mandag 31. desember 2012

exit 2012

det skjer ting når du blir vaksen. du gleder deg til jul, men ikkje som før, ikkje til pakkane, ikkje til å vakne opp og sjå kva som ligg i strømpen, ikkje til å lese julehefta. jo eldre eg blir, jo meir gleder eg meg til andre ting. til ei tid uten å tenke på eksamen og pensum og det som må lesast. til å ha på meg pysjamas fram til middag, og ikkje ha ein einaste plan. til å puste med munnen, ikkje med magen. 

og så tenker eg på lyset. på lyset her nord kor det ikkje er sol, den ligg fortsatt under horisonten og vil ikkje komme heilt fram, men vi veit at ein stad der er ho og ho kjem tilbake og vi må berre vente. ein dag er skyane rosa, ein dag er himmelen blodraud, og snart blir det mørkt og da tar folk fram lysa dei har inne i husa og set dei ut. faklar, lysboksar, stearinlys, levande lys blir sat ut på gardsplassar, i oppkjøringar, på verandaer, som for å seie "her er vi. det bur folk i husa. vi gjer oss ikkje.". 

det er årets siste dag, folk går i fakkeltog, dei lyser opp, som eit levande tog, seier "her er vi, vi held oss fast, 2013, kom og ta oss!". godt nytt år!

onsdag 19. desember 2012

ein favoritt.



mitt favorittband etter the beatles og the smiths, er heilt klart belle&sebastian. belle&sebastian har nokre kvalitetar ved seg som dei to første ikkje har, den aller største er sjølvsagt at dei er notidige, at eg kan følgje med når dei gjer ut ei heilt ny plate og at eg frå tid til anna kan sjå dei live, noko er førebels ikkje har gjort fordi eg er ein måke frå helsike som ikkje fikk ut fingeren den gongen eg kunne ha sett dei i oslo, men var for opptatt med å kline og vere forelska. sånn kan det gå, ungar, om de vel kjærleiken framfor musikken!

men altså, belle&sebastian er altså ein av dei store favorittane. dei er liksom mitt band. eg vil liksom se ut som ei jente som elskar belle&sebastian, den o store indie-klisjeen, med uregjerleg hår og skjørt og bluser med krage og ein eller annan 60-talsroman i veska og gå rundt i verdas nordlegaste storby og høyre stemmane synge "read about us in the morning paper/when we make it/when we make it alive". og dei orda klamrar eg meg fast til, særleg no etter eksamen, etter prosjektnotatet, etter at masteroppgåva begynner å faktisk finnes i verda, etter at prosjektet mitt får tommel opp frå dei som står bak, og når eg tenker på prosjektet, tenker eg at det passar inn i den klisjeen med å høyre på belle&sebastian og ikkje gå i bukse og å spise pålegg rett frå pakninga og alltid sovne med kalde bein og å legge spor etter meg kor enn eg går (hårnåler), men det er ok, for det er den finaste klisjeen eg veit om.

mandag 3. desember 2012

Tango Cortez


for halvanna månad sidan fortalte mamma meg at tango hadde blitt sjuk. ho ville ikkje spise eller halde på maten og var berre pjusk og ikkje seg sjølv. eg tenkte at tango berre måtte bli frisk og at det er vanleg å bli frisk når ein får medisin og at slik måtte det berre bli.

men slik blei det ikkje. forrige veke fikk eg melding frå mamma om at tango snart måtte avlivast. og da var det noko i meg som blei knust. tango blei født heime i stua vår i vinterferien i 2003 og hadde tre andre søsken. vi skulle eigentleg gje bort tango også da søskna blei gitt bort, men bror min nekta å gi slipp på ho, så da måtte vi berre ha ho. og det har vore så sjukt fint. tango hadde lang fin pels i fleire forskjellige fargar, mjaua alltid tilbake når eg mjaua til ho og ville alltid ligge oppå magen til den som låg på sofaen. ho likte å vere ute, men kom alltid springande når nokon av oss skulle inn, ho likte å sleike skåla når eg hadde spist opp isen min og ho likte ikkje å bli tatt på magen. eigentleg blei vi aldri sikker på om tango var gutt eller jente, men eg har alltid tenkt at det var ei jente. ho var tjukk og god og vakker.

