tirsdag 23. august 2016

- la oss gjere det, seier han




og inni meg surrar ein stemme, han seier at det ikkje skjedde noko, det skjedde ingenting, lille ven, det skjedde ingenting.

eg kan sjå opp på postkortet, det er stempla og frankert i eit anna land, langt vekke, ein annan stad, ein annan by, eit anna liv. eg kan tenkje på smila våre, på korleis vi aldri tenkte at nokon kom til å forstå, på kor mykje vi flirte av alle dei andre. dei solbrente, dei som hadde stekt seg sjøl i kokosolje med faktor fire, dei feite folka som spiste potetchips og fikk fettate never og sleika fett og salt frå fingrane sine når posen blei tom, velta seg i si ega håplausheit. dei hadde gitt opp, godtatt, dei hadde bestemt seg for at dei hadde nått eit punkt, eit
POINT OF NO RETURN. 

vi flirte av desse. tenkte at verda aldri skulle slå tilbake. eg kan sjå opp på postkortet og tenke at vi skulle aldri ha flirt, ikkje slik, ikkje så mykje, aldri på den måten som vi gjorde, vi skulle ha flirt av ting som var gode, morsomme, vi skulle ikkje tru betre om oss sjølv.
for vi hadde hemmelegheiter vi òg. ting berre vi visste av, nokre ting var verkeleg grufulle, du kunne fortelje meg ting frå barndomen din som fikk meg til å svette på ryggen og tenke på ville skogar eg berre vil springe fort gjennom og kome til den andre sida, men det kjem aldri ei anna side.
og eg hadde hemmelegheiter, om hus som brann som vi berre såg på, om penger ein stal, om hender som var ein plass dei ikkje skulle vere. desse tinga ville eg ikkje tenke på. eg ville ikkje vri meg, ville ikkje vere oppe lenge og tenke på dei, eg ville...noko anna. 

eg ville finne det gode, det fine, leite etter noko som skulle føles riktig inni meg. kanskje ein stad? ein stad som ville vere som heime. ein liten stad med basilikum i lufta og store, rosa syrinar langs den smale vegen opp til ei lita kyrkje i ei fjellside. ein stad kor havet ikkje lenger skulle vere blått, men grønt, og det skulle ikkje vere torsk i vatnet, det skulle vere små gullfiskar i ulike fargar, og om kveldane skulle barna vere like lenge oppe som dei vaksne.
eller kanskje eg skulle finne eit par sko? eit par sorte sko med eit par centimeter høg hæl, sko med snøring, eller kanskje med ei lita spenne på sida, kanskje av den typen spanske damer danser tango med. det skulle klikke i skoa når eg gikk, klikk-klakk klikk-klakk, og dei skulle få meg til å føle meg vaksen. desse skoa skulle eg nesten aldri bruke, berre til finbruk, og dei skulle stå i ei eiga hylle i gangen og sjå fine og nye ut. eg skulle alltid sjå på dei når eg tok på meg vanlige sko, sko med lange kvite skolissar, og eg ville tenke at eg helst ville ha på meg dei fine spanske tangoskoa, "men det får bli til helga", skulle eg tenke.
leita eg etter noko eller nokon? 
fant eg noko? 
fant eg nokon?

og kven var du egentlig?
korfor flirte vi? 
skjønte vi ikkje at vi aldri hadde det godt, at vi berre fortrengde det og peikte på dei andre, flirte av dei, gløymde oss sjølv ei lita stund. 
det skjedde noko. det veit både du og eg, og det veit mora til ein liten tigerstripa kattunge som ligg dau i eit anna land som eit offer, som eit symbol på at noko vakkert òg må døy. 

- la oss gjere det, seier han.
det går nokre minuttar.


- er det over no, spurte eg
- det går aldri over, sa han og blei borte for alltid. heilt til postkortet kom. det er mykje i verda du kan stoppe, mykje du kan ha kontroll over, du kan seie nei til ein heil del. men du kan ikkje stoppe posten.

