mandag 31. januar 2011

when i was younger, so much younger than today

da eg var lita og internett var ei heilt ny greie, den tida med tellerskritt og modem og det tok eit minutt å koble seg på med skratsj-skratsj-biiiiiiiiip-skratsj-skratsj-biiiiip lydar, var det veldig mange ting eg måtte love foreldrane mine å la vere å gjere på nettet. da eg var lita, altså rundt 13 år, ein mannsalder sidan allereie, nestan 9 år, var internett noko farlig ein skulle passe seg for. ein skulle berre sei namnet sitt, kor gammal ein var og kor ein budde dersom ein var heilt sikker på at det var nokon ein kjente som sat i andre enden av internett og chatta med deg, og ikkje ein gammal gris som kunne finne deg utifrå dei opplysningene du gav frå deg. helst skulle ein finne på noko anna. det artigaste var å finne på nye personar ein var, ny alder, ny by, ny identitet. slik er det ikkje no. ikkje for å vere heilt totalt gamlis-ungdom, men det er noko eg tenker mykje på, særleg når eg les yngre folk sine bloggar, og særleg jenter. internett er mykje meir tilgjengeleg, mykje større, mykje enklare å finne fram på no enn for ti år sidan. jenter frå 12 og oppover legg ut meir eller mindre flatterande bilde av seg sjølv for at dei x antall kjente eller ukjente lesarane skal gjere seg opp ei meining om dei, helst om det som gjeld utsjånad. eg les spørsmålsrunder på bloggar der det kjem fram kven ein har hatt sex med, korleis det var, kva for ein puppestorleik ein har, kven dei finaste jentene i klassen under er, og eg skjønner ikkje kva som har skjedd, kor gikk skiljet, dei ti åra, alt er så opent, alt er så tilgjengeleg, ingenting er privat, alt er personleg. er det berre eg som har blitt for gammal, for sur, for sjokkert, må eg berre akseptere at verda og internett og ungdom endrar seg, eller noko faktisk råttent i norge? er det her heilt greit, ein tendens som er så sjølveksponerande, så fri for dei private hemmelegheitane, så tydelege nødrop om "sjå meg, sjå meg, sjå meg!"? kva syns de?

fredag 28. januar 2011

det absolutt aller finaste, siste fredag i januar

1. frostrøyk

2. himmelen rundt klokka halv fem, ettermiddag, rosa

3. mjuk hud

4. rød leppestift

5. ein flybillett i februar, tur/retur, ein tur til ein by eg har vore i før. stikkord: hovudstad med boulevardar, parkar, små bydelar, kafé, kaffe, vin, danse, secondhandshopping, eit kjent tårn for heile verda, kjente kyrkje, altså, den vakraste byen eg veit. eg har sommarfuglar i magen og lyst til å lage ein høg og lykkelig klynkelyd kor enn eg går. kan du gjette kor eg skal?

onsdag 26. januar 2011

favoritt



eg er sjuk på andre dagen og har ikkje anna å melde enn den her songen, ein av mine costello-favorittar. fin! håpar at de har ein fin dag.

mandag 24. januar 2011

svar

eg starta ein slags spørsmålsrunde for nokre dagar sidan, berre for å sjå kva de kunne spørre om, og no tenkte eg at tida var inne for å svare (om de vil ha svar). jee.