i dag kom meldinga om at tango har gått ut av tida. heime i stua fikk ho sprøyta og mamma sendte meg det siste mms-bildet av ho og etter det måtte eg gråte så kleda til sigbjørn fikk våte merker på seg. eg skal aldri meir ha tango liggande oppå brystet mitt, høyre lyden av ei litt tung katt som går ned trappa, ikkje vakne av lyden av tango som skrapar på verandadøra for å komme inn, ikkje løfte ho opp og borre fjeset mitt inn i pelsen hennes. og ikkje fikk eg seie hadet heller.


eg er sikker på at ho har det betre der ho er no. men herregud så trist det er å miste ein ven.

onsdag 14. november 2012

listeonsdag (i.e.: eg burde skrive oppgåve)


kva dag er det i dag?
i dag er det onsdag og det lavar ned utanfor lesesalsvindauget, enno det var meldt mildvêr heile veka. kanskje får eg tid til å gå på ski i ettermiddag!

om du var ein emoji, kva for ein skulle du vera da?
eit lilla hjarte.

kva skal du gjera i kveld?
i kveld skal eg gå på kino, som eg så sjeldan gjer, saman med sigbjørn og runar. runar ville helst sjå "reisen til julestjernen", men eg ville sjå "the perks of being a wallflower" og da sa han at eg har så sær filmsmak, men det er ikkje heilt sant.

sei to bra uttrykk:
fy fasan! (med akkurat nok trøkk.)
spør du mæ, så spør æ dæ! (det absolutt artigaste uttrykket eg veit i absolutt heile verda. flirer berre eg tenker på det.)

kva blir du glad for å høyra at du er?
flink til å skrive, flink til å ordlegge meg, flink med ungar


vis eit bilde du ikkje hugsar at vart tatt:

fest i leiligheta til barbra og meg i paris. var ganske måse den kvelden.

kven saknar du?
inga, som eg så gjerne skulle ha budd i same by som så eg kunne ha dratt på besøk og spist ostepop i sofaen hennar. tango, katta mi heime, som kunne ha kost med meg når eg er redd for at alt skal gå gaiken. mariell, som er god å snakke med, inspirerande og som flirar høgt av ting eg seier


eit bilde på noko som er veldig bra å ha:

kattungar i ei bøtte: ja, takk!



kva er du flink til?
å skrive (endeleg tør eg tru det sjølv), å få andre til å flire av den korny måten eg er på,  å vere kjæraste


kva vil du ha?

god eksamenskarakter, ny sjampo, juleferie

kva syns du er morsomt?
kvardagshumor, som håret til sigbjørn når han vaknar, å danse jødisk dans når eg lagar middag, fjeset til folk når dei nesten tryner på isen


kva er du dårlig på?
å senke skuldrane og forventingane til meg sjølv, å snakke i telefon, å halde kontakt med gamle venar, å ete fem om dagen


kva skal du baka denne veka?
eg har plutseleg fått bakedilla, og så langt har eg bakt scones og tortillas denne veka, og vidare har eg planar om å bake brød for første gong sidan heimkunnskapen i sjetteklasse, og kanskje ei lita kake, vi får sjå, men i alle fall eit brød

korleis ser du ut når du nettopp har vakna?
jævlig? klarar ikkje å fokusere med auga og eg synst mest eg ser ut som ein gut med langt hår

kven er du forelska i akkurat no?
han her!

kva var det første du stjal?
hugsar ikkje? har ikkje vore særleg til tyv. får vondt i magen av å tenke på tjuveri.


eit bilde når du drikk alkohol:
eit herleg bilde frå den gong eg enno ikkje hadde lov til å drikke alkohol og brukte ... bukseseler...

kva har du tenkt på å gjera lenge men ikkje gjort?
dratt i museumsbutikken til tromsø museum og handla julegaver. neste helg!


kva gruar du deg til?
muntleg eksamen i vitskapsteorifaget eg skriv oppgåve i no


kva skjer i helga?
jobb, brødbaking, kyssing, skrive ferdig eksamensoppgåve, og ellers ha beina på bordet og hovudet i fanget til typen
 

liste lånt frå mariell.

