tirsdag 31. mai 2011

livet mai/juni 2011

sånn her er livet akkurat no. trøtt heile dagen, trøtt heile kvelden, må lese, må ha eksamen, må pakke, må flytte, alt er berre MÅ og da går alt i surr, så løysninga er å legge meg horisontalt og prøve å skru verda av littegrann. kjem sterkare tilbake når batteriet er lada opp.

søndag 29. mai 2011

ønskereprise del 2

(den her la eg ut i oktober i fjor, og sidan det har kome ein del nye til siden da, så legg eg han ut på nytt, og litt fordi eg synst det er ein fin tekst sjølv)

alone in oslo

(medan du les denne teksten, må du høyre denne songen og eigentleg lese han høgt for deg sjølv, start når gitaren kjem inn, ta litt pausar, høyre etter til musikken, og helst må du sjå for deg at det regnar ute og at det har gjort det heile dagen. sånn, no kan du lese.)


det har regna i heile dag, heilt sidan eg gjekk ut døra tidleg, regna slik det regnar i oslo, i paris, i harstad, i tokyo, i heile dag har det regna og nokre stedar i landet er det meldt flom. eg har haldt meg inne, utanfor har det regna, ikkje hardt, men mykje, kaldt, men lett, i heile dag har det regna og eg har haldt meg inne, og inne kunne eg høyre regnet slå mot rutene, slå mot taket, slå mot kroppane som har pakka seg inn og tatt sjansen på å gå ut. det har regna i heile dag.

og eg skulle gå ut av døra, ut i byen, til eit sted som ikkje er heime for meg, setje meg der i fleire timer, skrive, høyre regnet slå, få timene til å gå, ikkje sjå nokon i auga, det viktigaste av alt, ikkje lat som at eg er til, lat som at eg ikkje er her. eg ser ingen i auga, eg ser ned, eg ser bort, eg kan kjenne auge i nakken, auge på beina mine, auge som vil møte mine, men eg vil ikkje, latar som at eg ikkje er her. eg går opp trappa, eg går ned trappa, eg held meg fast i kragebeinet, eg klip meg i den tynne huda langs det beinet eg liker så godt, knekker knoklane og ønskar meg vekk.

og om natta snakkar vi på telefon og eg seier at eg gledar meg til å sjå deg og du seier det same, eg seier at eg vil kaste armene rundt deg, rundt halsen din, rundt livet ditt, rundt hjartet ditt, eller kanskje eg berre tenker det. du har den finaste stemmen eg veit, og ute regnar det, og i ein annan by i landet regnar det ikkje, og eg tenkar at no er det snart natt og når eg vaknar, er det ein dag mindre til eg får sjå deg igjen.

hjartet bankar,
hjartet bankar,
hjartet bankar,

eg tar trikken til sentrum, går igjen ut i byen, ut i lyset som gjer meg til ei heilt anna jente, til ein av mengden, til kven som helst, eg er ikkje lenger student foran maskinen, eg er ikkje lenger eit stort spørsmålsteikn, eg er kven som helst, eg kan ha kome frå kor som helst. byen har allereie blitt grå og mørk og det som lysar opp er lysa på høgspentledningene som ledar trikken frå nord til søraust, lysa og forsøka på skyskrapare heilt nederst i midten av kjernen der dei sorte fåra i samfunnet bor og minst hundre menneske skal komme seg inn på same trikk og alle har paraplyar og dei er heilt like, som japanarar.