(sju år gamal tekst som plutseleg poppa opp på facebook.)

onsdag 30. juli 2014

om å gløyme



det hender ganske ofte at eg gløymer ting. at det berre blir borte nokre sekund, sjølv om eg tenkte på dei lenge, og så kjem det kanskje plutseleg tilbake. kanskje må nokon fortelje meg at eg har gløymt det, eller minne meg på at det er noko eg skal hugse, som regel er det sigbjørn, kanskje i ein litt spiss tone, for det er jo ikkje bra å gløyme for mykje.

det er mykje eg gløymer. kvart år gløymer eg kor vakker sommaren i nord er når sola er oppe heile natta, eller, i alle fall gløymer eg kvart år kor varm det gjer meg på innsida og kor mykje det får meg til å elske byen eg bur i når dei kvite husveggane blir farga rosa i midnattsola.

eg gløymer stort sett alltid at eg har klede å brette, og blir like skuffa og oppgitt og motlaus over meg sjølv når eg er svimetrøtt og skal til å leggje meg og ser at det ligg ein haug klede på toppen av senga som må handterast før eg er nær å kunne få tilgang til senga.

og så gløymde eg plutseleg av bloggen. heilt. ikkje med vilje, ikkje med medvit, men berre fordi det kom så mange andre ting å tenke på. når eg hugsa på han igjen, var det fire månadar sidan eg sist hadde lagt igjen ord og setningar og meininger. det er dårleg gjort. eg burde hugse på bloggen. burde halde den i live, halde språket i live, halde ein eller annan slags fasade som bloggar i live.

men det eg skulle hugse å seie var dette: eg er ferdig uteksaminert frå universitetet, og dei to sensorane gav meg ein A på masteroppgåva. det har kanskje enno ikkje gått opp for meg at dei to åra med arbeid ga ei slik uttelling, mest fordi eg stadig hadde dårleg samvit for at eg ikkje jobba hardare, for at eg ikkje gjorde meir, for at eg ikkje sat dag inn og dag ut og skreiv inni dokumentet. men det gikk altså bra, til slutt. ved sidan av å jobbe med masteroppgåva, hadde eg to deltidsjobbar, ein i butikk og ein som journalist i ei avis.

eg gløymde også å seie at eg har fått jobb i førde, i nrk nynorsk mediesenter, som praktikant, og at eg fram til jul skal bu i trivselsfylket for å lære meg å bli journalist. eg gløymde også å fortelje at eg meldte meg på eit konkurranseløp og sprang ei mil på ei tid som ikkje var så god, men det gjorde ingenting, for eg gjorde det, og det var det viktigaste. eg fekk ein medalje og ein pakke blåbær det hadde kome mugg på som takk for innsatsen. eg tolka ikkje muggen symbolsk.

og så gløymde eg å fortelje at det for tida bur så mange ord, så mykje språk, inni meg, som berre vil ut, som får fingrane mine til å danse over tastaturet som om eg spilte piano, ikkje skreiv på data, og at eg for alt i verda skulle ønske eg hadde tid og krefter til å setje meg ned og skrive nokre sider og sende dei inn til nokon som kunne lese det og kanskje setje pris på det, og eg gløymde å seie at det kanskje mest av alt handlar om å mangle guts.

og til sist: om femtito dagar giftar eg meg. det er vel det eg tenker mest på for tida, så det har eg i det minste ikkje gløymd.

tirsdag 25. mars 2014

kjærleikssongar

1. eg er fjorten år og ikkje særleg hemmeleg forelska. kvar dag går han med det lange håret og eg den same vegen til skulen, eg alltid litt raskare enn han, ved den gamle skulen går eg forbi han og stort sett kvar dag lurer eg på om han ser på rumpa mi når eg går passerer han eller om han synst sekken min heng altfor langt ned på ryggen. han er eitt år eldre enn meg og den kulaste guten på skulen og ein dag vågar eg meg til å sende han ei tekstmelding. vi heng ut eit par gongar, men han synst eg er for barnsleg, ber meg slutte å mase, sender ei lang melding med store bokstavar som får magen min til å knyte seg så hardt og no må eg alltid gå fort fort fort forbi han på veg til skulen, og på øret har eg alltid lyd, alltid den eine songen som skal minne meg om alt han er og vil vere.


