dag kan øydelegge skikkelig, spenne bein på meg og ta bort smilet i fleire timar. "men så, den som venter han skal få" syng knutsen & ludvigsen, og eg veit at dei har rett. sjølv om det finst grå dagar, og det kjem det alltid til å gjere, finst det så mykje som er rosa og lyselilla og pudderfarga i kvardagen, sjølv om det kan vere vanskelig å få tak i det. akkurat no er det lenge sidan ein grå dag banka på. det finst ting som virkar, det finst lyserosa skyar, ein må berre finne det som virkar for ein sjølv og bli flinkare til å klappe seg sjølv på skuldra og seie "godt jobba frøken". litt sol gjer susen. å kysse på morgonen gjer godt i magen. å seie "fy faen, du er flink, det her kjem til å gå bra, det ordnar seg" til seg sjølv - det er det aller beste. da kan ein sjølv spenne bein på dei grå dagane.


(ps. til deg som spurte i søkefeltet: ja, det kan du. hallo!)

søndag 7. november 2010

søndag i sirup

festen i går var fin, så fin at heile den her dagen helst skulle ha vore levd frå senga. men eg har vore oppe og vore modell i nokre timar med auge som rant som nidelven stille og vakker du er. her er eg model of duty. no skal eg sjå på seinfeld og vente på at eg blir sulten nok til å lage kveldsmat. i morgon er det tilbake til livet. det blir fanden meg kanon.

lørdag 6. november 2010

coco på ein laurdag


no skal eg drikke vin og vere fin på heidi sin bursdag med fransk tema. i anleiing den her kvelden, visar eg fram mi speledåse som eg kjøpte i paris, med ein ganske fin og fransk song. eg er coco chanel, over og ut.

(okei, eg er litt teknologisk tilbakeståande, så det blei ein veldig kort og fort film, men hur fin som hälst ändå)

laurdagshjarte

eg har blomstrar i heimen. raude roser. til vanleg kjøper eg alltid rosa blomstrar, synst det er finast, men i går var dei raude dei finaste. dagen i dag er å spise drops i senga, høyre på fin musikk, gå ein tur i sola for å kjøpe fransk vin, å søke opp bilde av coco chanel, å finne fram klær til fotoprosjekt i morgon og fransk fest i kveld, å gratulere heidi med dagen, smaken av varm ingefærhonningogsitron, å lakke neglar og begynne å kjenne meg meir og meir som ei ordentleg jente, og å lure skikkelig lenge på kva eg skal ha til middag. fin laurdag, skulle berre ha vore mindre forkjøla. kan ikkje tenke meg at coco chanel var forkjøla på det her viset. kanskje tyfus, ikkje kols-hoste. ha ein fin laurdag!

november-lista

i november 2010 skal eg:
1. flytte heilt for meg sjølv for første gong
2. vere på trykk i mariell sitt magasin, <3
3. drikke vatn frå ei ei-litersflaske som kjem frå ein annan del av verda
4. gå i nye uggs
5. drikke raudvin
6. dra på fransk bursdagsfest til heidi og seie "bon soir" og "merci beaucoup" og "quel mec!"
7. sende minst 1000 sms
8. sjå håkan live saman med nokre av dei finaste jentene eg veit om
9. hugse å skrive ut billetten til håkan-konserten
10. kjøpe tur til københavn
11. skrive ei komparativ oppgåve i kunsthistorie
12. skrive ei god oppgåve i strukturalismeemnet
13. skype
14. ha raude roser i leiligheita
15. skrive ein tekst om fisking og om bestefar og om ull på utsida og på innsida
16. sakne litt, men tenke at det er betre å ha nokon å sakne enn ikkje å sakne i det heile tatt
17. kjøpe ny sjampo og balsam
18. få besøk av mor mi
19. ete fiskekaker til middag minst ein gong
20. lese ei bok eg ikkje har lest før, eg trur det blir rune christensen, som eg fikk av linn til bursdagen min, eller min kamp 3
21. dra på minst ein fest eller ei tilstelning som eg i utgongspunktet ikkje vil dra på, men som eg ser nytta av å vere på
22. halde kjærleiken i status quo
23. drikke chai-te
24. gå på minst ein spinning-time
25. lese høgt ei bok vi ikkje har lest før til guten som liker så godt å bli lest for
26. unngå å slå meg på knea og unngå å få blåmerke på kneskålene
27. gå fleire turar på kvelden
28. få fingaren ut og sjå virgin suicides
29. vente på desember og jul og ferie

sånn håpar eg november skal bli. kva skal november vere for deg?

