onsdag 30. juli 2014

om å gløyme



det hender ganske ofte at eg gløymer ting. at det berre blir borte nokre sekund, sjølv om eg tenkte på dei lenge, og så kjem det kanskje plutseleg tilbake. kanskje må nokon fortelje meg at eg har gløymt det, eller minne meg på at det er noko eg skal hugse, som regel er det sigbjørn, kanskje i ein litt spiss tone, for det er jo ikkje bra å gløyme for mykje.

det er mykje eg gløymer. kvart år gløymer eg kor vakker sommaren i nord er når sola er oppe heile natta, eller, i alle fall gløymer eg kvart år kor varm det gjer meg på innsida og kor mykje det får meg til å elske byen eg bur i når dei kvite husveggane blir farga rosa i midnattsola.

eg gløymer stort sett alltid at eg har klede å brette, og blir like skuffa og oppgitt og motlaus over meg sjølv når eg er svimetrøtt og skal til å leggje meg og ser at det ligg ein haug klede på toppen av senga som må handterast før eg er nær å kunne få tilgang til senga.

og så gløymde eg plutseleg av bloggen. heilt. ikkje med vilje, ikkje med medvit, men berre fordi det kom så mange andre ting å tenke på. når eg hugsa på han igjen, var det fire månadar sidan eg sist hadde lagt igjen ord og setningar og meininger. det er dårleg gjort. eg burde hugse på bloggen. burde halde den i live, halde språket i live, halde ein eller annan slags fasade som bloggar i live.

men det eg skulle hugse å seie var dette: eg er ferdig uteksaminert frå universitetet, og dei to sensorane gav meg ein A på masteroppgåva. det har kanskje enno ikkje gått opp for meg at dei to åra med arbeid ga ei slik uttelling, mest fordi eg stadig hadde dårleg samvit for at eg ikkje jobba hardare, for at eg ikkje gjorde meir, for at eg ikkje sat dag inn og dag ut og skreiv inni dokumentet. men det gikk altså bra, til slutt. ved sidan av å jobbe med masteroppgåva, hadde eg to deltidsjobbar, ein i butikk og ein som journalist i ei avis.

eg gløymde også å seie at eg har fått jobb i førde, i nrk nynorsk mediesenter, som praktikant, og at eg fram til jul skal bu i trivselsfylket for å lære meg å bli journalist. eg gløymde også å fortelje at eg meldte meg på eit konkurranseløp og sprang ei mil på ei tid som ikkje var så god, men det gjorde ingenting, for eg gjorde det, og det var det viktigaste. eg fekk ein medalje og ein pakke blåbær det hadde kome mugg på som takk for innsatsen. eg tolka ikkje muggen symbolsk.

og så gløymde eg å fortelje at det for tida bur så mange ord, så mykje språk, inni meg, som berre vil ut, som får fingrane mine til å danse over tastaturet som om eg spilte piano, ikkje skreiv på data, og at eg for alt i verda skulle ønske eg hadde tid og krefter til å setje meg ned og skrive nokre sider og sende dei inn til nokon som kunne lese det og kanskje setje pris på det, og eg gløymde å seie at det kanskje mest av alt handlar om å mangle guts.

og til sist: om femtito dagar giftar eg meg. det er vel det eg tenker mest på for tida, så det har eg i det minste ikkje gløymd.