søndag 24. oktober 2010

søndag i oktober.


heile den her byen er fylt av folk. oslo er ikkje eit unntak. heile verda vi har omkring oss er fylt av folk. overalt kor eg går finn eg folk, folk eg kjenner, folk eg ikkje kjenner, folk som kjenner meg, folk som ikkje kjenner meg, vi går på kvarandre, nokon gongar seier vi hei, andre gongar går dei rett forbi meg sjølv om vi kjenner kvarandre også får eg klump i magen og tenker at alle kjenner apa, men apa kjenner ingen.

det finst dagar kor eg ikkje høyrer mi eiga stemme, dagar kor det berre er meg og rommet mitt og ein tv som står på og musikk som kjem ut frå dataen, det finst dagar i desember kor alt eg seier til nokon er "nei takk, ikkje pose" til kassadamer eg ikkje kjenner og aldri kjem til å kjenne, det finst dagar kor eg må tenke meg hardt om for å finne ut om eg har hørt stemma mi og så kjem eg på at nokon har ringt meg for å høyre om vi skal finne på noko, men eg har sagt nei takk, blir heime, heime med alt det stille.

og andre gongar vil eg alt anna enn å vere stille, eg vil snakke med alle venane mine, helst på ein gong, eg vil snakke med dei om kjærleik, om middag, om musikk, om skulen, om å ville bort, om trening, om maraton, om haruki murakami, om kva som er best av sjokolade og vanilje, nokon gongar er eg ustoppeleg, eg kunne ikkje ha slått på "mute"-knappen for det finst ingen. nokre netter kan eg ikkje halde kjeft, og andre netter vil eg berre at du skal ringe så eg kan høyre stemma di, og så vil eg at du skal høyre mi.

på trikken tenker eg på korleis det alltid kan finnast folk overalt. i alle romma, i alle husa, i gatene, på kafeane, det er alltid nokon som er heime hos nokon andre. det finst alltid folk ein stad. heile byen er full av folk, det er alltid ein som skal på fest, ein som skal heim, folk som sitt på do, folk som handlar grønn karri-suppe på sagene torg, alle er på veg ein stad, og om dei ikkje er det, er det fordi dei har kommet fram. byen er eit apparat, menneska er mekanismane som gjer at byen går rundt, at batteriet aldri går ut, det er alltid folk i gatene, når ein er ferdig på jobb, skal ein annan begynne, når ein dør, blir ein annan født.

og sjølv om det overalt finst folk, folk som går opp og ned trapper, ut og inn dører, fram og tilbake i gatene, kan eg av og til kan setje alt på pause og berre vere meg heilt aleine utan nokon andre, sjølv om eg veit at den største grunnen til det, er at eg ventar på han som snart kjem, og da speler det ingen rolle kva som skjer i husa, i romma, på kafeane, i gatene, i byen. og det er heilt fint. eg kan vente, eg.

1 kommentar:

  1. <3. eg fekk frysningar først på overarmane også på ryggen.

    mariell
    http://hjartesmil.blogg.no

    SvarSlett