fredag 5. november 2010

cirka den finaste songen eg veit


no har han dratt, for berre nokre timar sidan, men allereie no vil eg rope "kom hem!". eg er så glad og så forelska at det svimlar inni magen, inni hjernen, inni beina så mykje at eg kjem til å dagdrøyme november bort. åh.

mandag 1. november 2010

"i INVENTED the 'it's not you, it's me!'"

i dag er det ikkje så mykje eg vil seie, bortsett frå at eg elskar george costanza, og det burde du også gjere. han er ein type i allers. kanskje til og med ein av dei originale typane i allers.

fredag 29. oktober 2010

oppmuntring den her grå grå grå fredagen

"fint at du har
fått med deg
sigrid, ho er
god til skrive"

HJERTE. god helg!

#9 dream





det finst veldig mange ulike typar draumar. det finst draumar ein har om natta, det finst draumar ein har heile livet, det finst dagdraumar, det finst draumar om kjærleiken, om døden, om ikkje å rekke fram i tide. det finst i det heile tatt uendeleg mange ulike draumar, og gudane skal vite at eg har hadd mange. då eg var 11-12, til dømes, var den største dagdraumen at eg skulle, på magisk vis, vinne ein diger og verdsomfattande konkurranse kor premien var å få bu i ein svær villa med basseng saman med the beatles og at dei og eg skulle bli skikkelig gode venar, og john lennon skulle sjølvsagt vere i live. det var nokre år etter at eg drømte om at trine rein og eg skulle bli bestisar fordi eg var så god å synge, ho skulle liksom berre stå på døra mi og seie "hallo, her er eg". i den eine "alt om barnet"-boka mi har eg fylt ut "danser i 'cats'" som potensielt yrke. ja, det har i det heile tatt lenge vore oppe og vedtatt at eg har drømt om ei stor og sterk karriere innanfor showbiz, utan å nokon gong ha vore ei særleg stor sangerinne eller hatt særleg mykje meir peiling på dans enn at eg såvidt kan komme meg gjennom macarena utan altfor store problem. men det var liksom greit det, i og for seg, dei draumane var så urealistiske at eg ikkje var lei meg for at dei ikkje gjekk i oppfylling eingong. verre er det når du blir litt meir vaksen og får draumar som er realistiske, men som du innser at du må jobbe skikkelig hardt for å få til. det var ikkje berre-berre å dra til paris, til dømes, og eg brukte sjukt mykje tid på internett for å få ting til å klaffe. men det er jo ikkje ein hemmelegheit at eg har lyst til å skrive. at eg godt kunne tenke meg å gjere det. skrive ei bok. sjå korleis det fungerte. i går høyrte eg linn ullmann spørre seg sjølv det same eg gjer når eg tenker på den draumen om å skrive. "er det nødvendig at jeg skriver dette? er det nødvendig at denne boken finnes?" spurte linn ullmann. sånn tenker eg òg. kva i guds navn skal verda med ei til bok?

eg skulle ønske det var enklare å vere vaksen og ha draumar og berre ha dei utan å heile tida måtte tvile tvile tvile på seg sjølv og det ein driv med.

om nokon har ein litar med tru på seg sjølv og at det ein driv med har ein verdi, send han hit!



kva drømte du om da du var liten? og kva drømmer du om no?

onsdag 27. oktober 2010

ting som får meg til (nesten) å begynne å grine


å grise på klede eg har tatt på meg for første gong etter å ha vaska dei (dårleg)

vaksne menn og vaksne damer som sitt aleine på kafé midt på dagen og drikk halvliterar (dårleg)

kattungar som nettopp har opna auga og held på å lære seg å gå (fint)

utsikta frå sacre cæur i paris, særleg om det er litt sånn smog i lufta slik at det blir litt tåkata og så kan sola skinne ned på byen, men og om det er skikkelig fint vêr, det er fint da også (og kyrkja frå innsida, ein kan bli religiøs av mindre (eg blei ikkje det då, men det er verdt å nemne)) (bra)

når barn må skiljast frå foreldra sine av ein eller annan grunn, særleg på film eller på tv, då skal det ikkje mykje til før eg tar til tårane, og eg grin alltid når eg drar frå foreldra mine eller dei drar frå meg og eg skal liksom vere vaksen (litt trist)

lost in translation, særleg den siste scena når han kviskrar i øyret hennar og dei kyssar, men også fleire scenar mot slutten, som den der dei ligg på senga og snakkar om livet og om alt kjem til å gå bra til slutt og ho snakkar om at ho ikkje kan noko og at alt berre blir sånn passe bra, fy fasan, då kjem tårane (trist men litt fint òg)

tanken på at det er krig og at eg ikkje kan gjere noko med det (dårleg)

folk som døyr og så er det ingen som veit om det eller bryr seg eller kjem i gravlegginga (skikkelig trist)

at oslo ikkje er paris på hausten (ganske triste greier)

at det finst ein som syns at eg er pen (skikkelig bra)

når det er skikkelig skikkelig skikkelig fin himmel (bra)