- Kva er dine fem yndlingsalbum? Og kva slags jobb drøymer du om?
vanskelig. eg føler liksom at det er så mykje forskjellig, og så mange eg vil ha med på lista, og ei liste med fem favorittar? umuleg. det måtte nok ha vore meir enn fem. men eg kan sei fem eg liker sjukt godt, og som eg vil anbefale alle, sjølv om nokre av dei er sjukt sjølvsagte:
- beatles: sgt. pepper's lonely hearts club band (som eg har høyrt heilt hakk i, på biblioteket i harstad i ein lenestol med øreklokker og q magazine, heime på rommet, i klasserommet på barneskulen, min lengstlevande favoritt)
- the smiths: meat is murder (også ein langtlevande favoritt, frå eg var 14 var eg oppslukt, mange meiner at the queen is dead er den beste, synst ikkje det, eg, den her er full av songar og draumar og håp og sorg og alt det ein treng i livet, pompøst, men ekte, og når regnet fell på well i wonder så opnar slusane seg, maks hjartesorg)
- hello saferide: more short-stories from hello saferide (fordi det er som ei novellesamling, berre at det er ei plate, ei heilstøpt plate, med ein av dei finaste popgruppane frå sverige som eg veit om, og den sto på repeat ein heil haust, og det fortjente den verkelig)
- nancy sinatra & lee hazlewood: nancy and lee again (ny favoritt, eg fant den eigentleg fordi eg lette etter ein song frå filmen "breakfast on pluto" kor to av hovudpersonane syng sand og så fant eg denne duoen, sjølv om den songen eg leita etter var på den første plata dei ga ut ilag, så er den her min favoritt, med mange fine tekstar og to stemmar som passar sjukt godt ilag)
- belle&sebastian: tigermilk (eit av dei finaste debutalbuma eg veit om, eg forelska meg så sjukt i nokre av songane her dei første gongane eg høyrte dei, og så har det berre blitt med meg vidare, og det synst eg er fint som fasan)

drøymar om: programleiar eller seriøs journalist, men helst av alt i heile verda, forfatter. absolutt drøymejobb: profiler i fbi. umuleg.

Hvilken bok som du eier er BOKSTAVELIG din mest slitte bok? Hva er din favoritt Hayao Miyazaki-film? Hvem er din favoritt franskkvinne? Og hva med favoritt franskmann? Liker du Ingrid Olava?
mest slitt: hver tar sin, så får vi andre ingen (catcher in the rye) og den store mummi-boka. av hayao miyazaki (eg måtte google) sine filmar, har eg berre sett min venn totoro, og den likte eg. eg ser ikkje så mykje teikna eller animert film, for det er ikkje heilt mi greie, men akkurat den var litt søt, så den saman med ein haug ungar, da blei det enda litt finare. favoritt-franskkvinne: coco chanel. elskar coco chanel. sjukt klisjé, men sant. favoritt-franskmann: serge gainsbourg (kanskje óg ein klisjé, men den stemmen! den mannen! ein type i allers.) og ja, eg liker musikken til ingrid olava, men ho som person, slik eg har høyrt på radio, kan eg spare meg litt for.

Er du kristen?
nei. eg prøvde å vere det da eg var lita og sang i frelsesarmeen sitt barnekor, men det blei litt borte.

Skriver du løkkeskrift?
ja! eg trudde eg hadde fin håndskrift, så kom eg til paris, der hadde alle fin håndskrift.
Hvilken sjampo og såpe bruker du?
akkurat no bruker eg ein krøllesjampo og -balsam frå tigi bedhead som eg er sjukt nøgd med, og ei såpe eg fikk til jul som luktar friskt og godt og vinterleg, ei eller anna spa-greie.

Har du noen gang tatt gastroskopi (slange som føres gjennom munnen og ned til magen)? Hvis ikke, hvordan ville du forberedt deg for angsten og ubehaget? Har du ellers lege- og undersøkelsesskrekk?
nei, eg har aldri det. eg trur eg berre hadde prøvd å tenke at det går bra, og at det er viktig å sjekke seg om ein trur at det er noko feil, og at det er bra å vere frisk og at eg berre må hugse å puste med magen (om det går når ein har masse slangar der...). eg har veldig lite skrekk for sånt, men det er mest fordi eg har vore relativt frisk og rask heile livet, så det har ikkje vore eit problem eller eit tema. det viktigaste er uansett å halde seg frisk!

Hvilken karakter er din favoritt i `Hotell Cæsar`?
eg har sett veldig lite hotell cæsar, berre i eksamensperioden som var, men i alle fall ikkje jens august! han hatar eg!

Ble du kjent med Heidi og Caroline da du bodde i Paris?
eg blei kjent med heidi da eg budde i paris, også møtte eg caroline da eg flytta tilbake til oslo, men eg følte på ein måte at eg allereie kjente ho, sidan eg kjente heidi og litt caroline gjennom bloggen.

