tirsdag 2. april 2013

om av og til å vere redd, men så skjønne at det går bra likavel


for halvanna månad sidan sto eg plutseleg midt i urskogen i eit vulkanområde i mellom-amerika med hjartet langt oppi halsen og ekstra spissa øyrer for å høyre etter farlege lydar. eg er nemleg ganske redd for alle mulege dyr eller udyr (ugler, aper og froskar er berre eit lite utval) og på vegen opp mot urskogen hadde vi gleden av å høyre nokre ekstremt høge bjeffelydar, som guiden vår kunne fortelje var verdas nest høgaste lyd laga av dyr, nemleg brølaper. og ikkje sånne brølaper som du sikkert gikk på vidaregåande med som no jobbar som dørvakt, men ekte brølaper. eg lo nervøst og klemte handa til sigbjørn. saman med to andre nordmenn hadde vi kjøpt ein guida tur rundt vulkanområda utanfor granada i nicaragua, og som dessert skulle vi kjøre taubane.

altså. eg er sjukt nervøs og redd for alt som er utanfor mi eiga komfortsone. eg er utruleg lite glad i å utfordre alt eg kjenner, dessutan er eg redd for ting som går fort, for å falle ned, for at ei ape skal bite meg og gje meg ein sjukdom som ikkje finst enno, ja, det meste eigentleg. eg følte at denne turen var noko eg dro på med livet som innsats.


som de sikkert skjønnar, kom eg frå det med livet i god stand. eg falt ikkje ned og eg blei ikkje bitt av ei ape, men eg fikk gå rundt i skogen og tenke at dette kjem eg aldri til å oppleve igjen. av og til er den tanken den aller beste suverniren.