å tenke på faren for å bli heilt blakk på ekte (veldig dårleg)

når det er så trangt på metroen i paris at nokon tar meg på rompa (sint og dårleg)

gamle damer som har pynta seg med alpeluer og ørepynt (då blir eg berre rørt)

tanken på at han som seier "vi er venner på level 1000" og elskar at eg les høgt for han, sitt og glisar spent for seg sjølv medan han ventar på at eg skal lage stemmen til dei ulike karakterane, ein dag skal bli borte frå kvardagen min (sjukt trist)
når eg har gjort sånn at ein person ikkje er sint, men skuffa (berre dårleg)

når nokon ser på meg med tårar i auga (smittande)

å tenke på at eg har kjempefine venar og venninner og familie og ein som eg potensielt kan halde i handa (det finaste)

og akkurat no, den her songen, han er så fin, akkurat som ein song skal vere, eg vil synge, eg vil danse, eg vil at den skal vere min, at den skal handle om oss, at eg kan stoppe verda med den her songen (veldig fint)



kva får deg til å ville begynne å grine?

mandag 25. oktober 2010

YES!



den her hausten har vore heilt utruleg, kva musikk angår. det finst nye plater av belle&sebastian, antony & the johnsons, håkan hellström, röyksopp, og berre desse er utrulege nok i seg sjølv. men så kjem smellet: sufjan stevens har heller ikkje kvilt på sine laurbær, for han har også kommet med ny plate! det skal nestan ikkje vere mogleg, men det er det altså. i fjor desember var det kun illinoise eg høyrte på, og sjølv om the age of adz, som nyplata heiter, ikkje er i same gate, men er meir bråkate og fylt med diverse pling-plong-lydar, så er det her førstesporet eit av dei finaste førstespora eg har høyrt på lang, lang tid. eg ser fram til å gå heim frå skulen i kveldsmørket og høyre "futile devices" på repeat, på repeat, på repeat. så sjukt fin. god mandag!

søndag 24. oktober 2010

søndag i oktober.


heile den her byen er fylt av folk. oslo er ikkje eit unntak. heile verda vi har omkring oss er fylt av folk. overalt kor eg går finn eg folk, folk eg kjenner, folk eg ikkje kjenner, folk som kjenner meg, folk som ikkje kjenner meg, vi går på kvarandre, nokon gongar seier vi hei, andre gongar går dei rett forbi meg sjølv om vi kjenner kvarandre også får eg klump i magen og tenker at alle kjenner apa, men apa kjenner ingen.

det finst dagar kor eg ikkje høyrer mi eiga stemme, dagar kor det berre er meg og rommet mitt og ein tv som står på og musikk som kjem ut frå dataen, det finst dagar i desember kor alt eg seier til nokon er "nei takk, ikkje pose" til kassadamer eg ikkje kjenner og aldri kjem til å kjenne, det finst dagar kor eg må tenke meg hardt om for å finne ut om eg har hørt stemma mi og så kjem eg på at nokon har ringt meg for å høyre om vi skal finne på noko, men eg har sagt nei takk, blir heime, heime med alt det stille.

og andre gongar vil eg alt anna enn å vere stille, eg vil snakke med alle venane mine, helst på ein gong, eg vil snakke med dei om kjærleik, om middag, om musikk, om skulen, om å ville bort, om trening, om maraton, om haruki murakami, om kva som er best av sjokolade og vanilje, nokon gongar er eg ustoppeleg, eg kunne ikkje ha slått på "mute"-knappen for det finst ingen. nokre netter kan eg ikkje halde kjeft, og andre netter vil eg berre at du skal ringe så eg kan høyre stemma di, og så vil eg at du skal høyre mi.

på trikken tenker eg på korleis det alltid kan finnast folk overalt. i alle romma, i alle husa, i gatene, på kafeane, det er alltid nokon som er heime hos nokon andre. det finst alltid folk ein stad. heile byen er full av folk, det er alltid ein som skal på fest, ein som skal heim, folk som sitt på do, folk som handlar grønn karri-suppe på sagene torg, alle er på veg ein stad, og om dei ikkje er det, er det fordi dei har kommet fram. byen er eit apparat, menneska er mekanismane som gjer at byen går rundt, at batteriet aldri går ut, det er alltid folk i gatene, når ein er ferdig på jobb, skal ein annan begynne, når ein dør, blir ein annan født.

