mandag 25. juli 2011

car ma vie, car mes joies, aujourd'hui ça commence avec toi


det verkar heilt meiningslaust å skulle skrive blogg for tida. i utgongspunktet, den her sommaren, hadde eg nesten tenkt å gi opp heile greia og ikkje skrive meir, for lite å seie, for lite å fortelje, alt det der. og så kom 22. juli og rykka tak i meg langt langt inne i meg sjølv og har holdt seg der. å la livet leve synst eg er vanskeleg. det går fint å vere med folk, dagane går som dei skal, men stoppar eg opp og tenker, ser for mykje på tv, høyrer for mykje på radio, gjer klumpen seg gjeldande. eg tenkjer mykje på kor redd eg er for ondskapen i eit menneske, for korleis menneskehjernen kan fungere, kva for tankar ein person kan tenke. det verkar heilt meiningslaust å skrive, for det eg vil skrive om, er at livet lever. at eg steiker egg, at det er skodde i heile nabolaget, at eg har kjøpt nye sko og dei er kvite, fransk popmusikk, ting som er så trivielle at dei ikkje kjenst viktige nok til å skrive om. håpar det endrar seg. håpar klumpen går over og at det gode vinn til slutt, slik som på film og i dei aller beste bøkene. men no: natt, og så: ein ny dag.

søndag 24. juli 2011

fredag 22. juli

for nokre dagar sidan, såg eg bror min gråte for første gong. ikkje for aller første gong, såklart, for han gråt mykje da han var liten, han datt ned trapper og slo seg på sykkel, eg har såklart sett han gråte før, men på fredag såg eg han gråte for første gong for noko han sjølv ikkje hadde skuld i. han hadde ikkje falt ned ei trapp. han hadde ikkje skrensa på sykkel. han hadde ikkje klemt fingeren i bildøra. det han gråt for, gjorde vondt, ikkje den type vondt du får av desse tinga, smerte i augeblikket, men den type vondt som kjem frå hjartet, frå magen, den som svir i nesa, den du må puste fortare for å halde inni deg, den som svulmar opp tunga og gjer det vanskeleg å svelge, vanskeleg å puste.

og han var ikkje aleine. heile norge gråt. ingen kunne fatte det som hadde skjedd. at nokon hadde plassert ei bombe i regjeringskvartalet, for så å setje seg i bilen og kjøre ut til utøya og iverksetje ein massakre norge ikkje har sett makan til før. det var for utrueleg. det var film, det var ikkje ekte, det var filmtriks, ein thriller laga i hollywood, bortsett frå at det var det ikkje. det var i norge. på ekte. på ekstra nyhendesending. felles for alle som satt med gråten i auga, i magen og i hjartet, var at ingen kunne tru det som skjedde, ingen kunne tru at det var sant.

men det var sant. det var ekte. det var det verste marerittet ein kunne sjå for seg ein heilt vanleg fredag i juli.

og heile landet er fylt av foreldre, søsken, kjærastar, venar, jenter som er forelska, gutar med dunkande hjarte, alle kjenner nokon som kjenner nokon, ein gut har klina med ei av jentene som er der nede og har klump i halsen og hjartet på utsida av kroppen og han kan ikkje tru at det skjer, og han er ikkje aleine. det er det viktigaste av alt no - ingen av oss er aleine. det her skal vi klare saman, for det skjedde her, på ekte, det var ikkje ein film frå hollywood, det var eit mareritt frå den ekte verda, oslo, norge, europa, verda. eg håpar alle har nokon å klemme på, og gjer det. det er foreløpig det ein kan gjere for å kjenne at verda ikkje er heilt ute og kjøre. vi har i alle fall kvarandre, sant?

eg håpar at alle de som skulle slumpe til å lese det her, har nokon å klemme på, nokon å snakke med, nokon å vere stille saman med, og at de har alle nære og kjære i god stand. all you need is love.