Har du vært på Svalbard? Jeg vurderer å flytte dit for å studere. Tror du det er "kvelende" eller "farlig" å bo der?
nei, eg har ikkje vore der, men det ser sjukt fint ut, da. eg trur det kan vere veldig spesielt å bu der, sidan det er lite og få folk og kaldt, eg trur ikkje eg hadde klart det sjølv, men om du trur du taklar det, så synst eg du skal go for it!

Er aprikos din favorittfrukt, siden bloggen heter det?
eg trur ikkje at eg nokon gong har spist ein heil aprikos. kanskje ein tørka aprikos her og der og litt syltetøy, så nei. men det er det finaste ordet eg veit.

favorittfilmer, -bøker/forfattere, -kunstnere, -malerier, -drikke, -mat, -kjendiser, -blogger, -planter, -klokker, -teknologi, -bygning, -arkitekt, -butikker, -nettbutikker, -te/kaffe, -park, -byer, -land, ...
1. lost in translation, darjeeling limited og ghost world. 2. frode grytten, haruki murakami og agnar mykle. finaste bok eg veit: lasso rundt fru luna + sangen om den røde rubin. 3. monet. 4. vannliljemåleria til monet. 5. kaldt vatn frå nord-norge, sjokomelk og raudvin. 6. kokt salt torsk med beiken, og pizza. 7. mette-marit! 8. kval&actionfilm, hjartesmil, fininga, stort sett bloggane til venane mine, eg les ikkje særleg mange bloggar fast. 9. orkidé (om det er ein plante). 10. bruker ikkje klokke sjølv, men om eg skulle hatt ei skikkelig stjerneklokke, kanskje raymond weil eller omega, men det får bli ein draum. 11. skype! og telefonen! 12. sacre cæur i paris. 13. ingen favoritt, men stort sett er eg stor fan av kirkearkitektur, så kirkearkitektar? 14. free'p'star (second-hand-butikk, paris), sagene torg (svær internasjonalt matmarked, oslo), gilbert jeune (bokhandel, paris) og sephora (parfymeri, paris, og andre store europeiske byar). 15. bestiller sjukt lite frå nettet, berre frå blivakker.no, haha. 16. te: peppermyntete, jasminte og fleurs de geisha (grønn kirsebærtre-te). og ein chaite på l'imprevu i paris. kaffe: fransk kontinental og dobbel cortado, men eg er litt fram og tilbake om eg kan drikke kaffe. 17. parc buttes-chaumont i paris og slottsparken i oslo. 18. paris (kanskje litt innlysande) og göteborg. 19. frankrike, hellas og sverige.

Hva liker du mest og minst med stedet du bor? Både byen og der senga di er. (:
mest med byen: at den har fine kafear og at eg stort sett kan få tak i det eg treng og at kollektivtilbudet er mykje betre enn i andre byar i landet. minst med byen: at folk er så kalde med mindre dei er fulle, at det blir sjukt kaldt på vintaren og at det er dyrt å leve her. mest med heimen min: at eg bur aleine og ikkje treng å ta hensyn til andre, dusjen og at eg har plass til å arbeide. minst med heimen: at alt er berre eitt rom (bortsett frå do), at utsikta er inn til andre og at eg bur aleine.

har du tips om hva som kan være fint å gi til folk når de blir atten år?
eg er ein sucker for sentimentale gåver, ting folk har laga sjølv og lagt kjærleik i. fint å få, fint å gi. ellers: ting som ikkje blir brukt opp med ein gong, og som ein kan ha ei stund. eg liker å gi bort øyrepynt.

Hva slags bøker liker du best å lese?
eg er veldig glad i noveller, og ei god novellesamling. ellers handlar dei fleste bøkene eg les om vanskeleg kjærleik, om løyndomar og om menn som skal ut i verda (eller inn i seg sjølv) for å finne seg sjølv.


jee, det var alt! no ligg eg halvinfluensa-svett og prøver å mote meg opp til å spise/lese/stå opp, men drew carrey show går på tv, og så oprah, og så dr.phil... vanskeleg.