- eg vil ikkje sove aleine i natt, seier eg
- ikkje eg heller, seier du
- eg vil berre strekke ut arma og kjenne at du ligg der, ta på deg, ta på huda di, høyre at du pustar,
og du seier at snart skjer det.

i dagane som kjem skal eg gå ut i byen og kjenne meg som kven som helst, som ein av tusen, som ein av mengden, men så blir det plutseleg den dagen då du kjem, og då er eg ikkje kven som helst. då er eg den eine.

det har regna i heile dag, men no er det natt.

tirsdag 24. mai 2011

ei anbefaling


ein av mine absolutte favorittforfattarar har tatt for seg eit av mine absolutte favoritt-band og gjort om tekstane frå ei ikonisk skive til norsk. det handlar om frode grytten, the smiths, "the queen is dead" og odda-mål. første gong eg opplevde forestillinga med frode grytten og gitarist mads berven var i august i fjor, og så i mai i år, så det er ikkje akkurat det ferskaste av det ferske, men eg synst det fortener å bli nemnt og kanskje nokon andre kan få auga opp for det her. dei dreier seg om ti tekstar, alle songtekstane frå "the queen is dead", som har blitt oversatt - svært fritt - frå morrissey sitt språk til grytten sitt odda-mål. desse finst som boksingel ein kan kjøpe, gitt ut på flamme forlag. for alle som er glade i the smiths, er det her gammelt nytt, og sikkert for den som kjenner til frode grytten òg, men eg synst den er så bra og så fin og så flott omgjort at eg synst alle skal vite om at den finst. eit bra prosjekt frå ein bra mann!

(og her finst den)

søndag 22. mai 2011

eit ekte hjartesmil



om du ikkje må smile/le av den her, så har du ikkje hjarte. punktum finale.
(sjølv om eg ikkje er særleg samd i det som blir sagt, så er det ein av dei finaste videoane eg har sett på lenge.)

lisztomania

ine og maren hadde lagt ut så fine lister, og eg har ikkje betre å gjere (jo, eg har eigentleg det), så da blir eg copycat!


Matvaner:
Beste matrett? eg er litt splitta her, men eg har tre favorittar: 1. salt torsk med beiken. 2. ordentlig god taco, med heimelaga alt. 3. italiensk pizza med parmesan, parmaskinke og sjampingjång.
Beste drikke? vatn og blodappelsinjus.
Beste dessert? panna cotta, heimelaga med pasjonsfrukt eller bringebær på. ho-la-la.
Verste drikke eller matrett? eg liker ikkje sushi, og heller et heller ikkje sjømat eller skalldyr, utanom fisk.
Beste alkoholholdig leskedrikk? ingenting er som ein skikkeleg god mojito, men til kvardags: singha-øl og raudvin.
Har du smør på brødskiva? ja! smør er godt og bra.
Smågodt eller ferdige poser? smågodt.
Beste suppe? alle supper som er så sterke at eg nesten må grine når eg et de
i.
Favorittis? isen dei selg på amorino i paris, helst pasjonsfrukt-sorbet og jogurt-is. også synst eg bananis er sjukt godt.



Shoppingvaner:
Hvor mye handler du for hver måned? veit ikkje? men eg bruker veldig mykje penger på mat, da.
Har du flere sko enn klær? nei.
Favorittplagg? bukser med høgt liv og stripate genser.
Favorittfarge på klær? nesten alle. men helst mørke bukser.
Favorittfrisyre: eg klarar ikkje å ha frisyre, men eg synst det er fint å setje opp håret.
Beste mønster: striper, eller klede som har mønster med skyar og himmel (har enno ikkje fått tak i eit slikt plagg, men om det finst, skal eg ha)
Beste tilbehør: smilet
Undertøy? mi favoritt-truse har synkronsvømmar-mønster. nok sagt.



Arbeid, utdannelse:
Jobber eller studerer du? ja! begge!
Hva vil du bli? det veit eg ikkje, men det eg veit, er at eg vil jobbe saman med andre og at det skal vere vinlotteri på fredagane, og at vi kan spise lunsj saman.
Trives du med jobben/utdannelsen din? jobben er fin, utdanninga er litt så som så, så eg byttar studie til hausten.
Er lønnen det viktigste? nei, da hadde eg nok ikkje utdanna meg til å bli litteraturvitar og jobba som vikar på ein skule.