søndag 17. juli 2011

these days it comes, it comes, it comes, it comes, it comes and goes


ringeklokka ringer 0600, 0630, 0650, treng tid på å vakne, treng den lille forsikringa om at eg kan få sove lenger, som ein bonus, kjappar meg på badet, mor mi skal inn etter meg, vaskar ansiktet, tar linsene på, no kan eg sjå, sprayar håndledda med miss dior cherie, verkar i heile kroppen, trøytt,
pakkar den brune veska, vatn, mat, bok, no: innsirkling 1, før: gå. kunsten å leve et vilt og poetisk liv, kanskje nokre nøtter, kanskje ein banan, livredd for ikkje å få spise nok, gå rundt sulten, høyre at magen lagar lyd utan å kunne stoppe han, sitte saman med dei andre og buldre,
heile dagen luktar desinfisering, kroppsvæsker (ikkje mine eigne), plasthanskar, brødskive med leverpostei, surmelk, prøver å hugse alle mulege små ting, klarar ikkje, gjer litt feil, men aldri heilt totalt feil, aldri så ille at det verkeleg er feil på ekte,
legg meg når eg kjem heim, søv,
trøytt heile dagen, heile tida, men søvnen gjer noko, det går fortare, dagane går,
han er fortsatt borte og eg er fortsatt her,
og får tida til å gå,
jobb, lese, sove, spise, gå på kafé, møte vener, dra på kafé,
eg berre venter, eg er som ein unge som ventar på julaften,
og kor inderleg glad eg er for at eg er sånn her, vil aldri gi det opp, vente på den her måten,
og det er visst det her dei eigentleg kallar å leve.

lørdag 9. juli 2011

og når netter er ljose som dagar kan han ingenstad venare sjå

eg syklar sakte ned bakken, held bremsene inne, lånt meg sykkel som eg vurderer å kjøpe for ein slikk og ingenting,
ipoden i lomma, trange svarte bukser, rød og kvite striper i skjorta mi med stor sløyfe foran, ray bans, veska på bagasjebrettet, eg ser ut som ein klisjé frå ei frode grytten-novelle,
og der kjem "stop me if you think you've heard this one before" og eg er seksten år igjen og ingenting har endra seg,
det er meg og the smiths og sykkel og ei sol som aldri går ned.

eg syklar heimover, i desse gatene eg kjenner, noko anna enn å sykle i oslo, her er gatene trygge, eg må ikkje sykle ved sidan av bussen, eg held alltid pusten når nokon syklar bysykkel i oslo, midt i hovudvegen, der kjem 37-bussen og caroline rett ved kvarandre, held pusten og håpar på det beste. det treng eg ikkje her heime, her er det ingen bussar som går, i alle fall går dei så sjeldan at det nesten er ein vits å ha dei gåande i det heile tatt, og desse vegane kjenner eg, eg veit kor det er gangfelt, kor det er fotovergang, desse tinga veit eg, her har eg vore før, spora mine er allereie her.

eg har lenge tenkt på kor kjedeleg det er å gå, kor lang tid det tar, kor lenge du må vente før du kjem fram, det er noko heilt anna med å sykle, det er som om eg seglar fram, og det går fort, skjorta løfter seg bak i lufta og eg veit kva eg driv med, syklar langs den lengste gata i heile byen, og så kjem eg fram til der ein kan sjå naturen, og så kjem fjella. det er så mykje fjell her. det er som om vi er ramma inn av fjell, og eg lurer på om andre byer er så fine, sånn når det kjem til naturen, når det kjem til fjella, havet, havet, havet, midnattssola, og eg syklar ein omveg heim berre så eg kan sjå ein bit av havet, av fjella, av landet som er mitt land, det kjenst i magen og i hjartet at det her er eit vakkert stykke land. eg syklar heim og er svett overalt og tenkar at no er det meg og deg, sykkel.