og sjølv om det overalt finst folk, folk som går opp og ned trapper, ut og inn dører, fram og tilbake i gatene, kan eg av og til kan setje alt på pause og berre vere meg heilt aleine utan nokon andre, sjølv om eg veit at den største grunnen til det, er at eg ventar på han som snart kjem, og da speler det ingen rolle kva som skjer i husa, i romma, på kafeane, i gatene, i byen. og det er heilt fint. eg kan vente, eg.

torsdag 21. oktober 2010

ti ting om sigrid agnethe


hallo hallo,
i dag tenkte eg at eg skulle fortelje ti ting om meg sjølv, berre fordi.


1. favorittfargen min er rosa. det er litt barnslig, men ganske fint òg, dei små jentene på jobben min trur aldri på meg når eg seier det, sidan eg liksom er vaksen, så kan eg ikkje ha rosa som favorittfarge, men det er det altså.

2. to av dei beste og tryggaste venane mine, er hapsefar og mopsemor, eller christian og inga som dei eigentleg heitar. dei er så fine og gode, og heldigvis ville dei vere min ven akkurat då eg ville vere venn med dei, og saman kan vi ete ostepop og drikke kaffe og flire, det er kjekt.

3. her er mor mi. eg har "mamma" og "pappa" tatovert i hjarte, og det er fordi dei er så bra og fordi eg er veldig veldig veldig glad i dei begge to. dette bildet valgte eg fordi eg syntes kjøkkenet var så fint.

4. då eg budde i paris, blei eg ikkje kjent med særlig mange franske, men eg blei kjent med desse norske jentene, og det kunne ikkje ha vore betre. eg saknar å dra i parken og berre la tida fly.


5. paris er den finaste byen eg veit. kan bli sprø av å sakne den utsikta her og berre kjensla av at heile byen er så sjukt vakker, at det er noko rundt kvart hjørne, oslo er ikkje heilt det same.


6. men sjølv om paris er den finaste byen i verda, er akkurat den her plassen den aller finaste eg veit om, uansett. om eg nokon gong skal gifte meg, skal det vere her. må berre overtale han eg er forelska i.


7. eg slår meg alltid på knærne, og dei er alltid blå eller lilla eller brune fordi eg slår meg heile tida. eg skjønner ikkje heilt korleis eg klarer det, men det gjer eg altså.


8. inni den crêpen er det smelta ost og skinke. smelta ost er cirka det beste eg veit, saman med popkorn, pizza og salt torsk.


9. på cirka 80 prosent av alle bilde av meg av nyare dato ser eg ned. litt fordi eg trur er litt cross-eyed, men også fordi eg synes det blir finast då. (det her er det mariell som har tatt.)


10. når eg blir forelska, tar eg bilde som det her og sender det som mms-melding til den heldige utvalgte. det er fint.


og no er det din tur. fortel meg noko om deg sjølv! eg er så nysgjerrig!

onsdag 20. oktober 2010

bloglovin

om du liker bloggen min, kan eg anbefale å:
Follow my blog with bloglovin

om å gå på trynet, og så går det bra etterpå

(bildet er det mariell som har tatt)
her om dagen sa eg til ein ven av meg at eg driv med ein performativ bachelor i skam. det er noko litt knausgård-aktig over det heile. kvar gong eg er på fest, eller har fått i meg litt for mange øl, kjem dei raraste utsegna ut av meg. eg er heilt master of the universe og har så gode idear og gode innspel at eg kunne ha fått nobelpris av mindre, slik eg ser det sjølv når eg er innhylla i bacchus si ånd. det er ikkje måte på, eg skal skrive bøker, eg skal vere forelska heile livet, og eg veit dritmykje om musikk. medan det varer, er eg heilt konge. det finst ikkje den ting som kan knekke meg, eg durar fram, gjerne tilbakelent og med ein sigarett for hånda. så går eg heim og legger meg, og vaknar i fosterstilling dagen etter. SA eg det? til HO? her-re-gud. det er til å få angst av. eg går heilt totalt på trynet av og til, lirar av meg dei raraste ting, sender dei merkelegaste smsane, må gjømme hovudet under puta når eg vaknar og blir minna på alt som skjedde kvelden før. men så går det bra etterpå. eg må minne meg sjølv på at eg er så himla herlig og at ingen flirer så høgt som meg når eg er glad. det tar eit par dagar, og så er alt slik det skal igjen. så går det bra etterpå.

