torsdag 30. september 2010

nattahistorie



There was a girl who talked to the geese
she understood them and they her
one day she looked into a crystal stream
and saw in its bed a diamond
she picked it up and placed it in her hair
as she did so she turned into a geese
it was then revealed that the other geese
she magically had understood
were once human like her


den her songen og den historia er så fin og den passar fint som nattahistorie, så om du er på tur til å legge deg, burde du høyre den. god natt. vi sjåast i oktober.

onsdag 29. september 2010

en kärlekshistoria


vi bur i popsongane, vi lever i popsongane. eg går gate opp og gate ned, gjennom skog, på gress, på grus, på asfalt, alltid med ein song saman med meg. heile tida leiter eg etter svar, etter linjer å sitere, historier som passar med dei historiene eg sjølv kjenner. dei tristaste songane, dei gladaste, dei som handlar om ulykkeleg kjærleik, dei som handlar om å ha dei beste venane i verda. i dag er ein slik dag. i dag er det svenske säkert! og linjene
Och det här är vad magen säger om dig
Du gillar mig för mycket det måste vara något fel på dig
Det här är vad hjärnan har sagt om mig
Jag måste vara galen, jag har aldrig känt så mycket
som när jag är med dig

eg berre vil synge og spare linjene og håpe at det her skal vere ei historie som på merkeleg vis skal vere som mi eiga.


(kryssar fingrane kryssar fingrane kryssar fingrane)

tirsdag 28. september 2010

kjærleik på parisisk måte




i gamle dagar, då eg budde i tredjeetasje i ei 35 kvadratmeterstor leiligheit i 3 rue jean de beauvais, 5ème arrondissement, paris, frankrike, var eg vitne til ei av desse kjærleikshistoriene ein berre ser på film. på døra til naboen hang det ein blomsterbukett fylt av roser og med dei lå eit kort der det sto "je t'aime. rappellez-moi :'(" (eg trur kanskje det også sto "je suis un bête", og om det gjorde det, så er det vann på mølla til ei trist-fin historie, men eg hugsar ikkje). oppgangen til leiligheita var fylt av roseblad som leda til døra til naboen. blomstrane hang der i eit par dagar, kanskje kom ho heim og ignorerte dei, kanskje kom ho ikkje heim, og dei begynte å bli tørre, og blomstrane blei bytta ut, nye blad kom, og slik gjekk det gjennom heile veka. eg fulgte med, eg hadde besøk som fulgte med, fulgte med på korleis blomstrane tørka ut og roseblada blei kosta vekk, og vi tenkte ut historier om kva som kunne ha skjedd. ein dag var blomstrane borte, ho hadde nok kommet heim, og eg kunne høyre roping inne frå leiligheita. "det her vil ikkje eg vere med på" tenkte eg og sprang ned trappa, og slik fikk eg vere vitne til litt kjærleik på parisisk måte.

mandag 27. september 2010

utsnitt


Det går ei tid. Tid som kan målast i avstand, i lengsel, i lyst, i glede, i sinne, i tvil, i endelaus lykke, i håplaus fortviling, tid som kan målast i dagar ifrå kvarandre, i timar saman med kvarandre, i kilometer, i millimeter. Og så går det ei tid, timar, dagar, år, og grepa er der ikkje lenger, og vi kan symje så mykje vi vil, mot målet, 25 meter kvar vei, fram og tilbake, heilt til vi vinn symjeknappen i sølv, gull, platina, bevis i edle metall som kan fortelje oss kor flinke vi har vore, kor lenge vi har haldt ut.

søndag 26. september 2010

sunday morning

eg hata alltid søndag då eg var lita. alle butikkar var stengte, dei vaksne ville ha lapskaus og kotelettar til middag, og ingating var artig meire. lørdag var liksom så gøy at han tok piffen av søndag. så blei eg litt meir vaksen sjølv og så elskar eg søndag, at alt går litt i sirup, at ein kan ete lang frokost og ikkje ha dårleg samvit for det, for det er ingating som hastar, og det er heilt greit å gå tur eller sjå på tv eller berre lese avisa. i dag er det søndag og eg og mor mi har vore på besøk på lørenskog og drukket vin midt på dagen og snakka om kor vi kjem ifrå og at eg litt vil flytte og om gamle kjærastar og nye kjærastar og så åt vi kongekrabbe til middag. eg kan ikkje hugse å ha ete skalldyr eller sjømat, og har hatt ein veldig aversjon mot det i alle år, men eg måtte jo prøve og ikkje vere vanskeleg og teit, så eg prøvde. og det er jo noko. så dro mor mi og eg tilbake til oslo og ho dro tilbake til nord-norge og sånn var min søndag.