mandag 12. november 2012

doctors should prescribe this song as an anti-depressant, it makes me feel wonderfu



på mandagar du vaknar av lyden av regn som fell tungt mot gata utanfor soveromsvindauget ditt,
på mandagar du berre har tid til å spise ein banan til frokost fordi du sov ein halvtime ekstra,
på mandagar med sludd så tett at du ikkje kan sjå fjellet på andre sida av sundet, 

på mandagar du er litt tung inni deg fordi familien din har dratt heim igjen,
på mandagar du er så jævla happy fordi du har fått innmari god tilbakemelding frå fagansvarleg,
på desse mandagane er det berre ein ting å gjere: setje på "i wanna dance with somebody" så høgt du berre vågar, på bussen, på lesesalen, i stua, på soverommet, mens du går ute i regn, i sol, i sludd, la whitney synge heilt frå åttitalet og til i dag, la ho gje deg smilet ditt.

torsdag 1. november 2012

tankar eg tenkte for nokre dagar sidan.



foto: mariell.

når eg er dau, kjem eg til å angre så sjukt mykje på at eg brukte så mykje tid på å bekymre meg over om kva andre tenkte om meg. om dei såg på magen min som bulte litt ut under skjørtet. om dei forsto at eg slutta å gå med bukser fordi dei stramma for mykje og understrekte dei digre hoftane. 

eg kjem til å angre på at eg brukte så mykje tid på å vere sint på meg sjølv for å nærme meg storleik 40. på at eg låg på sofaen i ein liten ball og ikkje ville gå ut for at da ville alle sjå meg og tenke at ho der, ho må vere ein spøk.
eg kjem til å angre på at eg var så hard mot meg sjølv, og så mjuk på innsida at eg tok i mot alt det harde.
og ein dag kjem eg kanskje til å skjønne at den lille magen eg har ikkje er det som skal få definere om eg skal vere lykkeleg eller ikkje.
satsar på at det blir i år.

mandag 29. oktober 2012

"få frisk luft. ver ute ein time om dagen. et fisk."



det er to-tre veker til mørketida tar til for fullt her på 70 grader nord, men vi er allereie godt i gong, og det har vore snø ei veke. eg er sånn som fell heilt igjennom med ein gong mørketida kjem og må sove tre timar på ettermiddagen fordi eg ikkje maktar å kave meg rundt i konstant mørke, 

men no! no har vi fått dagslyslampe på lesesalen, så no skal eg overleve. i tillegg har eg fått tips om å vere ute ein time om dagen, som eg i alle fall skal prøve på etter beste evne. neste veke kjem skia mine til tromsø, og da blir det liv i leiren.

og så har eg laga den her spelelista som eg tenker skal passe perfekt til å gå til universitetet om morgonen eller gå heim på ettermiddagen og ha på i bakgrunnen når eg inviterer klassen heim på hobbykveld. mjuke fine tonar (mellom anna roy orbison, som eg ikkje fekk lov til å høyre på heime der eg vaks opp, for da fekk pappa spunk), det er det ein treng. det og mykje frisk luft og fisk.

søndag 21. oktober 2012

det artigaste på internett



kanskje noko av det artigaste av alt eg veit, er dans. sånn teit dansing som får meg til å le. elskar folk som dansar får å få andre til å le. (det er forøvrig verdt å nemne at moderne dans er noko av det kjedelegaste eg veit fordi eg ikkje skjønner det i det heile tatt. artig dans derimot, berre gøy.) den her musikkvidoen er i så måte noko av det beste eg kan tenke meg. dessutan er jo sangen nesten litt bra. ein skatt frå det store internettet.

lørdag 20. oktober 2012

om masteren




dei som følger meg på instagram, har nok fått med seg bilde på bilde frå lesesalsplassen min på universitetet, der eg prøver å tilbringe nok tid, men som eg konstant har dårleg samvit for at eg ikkje gjer. burde vere der meir. om nokre lurer på kva eg studerer, så tar eg ein master i samfunnsplanlegging og kulturvitskap, som er eit tverrfagleg studium kor ein kan velje ganske så fritt kva ein vil helde på med og skrive om. vi har allereie starta på arbeidet med å finne ei problemstilling til det som skal bli masteroppgåva, allereie no i første semester, og til jul skal eg levere ei teorioppgåve som også skal kunne brukast som teorikapittelet i den store oppgåva (om ein gjer det "rett") i tillegg til ein 15 sider lang presentasjon av masteroppgåva. det er ganske scary og ganske vanskeleg, men også veldig spennande å få velje sjølv og lese om ting eg liker. så det går stort sett i kjønnsstudier, som illustrert på det nederste bildet. no har eg brukt ettermiddagen på toril moi, så no skal eg ta helg i nokre timer, før det er på 'an igjen i morgon. god helg!