søndag 17. oktober 2010

The Beatles - Yellow Submarine








i kategorien "ting eg nesten har gløymt at eg liker", kan ein finne mykje rart, blant anna french fries, tlc, erlend loe og å gå med lue. ein annan ting som fell innafor denne kategorien, er "songar av the beatles som ringo starr syng". ein gong då eg var 13-14 og kom inn i eit nytt miljø med folk som var eldre og mykje kulare enn meg, var eg på kafé med ein som sa at "yellow submarine" var den einaste songen ringo starr song då han var med i the beatles. det her var i ei tid kor eg ikkje kunne seie noko anna enn det dei som var eldre og kulare enn meg sa, men inni meg visste eg at det var feil, ringo fekk synge ein song på kvar plate slik at det skulle virke som at han og var med i bandet heilt på ekte, ikkje berre trommisen som haldt takta og slo på cymbalar. ringo syng til dømes "honey don't", "i wanna be your man", "don't pass me by" og "what goes on", og det er berre nokre av dei songane der fyren med nesegrevet var vokalist på, i tillegg til den som alle elskar å hate eller hatar å elske, nemleg "yellow submarine". for ein kan liksom ikkje elske å elske "yellow submarine", til det er han er for lite kul, han har blitt sunget for mykje i musikktimane på barneskulen, han liknar ein barnesong. men i dag minnar "yellow submarine" meg på at det er fint med popmusikk som ikkje tar seg sjølv gravalvorleg, som leker med lyttaren, som vil at du skal synge med, og at jo, det er noko med desse songane som berre har vore der heile livet. ein annan gong er det kanskje ein annan fin ringo starr-sungen låt som får litt lys på seg, men i kveld vil eg mest berre minne om at popmusikk er fint og lett og gøy av og til, og at det hadde vore kjekt om livet kunne finne sted i ein ubåt med alle dei ein liker best i verda, eit sted å drikke appelsinbrus og råkke råkkering og sjå på blekksprutar og krangle om kven som skal ligge i den øvarste køya.

lørdag 16. oktober 2010

meir paris

då vi skulle ta fellesbildet foran eiffeltårnet og drikke sprudlevin og det var så sjukt fint lys og vi venta på at anna skulle komme og håpa håpa håpa at ho skulle rekke det
moa og barbra på lunsjpause då vi dro til monet sin hage, eller trädgård som dei seier på svensk
eit klassisk kodak-moment! ved kanalen, oppe i tiende arrondissement, vi satt der og folk berre kom og her hadde anna akkurat kommet og fekk hilse på dylan for første gong (mia forklarer)
hannah og heidi på chez hannah i le marais kor hannah spør om dei har navnerabatt om ein heiter det same som restauranten/falafel-takeout-plassen
ein dag bestemte vi oss for å ta karusell i montmartre. det var det største heidi nokon gong hadde opplevd


barbra og eg foran tour eiffel



no er det haust i oslo, haust og kaldt og ein må pakke seg inn, ikkje som i starten av juni, då vi tok fellesbildet foran eiffeltårnet med jentegjengen. det er ikkje til å stikke under ein stol at eg saknar paris og at eg saknar jentegjengen. humoren, fliringa, spisinga, drikkinga, dansinga, fliringa igjen, girl talk, å slappe av på sofaen, å sjå film, å berre sende sms til kvarandre og henge ut i den finaste byen i verda. det saknar eg, sjølv om eg veit at eg har gode venar her og at det er fint det òg. eg trur det er sunt å sakne litt, og i dag er det altså paris og jentene mine eg saknar. kva saknar de i dag?

torsdag 14. oktober 2010

utsmarta

i dag er dagen då eg på alvor har tatt steget inn i dei vaksne si verd og fått smart-telefon. for å ha ein smart-telefon er det tydeleg at ein må underkaste seg telefonen og innrømme at ein ikkje er like smart som han. telefonen skal liksom vere den smarte av oss to, og eg må ikkje bli lurt av at han er rosa. eg må ta på skjermen for å skrive, han speler musikk eg aldri har høyrt om og han vibrerer når eg tastar inn ting og det er rett og slett ikkje måte på.
neste gong, om det blir ein neste gong for ein av oss (meg eller mobilen), trur eg at eg skal gå for ein nokia 5110, om dei fortsatt produserer han. der var i alle fall eg den smarte. no: underkasting. utsmarta.

(ps, ja, ein får alien-aktig hand av å halde på han!)