og her finnest ei speleliste som handlar om søndag, som berre har søndag stempla i panna, hurra, det er søndag!

torsdag 23. september 2010

gipsy lady


eg har laga ein spåkopp. med spåkoppen kan eg spå kven det skal vere og fortelje dei noko om korleis framtida deira ser ut. det står ulike ting, som til dømes "du kjem til å få nokon til å smelte", "du kjem til å vinne på eit flaxlodd" eller "om du skal bekymre deg så mykje kjem du til å få rynker". spåkoppen skal få vere med der eg er, akkurat no er han i sekken sånn at eg kan flekke han opp når eg drikk kaffi med venar, når eg er på jobb, når eg kjem på besøk og ikkje har så mykje meir nytt å fortelje. då skal eg spå. sjå inn i framtida, sjå deg i auga og sei "du kjem til å gjere nokon lykkeleg".

onsdag 22. september 2010

korleis klarer dei det?

heidi og eg satt i kafeen på hf og drakk kaffi i dag og snakka om dei store tinga (les: kjærleiken). vi såg par rundt oss komme saman, gå saman, par som møtte kvarandre i kafeen, jenter som venta på kjærasten, guten som kjøpte kaffi til jenta si, og det slo oss: dei der, dei har klart det. dei har blitt forelska i ein person, og så har den personen blitt forelska tilbake. "det er som kjernefysikk!" sa heidi og eg måtte sei meg samd i det. eg skjønnar ikkje korleis dei klarer det, men eg er glad for alle som har kjæraste og håpar at dei som har det er glade for å ha det, og så skal eg høyre på denne spelelista som handlar om kjærleiken og korleis ein skal finne han og korleis ein ein gong i blant tenker at det hadde vore så bra om ein berre kunne bruke spørreskjema for å sjekke om ein passa ilag. korleis klarer dei det?

tirsdag 21. september 2010

kär



den her songen høyrer eg omatt og omatt og omatt heilt til eg blir lei og eg forelska i songen og forelska, fin kombo.

mandag 20. september 2010

i wish it would rain



the temptations syng at dei skulle ønska det regna, sunshine blue skies please go away, syng dei, og eg er sjukt med på den, men ikkje fordi jenta mi har dratt og eg skal gå ut i byen og gråte og ingen skal sjå det, men fordi eg har nye støvlar som er så fine at eg blir varm i magen når eg ser dei i gangen og eg kan tenke på kor fint det skal bli å ha dei på meg ute i regnet, der som alt er grått, men på beina mine er det berre raudt raudt raudt. og no regnar det og eg skal ut og ha på meg verdas finaste støvlar. kva er vel det mot litt regn?

søndag 19. september 2010

sei hei da

eg ønskar meg at dei som les denne bloggen, no og då, av og til, kvar gong det plutseleg kjem noko nytt, kan legge igjen ein kommentar og seie hei og fortelle ein ting om seg sjølv, kva som helst, da blir eg så glad.

beste helsing sigrid agnethe

fredag 17. september 2010

hei grå dag

eg hatar sånne dagar som i dag der alt berre skal skjære seg og være vanskeleg. sov dårleg og drømte om rare folk som seier "sjå kva vi gjer med folk som er vanskelege" og så gjekk eg opp trappa og der satt ein kropp med avhugga hovud. sto opp og tok ein altfor full buss etter å ha hatt kleskrise først. var hos frisøren, det var kjekt det, bestemte meg for å klippe pannelugg, angra meg på trikken til jobb og tenkte at no ser eg ut som at eg er 15 igjen og har 70-tallsmannehår. ville springe på do og grine på møtet fordi eg syntes eg såg så rar ut, ville rope ut at NO GIDD EG IKKJE MEIR!!! til alle som ville diskutere fram og tilbake og fram igjen. klatra i klatrestativ og fikk brun søle rennande ned armen og tenkte fy faen så ekkelt, det var rett etter at gutten hadde sagt "om du spør meg én gang til så sier jeg at jeg hater deg" og eg lagde surleppe, men vi blei venar igjen. blei spådd med spåkopp, spåkopp med teikningar inni, "du er et hode som er revet i to" sa jenta og eg tenkte faen. og så gjekk eg heim, ein time før tida, utan energi, musklane øverst i låra haldt meg oppe, fekk ikkje møtt ine, fekk ikkje sett knausgård, fekk ikkje høyrt knausgård, fekk ikkje vore med inga og snakka med knausgård på ekte, fekk ikkje dratt på fest. i staden ligg eg heime i senga og ser juno og berre ventar på den scena der ho har føda og bleeker kjem inn og legg seg i senga med ho og så kjem denne songen og då skjer det som alltid skjer, og slusane kan opne seg. og så kan dagen vere ferdig, nok er nok, eg kan legge meg og vite at i morgon kjem ein ny dag, og han må bli betre enn den her grå dagen her.