Blanda drops:
Har du barn? nei.
Er utroskap greit? for meg: nei. men eg kan forstå det.
Elsker du noen? det seier eg ikkje på bloggen!
Betyr familien din mye for deg? ja.
Hvor drar du helst på ferie? om eg fikk velge akkurat no: hellas. eg treng varme og tzatziki.
Beste klima? kald vinter og varm sommar.
Hjemmefest eller ut på byen? heimefest med zorba the greek!

lørdag 21. mai 2011

in the cold cold night

sommaren eg var 13, var eg forelska i jack white, den eine halvdelen i the white stripes. eg høyrte på musikken, eg kledde meg i raudt og kvitt, eg sat på biblioteket i byen og las q og høyrte på musikk, las alt eg kunne lese om jack white. om natta drøymte eg at jack white og eg var ute og fløy med dragar, og eg var heilt sikker på om at jack white kom til å bli stupforelska i meg om han berre fikk møte meg, når eg blei vaksen såklart, ikkje som trettenåring, ikkje heilt lolita-style, men eg tenkte at han og eg måtte vere eit perfekt par.

slik blei det ikkje. eg har aldri møtt jack white, og medan eg sjølv berre har blitt meir og meir med årane, har han blitt ei skugge av seg sjølv, krittkvit og anemisk. jack white har gifta seg med ein modell, eg har blitt saman med ein same, året yngre enn jack white, men sjølv om historia om jack og meg aldri blei en kärlekshistoria, finst musikken enno, og sjølv om dei no har lagt opp og eg mest sannsynlegvis aldri får sjå dei live på ein scene, er det få band i verda som roper til meg at no er det vår, få på deg skoa og stikk ut, som the white stripes, og det synst eg alle andre bør tenke på akkurat no.

torsdag 19. mai 2011

den einaste verkelege kampen er mot deg sjølv

du har lese i eit av desse kvinneblada du har liggande, at jenter er for strenge mot seg sjølv. du les at du aldri ville ha sagt til di beste venninne at ho er stygg, at ho er feit, at ho er ekkel, at ho treng å ta seriøse grep og skjerpe seg, at no må ho faen meg gi seg og sjå å få tak i livet og gjere noko nytt med seg sjølv. dette er ting du aldri ville ha sagt til di beste venninne, men det er ting du seier til deg sjølv kvar dag. dette skriv kvinnebladet.

du står framfor speilet og analyserer deg sjølv, heile kroppen din blir eit kart, lik karta dei viser i vêrmeldinga, karta som skal vise pollenfaren, grønne flekkar, gule flekkar, raude flekkar, kroppen din blir eit slikt kart, grønne flekkar for "bra nok", gule flekkar for "ikkje bra nok", raude flekkar for "heilt på jordet f-e-i-l". du tenker ut måtar å gjere ting betre på, prøver å sjå for deg korleis dei gule flekkane kan bli grønne, korleis dei raude flekkane i det minste kan bli litt mindre raude.

ein venninne har fortalt deg om søstra til venninna si som slutta å spise og begynte å snuse og så blei ho plutseleg tynn, og du høyrer historier om jenter som spis cottege cheese og eit eple og det er alt, og du skjønner ikkje korleis dei får det til, korleis dei kan tvinge ein slik viljestyrke på seg sjølv, korleis dei klarer å legge slike rammer på seg sjølv.

du har begynt å lure på kva som er verst av å ikkje vere nøgd med deg sjølv og å tenke at andre ikkje kan vere nøgd med deg slik du er no, om det verste er å skuffe seg sjølv eller andre, eller kanskje handlar det ikkje om å skuffe, kanskje handlar det berre om å ikkje oppnå mål, om å ikkje setje ein standard, om å ikkje vere spesiell, men berre heilt vanleg, du tenker om at du hadde vore ho søstra til venninna til venninna di, så hadde du i det minste vore kjent som ho som blei tynn fordi du slutta å spise og begynte å snuse og slik kunne du vise deg fram, som eit døme på at det går an, you can do it, you've got nothing to lose but inches.