2. han syklar kvilelaust i ein by der jenta han tenker på ikkje er, med den same songen på hjernen, den går omatt og omatt, ein song om bilde av den jenta han ikkje er i same by som, han syklar heile kvelden og tenker på den jenta og den songen og når han sovnar syng han songen i søvne.


3. når vi klinar smakar det raud extra og det er alltid i bakken nedfor huset mitt så foreldra mine ikkje skal sjå det, og når vi klinar er det alltid den same songen eg tenker på, alltid den verste balladen til guns'n'roses.


4. "eg trur eg har funne songen vi skal danse til" seier eg høgt til han i stua ein dag eg kjem heim frå universitetet. han spør kva for song det er og eg sett den på over høytalaren. det er ei lystig låt med fengande bassgang og ei mjuk kvinnestemme og den gir meg alltid så lyst til å danse, og no gir den meg så lyst til å danse den første dansen, den første dansen som mann og kone, og eg kan sjå i smilet hans at han tenker det same.


5. klokka halv fem om morgonen får fanden meg vere nok. eg kastar frå meg puta eg har pressa mot øyret og eg står opp frå senga og eg trampar hardt hardt hardt i gulvet så dei nede i stua skal forstå at her oppe ligg eg og prøver faktisk å sove. i stua mi sitt foreldra mine og speler the rose med bette midler på høgt volum, men som sjølvsagt ikkje høyrast høgt ut gjennom rødvinsøyre. i stua sitt foreldra mine og speler plater til kvarandre. eg skjønte det ikkje da, der eg låg der og prøvde å sove, men å spelle plater til den du elskar er noko av det vakraste ein kan gjere her i verda, finne språket gjennom alle desse songane som fekk deg til å smile, alle desse songane som fekk deg til å gråte, alle desse songane som redda livet ditt.

torsdag 20. mars 2014

eit halvt år


om nøyaktig eit halvt år er eg fru! i dag er det nemleg seks månadar til sigbjørn og eg skal seie "ja" til kvarandre og love å leve saman i gode og onde dagar og alt slikt. sjukt sprøtt og fint og stort og magisk å tenke på, at plutseleg er dagen her. om berre eit halvt år! (har eg lov å bli bridezilla no?)

onsdag 19. mars 2014

det her dokumentet




i dag er det 57 dagar til eg skal levere masteroppgåva mi. eg har ein nedtellingsapp på telefonen som hjelper meg å halde kontroll på tida og dagane. om 12 dagar skal eg levere dei to siste kapitla til rettleiaren min og så får vi sjå kva som skjer. akkurat no handlar det mykje om tal: sidetal, ord, dagar, veker, datoar. men det viktigaste er jo sjølvsagt innhaldet, det er jo det det til slutt handlar om.

å skrive ei masteroppgåve er nok det vanskelegaste og mest krevande eg har gjort sålangt i livet, samtidig som det er utruleg givande og inspirerande å få halde på med noko eg sjølv synst er interessant og viktig. det er mykje arbeid å skrive ein master, først og fremst fordi det er eit valdsamt stort stykke jobb: å finne ei problemstilling, å finne teori å jobbe med, å planlegge og gjennomføre eit feltarbeid, å sortere data, å finne bra måtar å bearbeide data på, og så til slutt skrive det ut. og så skal ein også ha ei viss oversikt over arbeid andre har gjort på feltet. det er i sum mykje jobb, og enormt mykje kjensler. nokre dagar føler eg meg som kongen på haugen og tenker at det her kan jo kun gå ein veg, men andre dagar må eg berre gråte og syte over kor håplaust det kan vere, og kor tvila på styrken i mitt eiget arbeid tar heilt overhånd.