torsdag 7. juli 2011

fragment, del 1

1. eg går ut i natta, siste natta, eg skal snart dra og ikkje sjå meg tilbake, eg går ut for å treffe han og det er ingenting vi kan seie som kan forandre noko, men det vi kan gjere er det som ikkje kan gjerast omatt

2. eg står ute på ein parkeringsplass utanfor blokka eg har flytta inn i, mor mi og far min står framfor bilen, eg har så stor klump i halsen at eg klarer ikkje å få fram dei orda eg vil si, eg vil si ikkje dra, ikkje dra frå meg her, aleine, no, men dei drar og eg klynker som ei liten fugl som har mista mor si, kanskje det er det eg er

3. vi har akkurat sagt hadet på ein flyplass i eit anna land og han snur seg ikkje etter meg for å vinke hadetbra ein aller siste gong

4. ho og eg har akkurat kommet til paris, vi går alle gatene vi kan gå i, går paris rundt, våknar klokka elleve, er ute til seks, kjem heim og drikk vin med kanadiaren, vi flyttar inn i ei ny leilegheit, berre vi, når den irske dama går ut døra står vi igjen med nøklane i handa og vi hoppar opp og ned og viner og tenker, nestan roper WE MADE IT

5. eg sit på gulvet på eit tog frå paris, det er fredag og toget er fullt og eg må sitje på gulvet, får tekstmeldingar frå deg, toget er forsinka, du venter, eg er så nervøs at eg helst berre vil kaste opp, men eg veit at når eg kjem fram, kjem det til å gå over, eg har ein altfor varm genser på meg, tenker at du blir å merke at eg er svett

6. eg er på hotellrommet i paris og du er ute og intervjuar, eg ligg på senga og sovnar, varmt i paris, eg vaknar av at du bankar på, kjem inn, han spurte om eg er flink til å gå seier du, har gått heile vegen frå boulevard de clichy til champs-élysées, no er det din tur til å vere sliten

7. eg kjem tilbake til oslo, går innom jobb, den kvithåra guten kjem mot meg, kjenner meg igjen, kastar seg inn i ein klem og roper at han har sakna meg, eg kjemper mot gråten, han blir borte, har gløymt namnet mitt, men han hugsar at han har sakna meg og hjartet er plutseleg så stort at det kjenst som det pressar i halsen, i svelget

8. ho står framfor meg i snøen og tar bilder, eg har paljettkjole på og bare bein i snøen, står i snøen i minusgrader og prøver å vere fin, kanskje eg kan gjere det her, tenker eg, står i ein hage i oslo midtvinters og prøver å smile med auga og eg tenker at eg skulle ønske det var sommar og at dådyra var her

9. kvar gong eg møter ho, syng ho "sigge sigge rino, rino rino siggen" og i går før eg skulle sove, lå eg og tenkte på at no er det lenge til neste gong eg høyrer den songen, tenker på at ho skal få synge den om eg nokon gong får snøret i bånn og får gifta meg, til festen skal ho synge "sigge sigge rino, rino rino siggen"

10. du held på med motorsag, kuttar ved, eg hold veden, får ikkje heilt til å hjelpe ordentleg, er ikkje praktisk anlagt, du blir litt sur, vi tar ein pause, du spør om eg vil sjå tomta di, det vil eg, vi ser på den, står på eit jorde og ser ut og plutseleg tenker eg på mor far barn, seier det ikkje, men håpar håpar håpar innerst inne at du tenker på det same, vi går inn for å drikke kaffe

søndag 3. juli 2011

when you scan the radio i hope this song will guide you home



kroppane klistrar seg saman som syltetøy til ein finger,
nærmare og nærmare
og det må stadig vere der,
når du er borte merkar eg det,
det er berre min pust og mi lukt og min hud,
eg vil ha alle dagane og nettene eg kan få,
og dei er det mange av og i nord går sola aldri ned,
sola går aldri ned og hjartet sluttar aldri slå.