søndag 27. november 2011

torsdag 24. november 2011

sigrid agnethe



(liste lånt av mariell)

eg er
22, men av og til kjenst det som eg er 16, og andre gongar som femogtredve. også er eg saman med ein same som eg skal bli sambuar med, her er det mykje bra grunnlag for ordspel.

eg likar folk som kan flire av seg sjølv, stekt torsk og kokt torsk, dagar du ikkje treng å våkne av vekkerklokka, bbc-programmet QI, songar som får deg til å føle at livet er ein lang musikkvideo.

eg et helst ein skikkelig god og stor frokost, med varmt brød og avokado og smør og ost og appelsinjus og egg og syltetøy og kråssang, men det skjer omlag ein gong i året. ellers et eg veldig mykje knekkebrød, noko som driv kjærasten til vanvidd fordi det knasar sånn.

eg seier ja til å ha taco eller stekt fisk til middag, å drikke vin med venar og å ta ein middagskvil. og alle mulege venstreorienterte greier og miljøvern og fred på jord og sånt.

eg seier nei til pose på butikken. ta med bærenett!

eg er flink til å bli venar med gutar i alderen 4-8, å lese "verdens største fersken" høgt, å lage guacamole, å vise kjærasten kor glad eg er i han, å bruke utallige timar framfor tven utan å eigentleg bry meg om kva som er på tv.

eg irriterar meg over menn som seier at menn som tar pappaperm er tette i pappen, kor vanskeleg det er å brette melkekartongar, spinninginstruktøren frå i går, knekkebrød som knekker i det eg begynner å smøre smør på. i natt irriterte eg meg særleg over den vesle gjengen polske arbeidarar som haldt på å arbeide med arbeidslampe retta rett inn på soverommet medan dei saga og hamra og styrte, klokka ett om natta.

eg les morgenbladet på do, alle kjendisnyhetene eg kjem over, litt pensumlitteratur, og for tida les eg også tomas espedal, fordi eg er ei kulturkjerring.

eg er finast når eg smiler. ellers så har eg det stort sett slik at dei dagane eg synst at eg er heilt vilt fin, da ser eg meg sjølv i speilet på do eller på skolen eller på jobb og lurer på korfor i guds namn eg gikk ut døra.

eg ler av folk som seier "h2o" når dei snakkar om vatn, "stopp pressen!", "spør du mæ, så spør æ dæ" og generelt ting som er artig der og da. den artigaste historia eg veit, handlar om ei som møtte ein fyr ho trudde ho kjente på arlanda flyplass og snakka lenge med han, og så viste det seg å vere thomas alsgaard. ler kvar gong eg tenker på den historia.

eg er ein typisk kjærestejente som gløymar venane sine når ho får kjæraste (trur eg). synd, men sant.

eg har aldri spilt bowling. utruleg nok får dette folk til å sperre opp auga og seie "har du aldri spelt BOWLING?!" når eg seier det.

eg er glad for å ha flytta til tromsø, sjølv om eg saknar dei gode venane mine i oslo, så kjenst det rett og trygt og bra. eg har det godt.

eg trivst ikkje når eg blir ufrivillig vitne til ein krangel eg helst ikkje vil ta standpunkt i og må sitte og høyre på krangelen og føle meg i vegen. eller når eg er saman med ein gjeng som er så interne at eg føler meg heilt på utsida, som ei pittelita jente som prøver å nå opp til dørtaket, men ikkje klarar.

eg er dårlig til alle mulige praktiske greier. no har sigbjørn vore borte nokre dagar, ei lysepære i gangen har gått, eg anar ikkje korleis ein byttar den type pære, så i gangen er det mørkt. eg har svært dårlig praktisk og logisk sans. skremmande dårlig.

eg er redd for ugler, dyra i jungelen, valdtektsmenn, at dei eg er glad i skal bli sjuke, også er eg redd for kva enkeltmenneske kan få seg til å gjere med for mykje fritid og for mykje tid til å gjere kva dei vil.

eg elskar familien min, kjærasten, dei små glimta i livet der eg kjenner at det er så sjukt godt å leve og at eg ikkje kunne ha vore eit anna sted enn akkurat der eg er akkurat da. eit eksempel frå da eg budde i paris: barbra og eg skulle inn på eit bibliotek der ein måtte stå i kø for å komme inn, nokon måtte gå for at du skulle komme inn, det var steiksol og seint i mars og våren hadde begynt å komme, vi tenkte fuck it, vi gjorde noko vi hadde tenkt lenge på å gjere, vi leide syklar, og sykla rundt i paris, langs boulevardane og avenuane og rueane, frå panthéon til eiffeltårnet, og eit sted langs seinen i marssol kjente eg at eg var lykkeleg, at eg var ung, fin, fri og i paris, meg på mitt mest uknuselege, på mitt sterkaste og mest sårbare på ein og same tid, og akkurat det minnet håpar eg at eg aldri aldri aldri skal gløyme.

eg set pris på høflege kundar.

eg trur på kjærleiken og å gjere det beste ut av det. og å gi kompliment til framande og meine det. det har eg trua på. det hjelper.