fredag 12. oktober 2012

instagram-favorittar

favorittantrekk ein fredag i oktober


utsikt frå rorbua vi låg på da eg var på feltkurs i lofoten


les meg heftig opp på kjønnsforskning på lesesalsplassen

glittersokkar på ein vanleg mandag

s for sigrid, symaskin, singer, søndag

tango sit og stirrar ut i verda

haustvêr, haustgate, haustsko, haustjakke, haustfargar

ein oppeten frühstück i berlin

bursdagsjente i berlin-speil

brandenburger tor i haustsola

kom til berlin i tredve gradar i starten av september, rett på isen

hjartet i berlin


(eg heiter forresten sigridagnethe på instagram og tar bilde med ipoden min, så kvaliteten er mildt sagt så som så)

torsdag 11. oktober 2012

ting å tenke på grå dagar

1. lyden av leppene som røyrar på seg hos nokon som såvidt syng med på ein song i bilen

2. å spise lakrisen rundt heksehylet rundt før ein spis fyllet

3. kjensla av å bli pjuska opp og ned underarmen

4. kor godt det er å ta ein tyggis i munnen når ein har masse ekkelt plakk på tennene

5. at det finst fine ting i raudt: støvlar, regnjakke, kofta mi

6. dei fire sesongane av desperate housewives eg ikkje har sett

7. den scena i seinfeld med george sin telefonsvarar

8. lofoten

9. havet når det regnar

10. kjensla av å sykle i medvind på sommaren

11. lukta av huden på handbaken når den har vore i sola

12. "beatles" av lars saabye christensen

13. smykket mitt med ein fugl på ei grein

14. å kjenne hestehalen hoppe opp og ned når eg spring på tredemølla

15. at det finst eit rom i ein annan by som er mitt, kor fortida mi ligg lagra, med morrissey-plakatar og håndlaga teikningar

16. filmen "fucking åmål"

17. gitarlyden på introen til "how soon is now?"

18. lårkorte skjørt med vidde

19. at når eg blir gift, må eg ha nye komagebånd

20. john lennon og yoko ono og deira veke i senga

21. å gå forbi vindu og kjenne lukta av stekt sei med lauk

22. dansinga til sigbjørn og meg mens vi lagar middag

23. at det, når alt kjem til alt, ikkje er midjemålet som avgjer kor bra du skal ha det med deg sjølv

24. at eg, trass alt, gjer mitt beste

25. at eg er saman med ein mann som synst eg er perfekt akkurat slik eg er

mandag 1. oktober 2012

oldefargardinkjolehaust


det er mandag, men fordi eg ikkje er særleg hipp og med på trendane, har ikkje min mandag vore kjøttfri. det burde den kanskje ha vore, men eg trøstar meg med at det er seks dagar til i denne veka, håpet er ikkje ute! det eg HAR gjort, som er miljøvenleg som berre rakkar'n, er å sy denne kjolen av gardinar frå 60-talet som ein gong hang i huset til min oldefar. lenge sidan eg har sett eit mønster som ropar HAUST! så mykje som denne. hurra for gjenbruk!

onsdag 26. september 2012

och fast du gjort allt som man ska, du är artig, du är glad, och du har tränat bort din dumma dialekt



det fantes ei tid kor dagane mine føltes som denne songen. dagane mine på blindern bestod av å klare seg gjennom dagen på ein best muleg måte, sende sms til folk eg kjente som kanskje også sat ein stad og kjeda seg med ein artikkel slik som eg sjølv, og hadde eg seminar, kjente eg få eller ingen av dei andre i klassen og sat på ein stol lengst ved vindauget og speida draumande ut på røykarane som i det minste hadde mulegheita til å gå ut og ta seg ein røyk og stå der og sjå ut som ein hadde noko å gjere, bry seg om sigaretten sin. det seier seg sjølv at du ikkje har det særleg kingkong når du nesten vurderer å ta til å røyke berre for å ha noko å gjere i pausane. det er grensar for kor lang tid det kan ta å fylle vatnflaska si eller kor lenge ein kan sitje på do og vente på at pausen skal vere ferdig. det fantes ei tid kor ingen ville vite kor eg hadde kjøpt blusa mi, kan ein seie.

