onsdag 16. oktober 2013

george costanza




det er mange grunnar til at george costanza er min helt. han seier alt han tenker høgt, uansett kor usympatisk det er, han er velformulert og rett og slett ein ganske kronisk type. på mange vis føler eg eit visst band mellom george costanza og meg. eg bruker jo også briller. eg er jo også glad i mat. eg er jo også ein litt kronisk type. akkurat kor kronisk, kjem først til syne i bileta over. george viser pengeboka si til jerry og seier "i need everything in here!". det same seier eg i bildet under. i need everything in here. gjer ingenting at pengeboka ser ut som ein tjukk liten babysel eller at eg treng ei eiga veske kun for pengeboka. no stress.

tirsdag 15. oktober 2013

"det blir vinter en god stund framover"



det er 15. oktober og eg vakna til lyden av barn i gata som fryda seg over å sjå den første snøen
det er 15. oktober og den første snøen har falt i tromsø
det er 15. oktober og eg har allereie gått med ull innerst i to veker
det er 15. oktober og favorittvinterskoa mine tålar ikkje slaps
det er 15. oktober og eg spis rødbeteburgarar til lunsj på lesehuset
det er 15. oktober og vi har to-kaffe med kanelknutar eg bakte i går og hadde med meg
det er 15. oktober og dokumentet som skal vere ferdig fredag manglar berre dei vanskelege sidene
det er 15. oktober og eg orkar ikkje høyre folk snakke om "helvetesuka"
det er 15. oktober og eg brukar pengane mine på brenne-cdar og cd-mappe med plass til 64 cdar
det er 15. oktober og eg har frossenpizza til middag etter ein himla lang dusj
det er 15. oktober og det er på dagen sju månadar til eg skal levere inn mastergraden
det er 15. oktober og det er eit heilt år til det er 15. oktober igjen, kanskje snør det da også, kanskje ikkje

fredag 11. oktober 2013

flink pike (24)



av og til kjem ein til kort. du skriv opp fristar og datoar opp på eit ark, inn i ei bok, på ein rosa post-it-lapp, inn i kalendaren på mobiltelefonen, "dette må du få gjort!" skriv du, og for kvar dag som går og ting ikkje blir gjort, blir klumpen i magen større. du ser at det finst tekstar du ikkje har lese, det manglar kryss i margen, du kjem på at det sikkert finst tekstar du ikkje veit om kor det står akkurat det du treng. og framfor deg finst tomme word-dokument, inni deg finst tekst som burde komme ut og ta til å leve gjennom fingertuppane dine, og du veit at det ein dag skal komme ut. og sjølv om klumpen i magen veks og sjølv om du ikkje alltid veit kva du skal svare når folk spør kva du skal bli når du er ferdig å studere, så må du hugse på at det er lov. det er lov å ikkje alltid få til. det er lov å ikkje alltid ha tid til alt. det er ikkje godt å føle seg utilstrekkeleg, men det er lov. du er ikkje den einaste som har det sånn.


så lenge eg kan hugse har eg vore flink pike. flink jente. alltid hatt dårleg samvit for at det ikkje går bra nok, sjølv når det går bra. å senke skuldrane og slappe av og ikkje uroe seg, er vanskeleg, og det gir meg stort sett kun tankar om at eg burde gjere meir. skrive meir, lese meir, meine meir, få meir ut, pushe meg sjølv meir, seie ja oftare enn å seie nei. det er oktober, og eg synst tida går altfor fort. plutseleg er det mai, og oppgåva mi skal vere ferdig og leverast inn og lesast og sensurerast, og om eg ikkje skriv kvar dag, tenker eg i alle fall på den kvar dag. og av og til må eg seie til meg sjølv at det er lov. det er lov å ikkje vere på topp alltid, kvar dag. eg kan ikkje alltid prestere.

av og til må eg berre ta på meg røde sko og blå kjole og tenke at det er greit, det også. at det er lov å puste litt også.

fredag 4. oktober 2013

fredagspepp


god helg frå iggy og meg.

torsdag 3. oktober 2013

ei heilt vanleg liste frå ein heilt vanleg dag

no er jo dagen snart over, men her kjem ei oppdatering om ein heilt heilt heilt vanleg dag.
dagens frisyre: eg hadde nyvaska hår med krøller rett ned heile dagen, heilt til eg kom heim for ein time sidan. da var det på 'an med ein av mine favorittfrisyrer, som eg har kalla "heime frå jobb". det er det nye namnet på grorudpalmen.
dagens sminke: den same som eg har kvar einaste dag: litt rouge, litt augeskygge, flytande eyeliner (trur eg har fått ein ny favoritt, den er så lett og gir godt resultat kvar gong, NØGD!), kvit kajal og mykje mykje maskara. kan aldri bli nok maskara.  
dagens antrekk: ein marineblå kjole med kvite prikkar og stor sløyfe i halsen. ny kvardagsfavoritt. marineblå kardigan frå noa noa og brune skinnsko kjøpt i london. 
dagens hending: å ha bestemt meg for å sende inn ein tekst og sjå korleis det går.
dagens planar: i dag hadde eg berre planar om å gå på jobb og så å dra på personalmøte. og det blei jo gjort. ein heilt vanleg dag.
dagens musikk: "hamster on a piano" og den nye singelen til jonathan johansson.
dagens vil ha: litt betre tid til å gjere det som skal gjerast, og samvit til å gå på fest i helga.
dagens savn: eg trur ikkje eigentleg eg saknar nokon eller noko, bortsett frå at eg akkurat no saknar å ha ein liten mocca lakris under leppa.
dagens mat: hentepizzaen vi spiste på personalmøtet, ein avokado frå peru og ein bringebærjogurt (kanskje den beste jogurtsmaken).
dagens kärlek: i natt drøymde eg at eg forlova meg med han eine i ylvis, men eg er litt usikker på om det tel? om ikkje, vil eg seie at dagens kärlek er fenomenet tjukkstrømpebukse.
dagens humør: glad, men eigentleg innmari stressa med alt eg eigentleg har å gjere som eg ikkje har fått gjort.
dagens kjøp: nei, det må vel vere den der himlades avokadoen frå peru, da?!
dagens telefonsamtale: vi har fått nytt kassaapparat på jobb, og på grunn av den, måtte eg snakke med installatøren som sikkert trudde eg var blond frå skjelettet og ut. ordna seg til slutt, da.

liste lånt frå maren