tirsdag 22. november 2011

empire state of eksamen





så var vi her igjen, da. med tjukke bøker og fagterminologi og eit dataprogram eg ikkje har tenkt å bruke meir etter i morgon. i kveld må eg ut og kjøpe kalkulator. eg, som etter tre år i eit smertehelvete på vidaregåande med matte, fysikk og kjemi, som satt heime og strevde med oppgåvene, som gråt på prøvane for det var så vanskeleg, hadde lova meg sjølv å aldri meir ta i ein kalkulator med mindre det var for å rekne ut euro i norske kroner. det gikk i tre år, i litteraturvitskapens forunderlege verd trengte eg ikkje kalkulator. men no, med metodefag, kvantitativ metode, treng eg kalkulator for å rekne ut effekt, til dømes. i morgon er det eksamen og eg kjenner allereie at kroppen held på å bli heilt matt (men det går alltid bra for snille jenter). hej så lenge.

torsdag 17. november 2011

murstein, ikkje sukkerbit.


og eg leser ein stad at ein bør komme seg ut minst ein gong om dagen, få luft, få dagslys, riste av seg slagget, komme seg ut,
eg kjem meg ut, får meg luft, men her nord er det ikkje dagslys, og om det er det, så varar det ikkje lenge,
no blir sola borte og på universitetet kan ein få sitje framfor dagslyslamper om ein vil, "for å forhindre mørketidsdepresjon", skriv dei på nettsida si,

og eg vaknar ved sidan kjærasten, lurer på korleis eg skal bli deprimert om han ligg ved sidan av meg, tenker at eg skal riste det av meg før det kjem, som å ta ei vaksine for ein sjukdom som enno ikkje finst,

og eg tenker på hausten i fjor, kor usikker eg var, kor redd eg var for at det ikkje skulle gå som det skulle gå, jobb kjærleiken universitetet universet, satt aleine i timane, kjente ingen, var heilt viggo, gikk rundt med kvalme og stein i magen og syntes synd i meg sjølv,

og innimellom syns eg synd i meg sjølv, søndagar framfor tven, tenker på alle dei som får tida til å gå på heilt andre måtar enn meg, blir nestan sjølvhatsk, korfor les eg ikkje like mykje som dei andre til eksamen korfor trenar eg ikkje like mykje som dei andre korfor spis eg ikkje like sunt som dei andre, ein dag på jobb står eg i prøverommet med ein genser på som viser alle valkane mine, eg grin ikkje, eg blir ikkje emo, men kvar dag tenker eg på korleis genseren la seg og korleis alle hemmelegheitane mine ville ha kommet fram om eg gikk med den genseren, søndagar med hentepizza, lørdagar med smågodt,

og stemmen til ein mann seier at eg ikkje skal synes synd på meg sjølv, at eg ikkje har det dårleg, og eg må gi han rett, eg har det bra, eg må ikkje gi under, må vere ein murkloss, ikkje ein sukkerbit, for alt kjem til å gå bra,

det er november og allereie tenker eg på kor fint det skal bli med april.

onsdag 16. november 2011

i was young and i was cute and i had just turned 17



i går kom det meg for øre at eg ikkje ser like ung ut no som for eitt år sidan. det fikk meg til å tenke på den her songen, den mest barnsleg lukkelege eg veit om i verda, cirka. og no har eg skrive ferdig eksamen ein av tre og da er det lov å ha fin indiepop på øret.

mandag 7. november 2011

mørketid

det er mørkt når eg vaknar i åtte-halv ni-tida. det blir mørkt litt i halv tre-tida. det er tidlig i november og allereie er det berre omlag seks timar om dagen som er lyse. eg var ikkje forberedt på dette. vi har stilt klokka mot sommaren, så det blir mørkare tidligare enn før. eg var ikkje klar for dette.
det er fire år sidan sist haust eg levde i mørketida. eg veit korleis eg blir. mørket blir ein del av meg. det er vanskeleg å komme seg opp om morgonen og det første eg tenker på når eg vaknar, er kva tid i løpet av dagen det finst ein sjanse for å ta ein lur. vil sove etter middag, ventar på at dagen skal bli over, at klokka skal bli nok, så eg kan få sove igjen. det er som eit batteri som aldri blir heilt ferdig opplada. og så kjem tungsinnet. foreløpig har det holdt seg borte, men eg veit korleis eg blir, veit korleis eg er.

heldigvis er eg ikkje aleine den her gongen. det er ein slags trøst.

torsdag 3. november 2011

i got 99 problems but a oppgave i kvantitativ metode ain't one



eg sitt heime hos sigbjørn i superundertøyet og gjer ferdig eit arbeidskrav i kvantitativ metode. for deg som ikkje veit kva kvantitativ metode er, så kan eg fortelje deg at det handlar om tal, om statistikk og om å finne samanhengar ved hjelp av ulike middel. heldigvis finst det eit herlig dataprogram som heiter SPSS som kan hjelpe meg veldig mykje så eg slipp å regne ut kjikvadrat og p-verdiar sjølv. og heldigvis finst det musikk som kan hjelpe meg med motivasjonen. da eg spilte inn denne snutten, høyrte eg på refrenget til jay-z sin hit "99 problems". eg veit ikkje om det heiter "refreng" når det kjem til hiphop, men så veit de korfor eg sitt og fektar i lufta som ein annan brooklynbabe. anbefalast.