men som sagt: det er utruleg givande å ha mulegheita til å gjere akkurat det eg vil, og skrive om eit tema eg sjølv synst er viktig og som det ikkje minst trengst meir kunnskap om. (og HER er forresten eit veldig bra intervju som omhandlar det temaet eg skriv om, om nokon skulle vere interessert!)

sånn! det var litt om å skrive ei masteroppgåve. no skal eg tilbake til dokumentet!

tirsdag 18. mars 2014

luggen


i september 2010 gikk eg svært optimistisk til ein økologisk frisør i oslo og fikk klippa pannelugg. det var så katastrofalt drittdårleg at eg gråt heile helga og hadde ikkje lyst til å gå ut døra i det heile tatt. hugsar at eg sat på kafé med inga og nokre vener av ho og følte meg som verdas bajs. og så lovte eg meg sjølv at eg aldri meir skulle ha pannelugg.

og så er det her med løftar noko eg tydelegvis ikkje klarar så godt, for i dag gikk eg til ein økologisk frisør i tromsø og klippa pannelugg der eg hadde masse masse hår i sideskill. eg sa til frisøren "her treng vi å gjere noko" og ho sa "det er eg heilt einig i!" og så gjorde vi det og så blei det fint og bra. så no kan kva som helst skje!

mandag 17. mars 2014

liebster blog award

da eg logga på den her bloggen i dag, ein litt kjedeleg mandag som det av og til berre er, fant eg ei melding frå gode hanne bak bloggen ekstremt bra utrolig fint om at ho hadde nominert meg til bloggprisen Liebster blog award. og siden eg elskar å svare på spørsmål (og sjølvsagt synst det er hyggeleg å få fine kompliment om bloggen min!), tar eg sjølvsagt utfordringa. så her er mine svar!



da eg akkurat hadde starta denne bloggen og budde i ei lita leilighet i paris

1. Hvorfor startet du blogg og hvordan har bloggingen din endret seg siden du startet?
eg trur hovedgrunnen til at eg starta blogg var at eg hadde så mange ord og setninger i hovudet som eg berre måtte få ut på ein eller annan måte, og så hadde eg vel ei slags tru på at dei var verdt å lese for andre. eg har alltid vore veldig glad i å skrive og har ei veldig trong til å uttrykke meg skriftleg. da eg starta denne bloggen i 2010 budde eg i paris og opplevde mange ting på ein gong som eg måtte setje ord på. heile det første året denne bloggen levde, handla det mykje om kjærleik og om lengsel og om å føle seg veldig aleine. slik eg hugsar det var det veldig mykje såre kjensle og stemninger i starten. etterkvart har nok akkurat det roa seg litt, men eg synst framleis det er veldig godt å skrive når ting buttar litt.

samtidig finst det jo mange andre ting å skrive om, og særleg det siste året har nok feminisme vore ein av tingene eg har likt best å skrive om her inne. det viktigaste er kanskje for meg at det er ein personleg blogg, og at eg har dette rommet til å skildre kjensle eg trur andre kan kjenne seg igjen i og føle heilt inn i magen. om eg klarar det, er jo aldri sikkert, men det er fint om eg får til det.


2. Hva er det beste rådet du har fått fra en venn/et familiemedlem?
eg er ganske dårleg på å hugse råd eg har fått, men eit eg kom på sånn i farta, var at eg ein gong spurte frode grytten om korleis ein kan vite om noko er rett, om ein har valt rett eller om ein gjer det rette. og da svarte han at det veit ein aldri, og det er det som gjer det så spennande. det er kanskje ikkje eit råd, men det er i alle fall ein slags trøst for ei litt engsteleg sjel som meg.


