onsdag 26. september 2012

och fast du gjort allt som man ska, du är artig, du är glad, och du har tränat bort din dumma dialekt



det fantes ei tid kor dagane mine føltes som denne songen. dagane mine på blindern bestod av å klare seg gjennom dagen på ein best muleg måte, sende sms til folk eg kjente som kanskje også sat ein stad og kjeda seg med ein artikkel slik som eg sjølv, og hadde eg seminar, kjente eg få eller ingen av dei andre i klassen og sat på ein stol lengst ved vindauget og speida draumande ut på røykarane som i det minste hadde mulegheita til å gå ut og ta seg ein røyk og stå der og sjå ut som ein hadde noko å gjere, bry seg om sigaretten sin. det seier seg sjølv at du ikkje har det særleg kingkong når du nesten vurderer å ta til å røyke berre for å ha noko å gjere i pausane. det er grensar for kor lang tid det kan ta å fylle vatnflaska si eller kor lenge ein kan sitje på do og vente på at pausen skal vere ferdig. det fantes ei tid kor ingen ville vite kor eg hadde kjøpt blusa mi, kan ein seie.

men no er det ei heilt anna historie. eg kjem på lesesalsplassen min tidleg om morgonen, seier hei til dei andre som er der, enten eg kjenner dei eller ikkje. eg smiler til dei som sit ved borda når eg kokar vatn til morgonteen. dei andre i klassen seier hei! på ein blid måte og meiner det når vi møtes i korridoren eller i timen. vi spis lunsj saman på pauserommet og blir sitjande i ein time etter at vi har spist middag i kantina. vi vil gjere sosiale ting på fritida og blir venar på facebook. eg tar ikkje for hardt i når eg seier at noko av det aller vakraste for meg er fellesskapet og det å føle at ein er velkomen og høyrer til i det. no finst det nokon som vil vite kor eg har kjøpt blusa mi og det er, for å seie det på godt norsk, megasweet. eg er så glad!

12 kommentarer:

  1. jeg er så glad for at du er glad! det er så viktig å ha noen som man kan si hei til på studiet sitt. det gjør det så innmari mye mer ok.

    SvarSlett
    Svar
    1. ikkje sant! alt blir med ett mykje lettare av det.

      Slett
  2. Kjenner meg veldig igjen av beskrivelsen av hvordan det kan være på Blindern. Har hatt det mye sånn selv. Etter at jeg begynte på PPU har jeg endelig blitt kjent med fine folk, og det er så bra :) Gleder meg til å begynne på master sammen med andre gode nordiskfolk etter jul :)

    Og hurra for at folk smiler til deg og lurer på hvor du har kjøpt blusen din! Det er så fint å føle at man hører til et sted.

    SvarSlett
    Svar
    1. så bra! det blir sikkert kjempebra når du startar på master (det er i alle fall mi erfaring sålangt).

      Slett
  3. Kjenner igjen beskrivelsen av Blindern ja.

    SvarSlett
    Svar
    1. trur nok det er mange som har opplevd det same, ja.

      Slett
  4. takk rosaaprikos, det finnes altså håp! :)

    SvarSlett
  5. Jeg er SÅ glad på dine vegne. Håper jeg også får det litt som i det siste avsnittet etterhvert. :) Til da får jeg bare gjøre det beste ut av dagens situasjon, hvor ingen bryr seg om jeg kommer på skolen eller ikke. Det er det skumleste synes jeg, at det kan være dager hvor ingen merker om du er tilstede på skolen, eller ligger hjemme og ikke ønsker å møte dagen. Men. Det blir vel bedre :)
    Håper helgen din blir fin!

    SvarSlett
    Svar
    1. den kjensla er så vond, og den er skikkeleg vanskeleg å kjempe imot, uansett. men no har det blitt betre, og eg håpar det blir betre for deg også. god helg :)

      Slett