og du ser på gamle bilde av deg sjølv, prøver å leite etter dagen det snudde, prøver å leite etter dagen det verkeleg begynte å bety noko for deg korleis du ser ut, du har alltid vore sunn, du har alltid sett sunn ut, du har alltid gått, venane dine trur du har adhd for du går heile tida, du er som ein trekkoppbil, og du leiter desperat etter måtar å få desse raude flekkane til å ikkje rope "HER ER EG SJÅ MEG SER DU MEG ER DET IKKJE MEG DU TENKER PÅ HEILE DAGEN MENS DU GÅR RUNDT ER DET IKKJE DET ER DET IKKJE MEG DU TENKER PÅ HØYR MEG SJÅ MEG LEV DEG INN I MEG FORTAP DEG I MEG" lenger.

du er din eigen verste fiende. den einaste kampen er mot deg sjølv. det er kun deg sjølv du konkurrerer mot. det er ingen andre som bryr seg om kor fort du kan springe ein kilometer. alt er inni hodet ditt. alle konkurransar, alle tider, alle mål, alt er inni deg, det er her konkurransen er.

eg har skapt deg og du er mitt monster og det her skal vi klare saman.

søndag 15. mai 2011

nångång ska det väl vara min tur å komma härifrån


ein dag skal eg slutte å lengte, slutte å sakne, slutte å vente. ein dag er kommunikasjon meir enn meldingar sendt over eit nettverk frå sør til nord og tilbake til sør, ein dag er stemmen der på ekte og ikkje på telefon, ein dag er han framfor meg, ikkje på ein skjerm, men i verkelegheita, og ein dag skal det bli sånn, ikkje berre for nokre dagar eller nokre veker, men for ei lang, lang tid. ein dag kan eg slutte å gråte fordi han ikkje er her, slutte å fylle opp senga mi med andre ting for å få ho til å virke mindre tom, mindre einsam, ein dag kan eg begynne å lage middag til to, reie opp ei seng til to, vaske bort tannkremflekkar på speilet som begge har laga. snart kan alt det tomme bli erstatta med noko ekte, noko levande, ein som pustar ved sidan av meg, og pauseknappen kan bli slått av og plutseleg er eg mindre aleine. å vere einsam kan vere lammande når du veit at de kan vere to.

onsdag 11. mai 2011

da da dam da da dam da da da da da dam



prognosane slo feil, europa skal ikkje synge "haba haba" denne veka i mai, vi skal ikkje vente på stella mwangi, men på andre land med andre songar. eg veit at mange elskar å hate grand prix, eller eurovision song contest, men sjølv er eg stor fan, elskar det, elskar alt ved det, på ein nestan ikkje-ironisk måte, sjølv om det må til av og til det også. i år synst eg det er mykje dårleg, som det ofte er, men den her songen skil seg ut, og eg håpar at den skal vinne, både hjarte og europa. om ikkje, så har eg i alle fall fått ein ny favoritt som kanskje til og med kan rive seg ut frå esc og inn i den verkelege verda. stem på finland på laurdag, sjølv om songen er fri for paljettar, glitter og glamour. stem på da da dam, og redd verda.

ti ting eg eldri kjem til å forstå

1. at dei har rattet på feil side av bilen i england/storbritannia

2. at i usa kan dei vise kva som helst på tv, slåssing, folk som er jævlige med kvarandre, det verste du får ut av folk og av tv-show, men om du seier "fuck" så skal det sensurerast

3. korleis dei lagar filmar med dyr i hovudrollene

4. ting som handlar om økonomi som går utanfor det eg kan sjå på nettbanken

5. korleis ein startar ein powerpoint (og kanskje til og med korleis ein lagar ein powerpoint)

6. at det går ann å tru at å få eit skilt på eit anna språk enn norsk er den totale undergang for norge og det norske

7. gatene i trondhjem

8. korfor vatn smaker papir når det har stått ei stund

9. at salet av pannekaker på gata ikkje har tatt av i norge

10. at eg har berre 26 dagar igjen og så har eg ein bachelorgrad (sjukt)