søndag 23. januar 2011

det aller finaste eg har

bortsett frå familien, venar, katt og kjæraste, så er dette det aller finaste eg har, og noko av det som eg synst er finast med kroppen min. eg tok den i oslo den første hausten eg bodde her, som for å stadfeste kjærleik eller for å alltid minne meg på kva som har vore, kva som er og kva som skal komme. eg er veldig glad i foreldra mine, og sånn skal det vere så lenge eg har den her tatoveringa, med andre ord: for alltid.

onsdag 19. januar 2011

speleliste!

her kjem januar-spelelista, som har litt av kvart, både popmusikk, norsk musikk, musikk ein kan danse til, musikk ein kan gråte til, musikk for morgon, musikk for kveld, musikk ein kan høyre på saman med den ein er glad i, musikk ein kan høyre på når ein skulle hatt ein å vere glad i, musikk å sakne til. her!

tirsdag 18. januar 2011

question for you



den her songen minner meg om sommaren da eg var 16 og snart skulle dra på øyafestivalen, hadde sommarjobb på jobben til mor mi og høyrte på radioen heile dagen mens eg satte tropper på reagensrør. eg hugsar at eg kom tidleg på øya den dagen magnus hængsle skulle spele sånn at eg kunne få høyre den songen her, og det gjorde han, og så gløymte eg songen. det er perfekt pop på ein tirsdag, ein tirsdag kor eg sjølv også gjerne skulle ha vandra rundt i morgonkåpe og spist frukostblanding, men heller bruker dagen på universitetet, gamle venar, å snakke engelsk, ibsen, å spise heimelaga chili con carne og, til no, 4 appelsinar. og så tenkte eg, sidan innimellom, så kjem det spørsmål i kommentarar, og så tenkte eg at det er så fint med spørsmål, men at eg er så dårleg til å svare i kommentarfeltet, så eg tenkte at har du eit spørsmål, spør her, og så har eg ein liten spørrerunde, for eg ser at det er mange nye lesarar, og det er kjekt, og nokre spør om ting, og så er det borte for meg, men spør! om ikkje, tar eg hintet og sluttar med masinga.

søndag 16. januar 2011

leaving on a jet plane

songen

eg har akkurat kommet heim, til her berre eg bur, til eit rom med døde nellikar og eit kjøleskap som sårt treng å bli fylt opp. eg har dratt frå nord, frå heime, frå mor mi, far min, bror min, katta mi, og ikkje minst, han som eg er så forelska i at eg stort sett er i ei anna verd og ikkje klarer å gå rett. dream about the days to come when i won't have to leave alone, tenker eg, no når eg kommer heim. han var ikkje der da eg dro i dag, vi har allereie sagt hadet for nokre dagar sidan, på ei kai i ein by meir nord i landet, eg med tårar som ikkje ville slutte å renne og han som seier at "sjøl om æ ikkje må gråte, betyr ikkje det at æ ikkje e lei mæ" og eg som heilt mistar stemmen og såvidt klarer å seie "glad i dæ" til han når han drar. mor mi og far min var der, på flyplassen, det tikkar ned mot at eg skal komme meg på flyet, eg ser på klokka heile tida, no har vi 19 minutt, så har vi 13, eg kjenner klumpen danne seg i magen og i halsen og det pressar bak auga, mor mi stryk meg over armen og eg må bite meg i leppa og holde pusten for ikkje å begynne storgrininga og rope at eg ikkje vil bli vaksen, berre vere heime og kose med katta og spise middag til faste tider med fast familie, ha innetid og leggetid. eg begynner sjølvsagt å gråte, går inn på damedo for å hente papir for å tørke tårane, seier hadet til mamma og pappa, når pappa seier "glad i dæ" blir det for mykje og eg klarer ikkje slutte, klarer ikkje svare tilbake, klumpen i halsen er for stor og eg har bomull i munnen, er det noko som alltid sett meg ut av spill, så er det menn, og særleg far min, som viser kjensler og seier det dei føler, hohoho, det er så rørande at eg veit ikkje kor eg skal gjere av meg. heile fjeset er no fylt av raude flekkar, som ein liten dalmantiner, eller som ein med akutt elveblest, ser ikkje ut, stor jente som ikkje vil slutte å grine, eg kjem meg på flyet, sender eit par sentimentale meldingar, og lyset med "fest setebeltet" er på, eg skrur av, og tenker at det her skal bli siste gong på lenge at eg drar sørover igjen etter jul. tørkar tårane og kjem meg heim.