men no er det ei heilt anna historie. eg kjem på lesesalsplassen min tidleg om morgonen, seier hei til dei andre som er der, enten eg kjenner dei eller ikkje. eg smiler til dei som sit ved borda når eg kokar vatn til morgonteen. dei andre i klassen seier hei! på ein blid måte og meiner det når vi møtes i korridoren eller i timen. vi spis lunsj saman på pauserommet og blir sitjande i ein time etter at vi har spist middag i kantina. vi vil gjere sosiale ting på fritida og blir venar på facebook. eg tar ikkje for hardt i når eg seier at noko av det aller vakraste for meg er fellesskapet og det å føle at ein er velkomen og høyrer til i det. no finst det nokon som vil vite kor eg har kjøpt blusa mi og det er, for å seie det på godt norsk, megasweet. eg er så glad!

søndag 23. september 2012

hei!


det er stille i dette rommet for tida. eg har vore opptatt med introduksjonen til masterstudiet, opptatt med å lese og tenke ut kva eg vil skrive om, i tillegg til å ha vore i berlin. og så har eg blitt 23! mange ting på ein gong. men no skal eg vekke denne staden til liv, eg lovar. kors på halsen.

fredag 31. august 2012

hår - ei privatsak?


chicksorinos over det ganske land, eg vil berre vidareformidle nyhenda frå db.no! i filmen "take this waltz" dusjar nokre av damene i filmen saman og der kan ein sjå at dei har - WAiT FOR IT!!! - hår der nede. og ikkje berre litt, dei har FULL BUSH!!! og skal ein tolke teikna rett, kjem dette til å bli TRENDEN NO FRAMOVER!!! eit letta sukk går over landet, jenter stuar bort barberhøvelen og tenker ikkje lengre på hår, for db.no kunne jo tidlegare i veka melde at det også byrjar å bli trendy med HÅR UNDER ARMANE!!!

kva skal ein eigentleg seie til slikt? skal ein seie noko som helst eller skal ein berre halde kjeft? hår andre stedar enn på hovudet er eit sensitivt tema. normen er stort sett at jenter og kvinner ikkje skal ha det. sjølv om "kvinne" stort sett har vore kopla til "natur", gjer kvinner det dei kan for å kultivere seg, mellom anna gjennom å kontrollere hårvekst på meir eller mindre uønska sted. ein kjem ikkje med hår under armane på fest eller i garderoben på treningsstudioet, det er like flaut som å komme utan truse. og hår der nede er det same som å seie at ein er hardbarka ottar-feminist, for det skal ein jo i aaaalle fall ikkje vere. kroppshår er sett på som uhygienisk, som noko utemma, noko ein for ein kvar pris skal halde i sjakk. dei siste hår-sakane frå db.no er i så måte gladnyheter for oss alle!

altså. det er verkeleg imponerande og raust av dagbladet å ta på seg rolla som folkeopplysar og ansvarleg for å gje oss gladnyhenda av denne typen. kva skulle eg gjort utan? gått rundt og barbert meg som ein annan tulling og ikkje vore trendy? skrekken.

stryk det siste. eg er, som vanleg, pisse lei av å bli tatt av kjensla av å bli diktert korleis kroppen min skal sjå ut. når det er underlivet mitt, det mest intime og private eg har, som skal formast og omformast, kjenner eg at dei eg synst aller mest synd på, er dei som er unge i dag og ikkje er klar for å avgjering sjølv korleis dei vil ha det og trur at det dei les er det som er det som skal forme dei. hår eller ikkje hår er ei privatsak, det er ikkje mote, kropp er noko eiget og privat, ikkje eit offentleg anliggande. barber deg eller la vere, men ikkje fordi nokon seier at du må. og kanskje er det db.no som burde barbere bort dei helvetes idiotiske sakane. takk for meg.

torsdag 23. august 2012

masteren, måsa og meg.


i går blei eg masterstudent. masterdraumen har liksom vore der heilt sidan januar, da eg plutseleg kom til å tenke på at kanskje kunne eg søke på master til hausten istadenfor å fortsetje på bachelor nummer to. frå eg søkte og til eg kom inn, har eg heile tida vore nervøs for ikkje å kome inn, og da eg fekk brevet om at eg hadde fått plass, kunne eg endeleg slappe av og vere glad og stolt. og no byrjar det! på ekte! eg har hatt min siste første skuledag. eg har fått min eigen lesesalsplass med god plass til bøker, oppmuntrande postkort og eit skikkeleg krus. eg er glad og letta og stressa på ein gong, men mest av alt er eg sjukt spent på kva som ventar meg dei neste to åra. allereie på mandag tar arbeidet med å finne eit interessant tema til, og eg er litt redd, men også veldig glad for å endeleg få spele på lag med dei store ungane. og heldigvis har eg både ein måse med løfta hovud og ein kjærast som heiar på meg, og det er verdt si vekt i gull. heia, heia! det her blir BRA!