3. Hvordan er bloggverdenen om 10 år?
nei, sei det. enten så tar det vel heilt av eller så stangnerer det. eg er ikkje særleg god på å spå slike ting, men eg har vanskeleg å sjå for meg at det kan bli enno meir sjølvutleverande enn kva det er no. samtidig er det jo det eg elskar med blogg: å kome litt inn i nokon annan si verd og vere der ei lita stund.

 
ting å bli glad av: raude sko


4. Hva pleier å få deg i godt humør?

å danse på tull, men med innleving, til ulike kitschy songar. å ordne meg før fest. gode nyheiter. lange mailar. the beatles. sigbjørn når han ler av vitsane mine. når eg verkeleg får til å skrive godt på masteroppgåva. lakris. raude sko.


5. Hva blir du som regel i dårlig humør av?
å bruke skikkeleg lang tid på å lage mat og så blir det dårlig. ein gong brukte eg så sjukt lang tid på å lage ein perfekt pizza og da den var ferdig i ovnen, hadde den stekt seg fast i steikeplata. når det går dårlig og det er kombinert med lågt blodsukker, da seier det totalt klikk oppi hjernen min, og så blir eg som regel i så dårleg humør at eg må gå på do og gråte. heilt krise.


havet i juni


6. Fortell meg om en skjult skatt.
kanskje ein dårleg skjult skatt, men i alle fall ein skatt som ikkje er så tilgjengeleg for alle, men som eg verkeleg vil anbefale til absolutt alle, særleg dei som har litt for mykje osloluft i lungane sine: å dra på havet (helst i nord-norge) ein sein kveld i juni. det er nok ikkje noko i verda som er vakrare enn det. nesten så eg får tårar i auga berre av å tenke på lyden havet lagar, måseskrik, farta i båten, midnattsola, himmelen som berre aldri tar slutt, saltvatn i håret, og at ein aldri treng å snakke så mykje når ein er på havet, berre dele alt det vakre utan ord.


7. Hvilken er din favorittfilm? Favorittsang? Og favorittbok?
det er jo så himlades vanskeleg å velgje. til dømes er jo the smiths favorittbandet mitt og håkan hellström favorittartisten min, men eg klarar liksom ikkje velgje blant songane deira, for eg liker jo alle. om eg skal velgje ein favorittsong, må det kanskje bli "where do you go to my lovely?". den er så sær og rar og mjuk og skjønn og heilt unik.

men det er jo heilt umuleg å velgje, ikkje sant? eg trur ikkje det går an å ha ein favoritt, for det finst så mange ulike kategoriar. dei filmane eg liker best har eg til forskjellig bruk. eg klarar ikkje å velgje, men eg trur det står mellom Lost in Translation og American Beauty. bøker er jo også heilt umuleg å velgje blant, men eg har dei siste åra tenkt at Agnar Mykle er min favorittforfatter, og så liker eg Knausgård veldig godt, i tillegg til Frode Grytten. eg klarer nok ikkje velgje.


8. Hvordan vil dine venner beskrive deg? Tror du det er annerledes enn slik bloggleserne dine vil beskrive deg?
eg veit ikkje heilt korleis blogglesarane mine ville ha skildra meg, eigentleg. men venane mine ville kanskje sagt at eg er morsom, full av kjensler, lettrørt, at eg kan virke lett arrogant (sjølv om det for det meste berre er sjenanse) og litt sær. sjølv om det ikkje er så mange som les denne bloggen, så trur eg at dei som les den tenker at eg er full av kjensler og at eg er opptatt av det eg synst er viktig. men det kan sikkert nokon andre svare betre på enn eg!

det her blir eg sjukt inspirert av: glade, sterke chicksos! (foto: heidi furre)

9. Hva/hvem blir du inspirert av?
eg blei veldig inspirert av å lese "og været skiftet og det ble sommer og så videre" av pedro carmona alvarez. eg trur eg generelt blir inspirert av å lese godt språk og fine setninger. og så blir eg inspirert av sånne jenter som seier "berre gjer det!" når eg sjølv ikkje heilt tør.


10. Har du en kampsak? I så fall, hva?
kvardagsfeminisme, heilt enkelt.


og til slutt vil eg nominere ein av mine fine venninner, som bur på andre sida av landet og som eg ikkje ser ofte nok, nemleg finaste maren!