lørdag 15. januar 2011

januarpop



det er noko med denne songen som liknar på januar, sånn som januar kan vere var og forsiktig, utan sol her i nord, så kaldt at ein får frost på augevippane, og ellers, det er som å gå i snø som ikkje har vært gått i, opnar munnen og pustar djupt inn, går heim frå byen, vegen eg kjenner så godt, og dei syng "do something pretty while you can" og eg tenker at det er nettopp det eg vil.

fredag 14. januar 2011

en timme tar en väcka här, slå mig så att nån ting händer

kvar dag les eg horoskopet mitt, det står ting som "gjør noe du liker å gjøre i kveld!", "la ikke økonomien sette grenser, men pass på utskeielser" og "i dag er en god dag for kjærlighet! gjør noe romantisk!". eg er tilbake i byen eg kjem ifrå, og det er kjempefint, på dagen går eg ut i byen og kjøper nye ting og ser på lyset og går langs havna og ser på det svære havet, det utruleg nordnorske, og på kvelden sitt eg i stua eller på kjøkkenet med foreldra mine og berre finst der saman med dei. eg lagar vafler og kakao og samosa og tunfisksalat og får tida til å gå, utan at eg veit kva tida liksom skal gå mot. det er på enden av brettet der dei rosa pillene blir kvite ei veke, og kanskje er det derfor, men plutseleg verkar alt vere litt mørkt. eg prøver å jobbe mot å få ein sommarjobb eg verkeleg vil ha, men midt inni det, stoppar eg opp og tenker at eg er ikkje flink nok, eg er ikkje bra nok, det kjem ikkje til å gå, ingenting er garantert uansett, han kan ikkje love noko, må ta tak i meg sjølv og seie at det ikkje er lov til å gje opp, uansett, det er ikkje lov, ikkje no. eg les ikkje bøker, eg veit ikkje om eg klarer å skrive tekst, prøver, eg gjer forsøk, men eg veit ikkje, det er vel bare that time of the month, og om du er gutt og les det her, skal eg seie deg éin ting: du er så jævla heldig som er gutt og slipp det her hormonelle helvetet.

onsdag 12. januar 2011

i took a train that took me north and it's a place where trees speak louder than the people

etter jul og nyttår skulle kjæraste og eg dra til tromsø, men på vegen dit, dro vi ein tur innom kiruna, som ligg langt nord i sverige, i det ein kaller lappland". det så slik ut:

vi spiste middag på kinesisk restaurant kor eg sikkert var ein av ti som spiste med pinnar

slik var utsikta frå rommet om kvelden

og slik så det ut om dagen

på ein butikk skulle alt pyssel ut, utan at eg skjønte heilt kva "pyssel" var

her er kiruna kirke, som har blitt kåra til det finaste bygget i sverige ein gong på 2000-talet (og visstnok av folket, såvidt eg kunne skjønne)

det var fint det, men om det er det finaste bygget i sverige, så lurar eg på korleis dei andre ser ut

her solgte dei lappslöjd, og dei hadde eit heilt rom fullt av utstoppa dyr, der fikk eg klump i halsen og måtte berre haste vidare etter å ha registrert at det var der (kjæraste sa etterpå at det var to ugler der, så det var nok like greit at eg ikkje gikk inn)

den finaste fangsten i kiruna, bortsett frå ostepop med chili, var den her fine tøyveska, som er passe kitsch og passe søt

og så var det berre å kjøre vidare, mot tromsø, gjennom skog, meir skog og atter skog, og på vegen passerte vi eit par gjengar med rein, ein rev, finland og ein fyr på ein bensinstasjon som ropte ut av ein bil om vi ville kjøpe ein reinskrott på 60 kilo (det ville vi ikkje)

og så kom vi til slutt fram til tromsø, men det kommer nok ein annan gong.