mandag 20. august 2012

Jonathan Johansson - Stockholm



og det her er lyden av dagar som tar slutt klokka tolv,
av ei sol som går ned klokka ti og legger byen mørk og det er enno for tidleg på året til at gatelysa er slått på, det er ingen automatikk i det, eller kanskje er det det, ein datofesta automatikk, for det er heilt mørkt ute no, ingen har slått på gatelysa.
det er lyden av å vakne opp midt på natta og lure på korfor du ikkje har merka at han du søv ved sidan av kom og la seg.
det er lyden av å drikke ei heil flaske vin på to timar og så springe heim for å kaste opp, lyden av ei knute i magen som gruar seg til å begynne på skulen for siste gong, lyden av å vere redd for at ingenting skal ordne seg og av å ha tatt vatn over hovudet, bitt over meir enn du kan tygge.
lyden av å elske hausten, av å gå ute når det har blitt mørkt, av å springe ned bakkar for å rekke jobb, springe bort vegen for å rekke bussen, springe inn i armane på kjærasten din for å rekke å gi han eit kyss før han går på jobb,

den lyden.

tirsdag 14. august 2012

man måste bära en rymd på axlarna / man måste härma dom som vaknar och vet vad dom vill ha



(soundtrack: haust-lista)

for ni år sidan var eg i hellas da alle dei andre begynte på ungdomsskulen. eg kom heim ei veke etter at alle dei andre hadde begynt, brun, med langt mørkt hår, brillar og ny sekk eg hadde kjøpt i hellas. eg hadde ny bukse eg hadde lengta etter heile sommaren, frå bikbok, blå med klorbleika lår og utan lommar på rumpa, det var it-buksa, og eg hadde sjeldan eller aldri it-klede, men no skulle eg begynne på ungdomsskulen og da kunne eg endeleg få lov til å få eit litt dyrare plagg enn vanleg. eit plagg alle dei andre også likte, sjølv om alle dei andre jentene fikk lov til å bruke stringtruse så dei skulle sleppe å få trusemerke i den lommelause bukserumpa. det tok ein dag på ungdomsskulen for å skjønne at eg ville ha stringtruser eg óg,
det tok ein dag som åttandeklassing å skjønne at eg ville vere som alle dei andre,
og det tok omlag to dagar for å skjønne at eg ikkje kunne bli som dei,
alle handballjentene,
alle beibsa,
alle som drakk i helgene,
og eg gjekk i speidaren og hadde briller og fikk ikkje bruke stringtruser og hadde så mørk hud at nokre gutar i klassen kalte meg "kvit nigger" etter ei uke med å lære å kjenne kvarandre.

eg veit at eg ikkje er aleine om å ha vore aleine på ungdomsskulen, at eg ikkje har vore den einaste som har forbanna meg sjølv for å ikkje sjå ut som dei andre, ville som dei andre, klare å vere som dei andre, eg forsøkte.
og eg veit at no er det masse ungdommar rundt i landet som også skal begynne på ungdomsskulen, og det kjem til å gå fint, tru meg, det går fint sjølv om du kanskje må gjennom tre år med å ville gro vingar så du kan fly ut av klasserommet, det går fint sjølv om du er den einaste som liker læraren, sjølv om læraren er den einaste som liker deg, sjølv om det kjem til å komme tider der du har gjort ferdig franskprøven din eit kvarter før den skal leverast inn og bruker det siste kvarteret på å skrive desperate "SJÅ MEG!"-meldingar til læraren, sjølv om du kjem til å ville vise fingeren til alle som ikkje skjønner korfor du tenker som du gjer, korfor du høyrer på musikken du gjer, korfor du kler deg som du gjer,
det kostar å vere seg sjølv og ikkje følgje straumen.

