torsdag 17. november 2011

murstein, ikkje sukkerbit.


og eg leser ein stad at ein bør komme seg ut minst ein gong om dagen, få luft, få dagslys, riste av seg slagget, komme seg ut,
eg kjem meg ut, får meg luft, men her nord er det ikkje dagslys, og om det er det, så varar det ikkje lenge,
no blir sola borte og på universitetet kan ein få sitje framfor dagslyslamper om ein vil, "for å forhindre mørketidsdepresjon", skriv dei på nettsida si,

og eg vaknar ved sidan kjærasten, lurer på korleis eg skal bli deprimert om han ligg ved sidan av meg, tenker at eg skal riste det av meg før det kjem, som å ta ei vaksine for ein sjukdom som enno ikkje finst,

og eg tenker på hausten i fjor, kor usikker eg var, kor redd eg var for at det ikkje skulle gå som det skulle gå, jobb kjærleiken universitetet universet, satt aleine i timane, kjente ingen, var heilt viggo, gikk rundt med kvalme og stein i magen og syntes synd i meg sjølv,

og innimellom syns eg synd i meg sjølv, søndagar framfor tven, tenker på alle dei som får tida til å gå på heilt andre måtar enn meg, blir nestan sjølvhatsk, korfor les eg ikkje like mykje som dei andre til eksamen korfor trenar eg ikkje like mykje som dei andre korfor spis eg ikkje like sunt som dei andre, ein dag på jobb står eg i prøverommet med ein genser på som viser alle valkane mine, eg grin ikkje, eg blir ikkje emo, men kvar dag tenker eg på korleis genseren la seg og korleis alle hemmelegheitane mine ville ha kommet fram om eg gikk med den genseren, søndagar med hentepizza, lørdagar med smågodt,

og stemmen til ein mann seier at eg ikkje skal synes synd på meg sjølv, at eg ikkje har det dårleg, og eg må gi han rett, eg har det bra, eg må ikkje gi under, må vere ein murkloss, ikkje ein sukkerbit, for alt kjem til å gå bra,

det er november og allereie tenker eg på kor fint det skal bli med april.

5 kommentarer:

  1. Jeg savner deg! Ekstra mye når jeg spiser lakris-is.

    SvarSlett
  2. Jeg har det også litt sånn, men jeg har vært her før, og jeg vil gjøre alt jeg kan for å ikke ende på bånn. Vi klarer denne vinteren også!

    SvarSlett
  3. Jeg savner deg like mye som Maren! Kanskje enda mer, og ekstra mye når jeg spiser snickers og ser flere episoder med gossip girl enn hva som er heldig (med andre ord, jeg savner deg ofte ekstra mye)

    SvarSlett
  4. elskar at de saknar meg når de et.

    SvarSlett