mandag 10. januar 2011

2010: bingogenser, 2011: bingobluse

etter nokre intense år med ein stil som fikk mor mi og far min til å tidvis rive seg i håret og ta fram dei verste superlativa, roa eg meg pittelitt ned, og begynte med litt secondhand i stadenfor, innimellom. dei var ikkje storimponerte av det heller, og det toppa seg da mor mi kalte genseren eg hadde på meg (kvit kort genser med gjennomsiktige perler på) for "bingogenser". ein bingogenser er ein genser som ein finn i ein kvar secondhandbutikk med respekt for seg sjølv, med perler eller steinar og gjerne litt glittertråd som lagar eit eller anna mønster, kanskje av blomster eller eit dyr, kanskje ein leopard. eg forgudar bingogenseren, og i 2011 skal eg bli kjent med bingogenseren si kanskje litt finare kusine, bingoblusen. i dag fikk to bingobluser bli med heim frå ein secondhandbutikk i tromsø, og den her er så fin at eg ikkje vil ta den av meg. gled deg, mamma, her er eg!

søndag 9. januar 2011

ting eg vil, 2011

(må ikkje forvekslast med "nyttårsforsett", det her er berre ting eg vil, ikkje seier eg skal, det vil vise seg, ein såkalt "backfire")

- reise meir det her semesteret, eg har allereie vore ein dag i kiruna og kjørt gjennom svensk og finsk bekkmørk skog, om alt går etter planen blir det paris om ikkje altfor lenge, og så har eg kjøpt billettar til (og fra) budapest i april

- bli flinkare til å lage heimelaga grateng til middag

- bli flinkare til å lage heimelaga suppe til middag

- drikke meir te og gå oftare på palais de thés for å finne godsakar

- gå på bristol og drikke kakao

- lage gulrotkake og invitere veninner over

- gå på kaffefuglen og drikke chai latte på dagen, gå på fuglen og drikke mojitos på kvelden

- (flytte)

- finne ut kva eg skal studere til høsten (denne gruar eg meg mest til)

- kjøpe minst tre nye mummi-koppar

- kysse meir

- le endå meire

- dra ut og danse med veninnene mine

- skrive og sende fleire postkort

- finne ut korleis eg kan starte mi eiga detektivbedrift (her treng eg hjelp!)

- lage fleire spelelister i spotify

- klemme meir på venar

- sjå håkan live igjen

- gå meir på ski

- berre kjøpe bukser eg veit passar

- vere meir impulsiv

- gå meir på kafé

- lese på senga

- kose meir på hunden tussa

- sjå gossip girl med inga


jaja, då er det berre å sette igang!

kva vil du i 2011?

onsdag 5. januar 2011

byjenta


i den her gjengen, ein stad i vesterålen ein gong i forrige århundre, er nokre av slektningane mine. dei vaks opp i ei bygd og levde i ei bygd kor folk kjente kvarandre, kor folk var med på å dra lasset, haldt dugnadar, basar, inviterte kvarandre på kaffe, og på søndagane var det ikkje lov for ungane å vere ute. det er i alle fall slik eg ser for meg at det var. kjærasten min har vokst opp i ei bygd og har kjent folk i hundre år, slik folk frå bygda får det. eg er ikkje frå ei bygd. eg har vokst opp i eit trygt og barnevenleg område, ikkje langt frå skole og nærbutikk, men eg har ingen barndomsvenar. det er nesten ingen av dei eg kjente då eg var liten eg ville ha hatt ein lengre samtale med i dag, kanskje sagt hei på gata, "hei kordan går det, lenge sia sist", kanskje det er sånn det er å vere frå byen. venane eg har i dag, er stort sett folk eg har blitt ven med frå vidaregåande og utover. fleire av venane til kjærasten, har han kjent i alle år, i alle fall virkar det sånn frå utsida.

eg vil også komme frå ein liten plass og kjenne ei intens tilknytning til staden eg kjem ifrå, meir enn berre til huset heime. er det for mykje å be om?

tirsdag 4. januar 2011

nostalgie chanson



eg er i tromsø på besøk og høyrer på radio, sånn radio som har alle kanalane i heile verda, og no er det "nostalgie chanson" som speler, ein fransk kanal med franske songar frå svunne tider, frå 60-,70- og 80-talet, kun popsongar, kun slike songar eg elskar, på eit språk eg elskar, og her kjem ein av dagens favorittar, "l'amour c'est comme une cigarette". værsågod!