torsdag 16. september 2010

song for kvelden



francoise hardy er nok ein av mine favorittartistar når det kjem til det franske. særleg når eg forstår kva ho syng om. særleg når eg skjønner kva ho syng om.

onsdag 15. september 2010

midt i september

det er midt i september, eg har blitt 21, for ein bragd, og eg feirar med ei speleliste, og ho kan du få hente her. god haust.
det er haust!

mandag 13. september 2010

emo på ein søndag

eg trur folk som har kjæraste og har hatt det lenge, gløymer korleis det er å sove aleine kvar natt. kor glad ein kan bli for at ein ven skal overnatte berre så det skal vere nokon andre i senga, eit anna hjarte som slår rett ved sidan av deg medan du søv. eg trur dei gløymer dei timane før leggetid, når taklyset er slått av og berre lampa i hjørnet står på og den einaste i rommet er deg sjølv, og det skal ikkje komme nokon inn på rommet frå kjøkkenet eller badet eller stua og snike over skuldra di for å sjå kva for ei nettside du er inne på og kva det er du les om. du må hente vatnet ditt sjølv, du vaknar ikkje med nokon andre si arm rundt deg, du har ingen si irriterande snorking å irritere deg over. desse tinga har eg tenkt mykje på dei siste dagane. eg håpar at dei som har kjæraste kjenner seg heldige og kan tenke litt på dei små tinga som er så store for ein som ikkje har kjæraste.

søndag 12. september 2010

blindern is never dull on a sunday

i dag er eg på blindern, på ein søndag, og skriv oppgåve i kunsthistorie om tre kunstverk som ser ut som pølser, nakne kvinner eller mannlege kjønnsorgan. det går sånn passe, no har eg plutseleg fått ein idé om å koble inn rorschach og då går det plutseleg litt betre. er heilt sikker på at det her gå bra. høyrer på casiokids og spis rosinar og sjokolade med mintkrystallar. og så har eg neglelakk på og det føles så kjekt så kjekt så kjekt.

torsdag 9. september 2010

pay day

i dag har vore å vakne til sms om lønn på konto, seminar om strukturalistisk poetikk, appelsinjus, antibiotikakur, generell slapp kropp og eit hovud som verkar. for å rette opp i litt av det, dro eg ein tur til byen og fikk nokre nye skattar. no kan det bli haust. eg har budd meg (i alle fall LITT).


very stretch og very nice pants

nye sko som får meg til å føle meg som lille my eller ei skøytedame

høge sko som får meg til å føle meg pittelitt kul og høg

koriso som skal mette i magen til ho mor

tirsdag 7. september 2010

sjuk



i dag er eg sjuk med nyrebekkenbetennelse og eg drikk sjokomelk frå mummikopp. eg skulle ut og kjøpe ein ny for å trøste meg sjølv, ein med sniff på, men dei hadde ikkje den med sniff på, så det får vente. eg tar antibiotika og det skal eg gjere i ti dagar slik at eg blir frisk, plutseleg sa det PANG i nyrene mine og eg kunne ikkje stå oppreist, og så måtte eg på legevakta og så ligge i sjukeseng og ete jogurt og salte kjeks. no er eg på bedringa sin vei, og det har kanskje noko med sjokomelka å gjere.

søndag 5. september 2010

if you like it then you should put a ring on it



eg har fått fin ny ring og eg vil aldri ta han av meg (men kanskje kjøpe nokre nye). fin fin fin fin fin.

hos hønse-lovisa



i dag har eg vore hos hønse-lovisa og fått meg ei vaffel og det var SÅ godt. om eg hadde hatt eit gif-program, hadde det her vore ein perfekt gif. haps.