(men det gjekk jo bra til slutt. det gjer det alltid.)

søndag 12. august 2012

søndagsliste


 kva hending i ditt liv har styrka deg mest som person?å flytte heimefrå da eg var 18, frå harstad til oslo, og å for første gong kjenne på det å vere heilt aleine. å komme heim til hybelen min og ikkje kunne rope "HALLO!", for ingen kom til å svare. mor mi og far min kjørte meg til oslo med flyttelasset og da dei skulle kjøre heim igjen gråt eg så mykje og så hardt, og ville helst at eg skulle sitte på med dei tilbake. og i byrjinga var det vanskelig og vondt og eg følte meg så pittelita og all maten eg lagde hadde eg sweet chili sauce til. men det gikk bra til slutt, altså.
 
kva har vore ditt livs største eventyr så langt?
foreløpig har det vore to store: det halvåret eg bodde i paris, og heile den store forelskelsen som har vart i to år no.

kva eigenskap likar du minst hos deg sjølv?
at eg er veldig engstelig og at når ting blir vanskelig eller for stort, vil eg helst berre gjemme meg på do til det går over.

når føler du deg sexy?
når eg er på skitur og tar ein appelsinpause i solveggen og sitt der i superundertøyet. og når eg har på meg fint undertøy.

kva får deg oftast til å gråta?
å krangle med kjærasten, kjensla av ikkje å klare å forklare kva som gjer vondt, autistar (av glede).

kva ler du av?
teikneserien "rocky", uttrykka "Stopp pressen!" og "spør du mæ, så spør æ dæ!", kjærasten når han etterliknar meg, dansescena i (500 days of summer), babyar som flørter med meg på jobb.



trur du på noko?
kjærleiken.

når er du redd på ordentlig?
når folk er for fulle for sitt eiget beste, når eg les kommentarfelt på db.no, når eg tenker på at det finst menneske der ute som meiner at jenter fortener å bli voldtatt.

kva låt skulle vera soundtrack til ditt liv?
denne. og denne. og denne.

om du fikk eta og drikka berre fem greier resten av ditt liv, kva skulle du velga da?
torsk i ulike variasjonar, knekkebrød med kvitost, pasta carbonara, vatn, chardonnay.

om du fekk ein overnaturlig kraft eller kunnskap, kva skulle du velga?
å kunne fly.

om du var ein matrett, ein farge og eit klesplagg, kva skulle du vera da?
da ville eg ha vore salt torsk med beiken, gulrot og potet, marineblå og ein angoragenser.

om du skulle vera forelesar, kva skulle du forelesa i?
eg har ganske lyst til å bli forelesar ein gong i verda, og da skulle eg ha forelest om identitet, trur eg. om korleis vi har eit botnlaust behov for å vise kven vi er og kor vi høyrer til og korfor og korleis vi gjer det.

om du fekk velga heilt fritt, kva skulle vera utsikten fra leiligheten din?
havet.

om du var kjendis på turné, kva skulle du ønska å ha backstage?
raudvin, m&m's, tapas, ein dusj, høgtalare som lot meg høyre på nancy & lee.

om du fekk eta middag med kven du ville i heile verda, kven skulle du velga da?
ringo starr og paul mccartney. saman!

om du fekk gå tilbake i tid, til når skulle du reisa?
det står mellom å kunne dra tilbake til manchester, 1985 og sjå the smiths spele live, eller det gladeting skreiv:
"Til når jeg gikk på ungdomsskolen, til en dag jeg hadde det veldig vondt og vanskelig og prikket meg selv på skulderen og sagt at det blir så mye, mye bedre snart."

komponer ein salat med sju ingrediensar:
kylling, beiken, romanisalat, fetaost, avokado, raudlauk, tomat.

nemn sju greier som utgjer ein fantastisk sommardag:
å sove ut, tid til å spise egg til frokost, 20 grader, levegg, fruktsorbet, å bli brun, å ha kjærasten ved sidan av.

kva er dine sju favorittplagg?
den marineblå kjolen frå uniqlo i paris, sorte strømpebukser, fjällräven-parkasen, femilet sin mary-bh, penalskjørt, kvit skjorte, ullgensarane frå benetton.

om du fekk sju tusen å bruka i ein og samme butikk, kva butikk skulle du bruka dei i?
flaut, men: apple-store. lystar etter ein iphone.

om eg seier sju, kva tenkjer du på da?
at sju er ein del av lykketalet mitt, som er 17.
 

kva gjer du helst på dagar du er sju-k?
søv så mykje som muleg, ser ti episodar av friends, kler meg i ullundertøy, drikk sitroningefæroghonning-vatn, lengtar til det går over.


(liste lånt frå mariell)