torsdag 7. juli 2011

fragment, del 1

1. eg går ut i natta, siste natta, eg skal snart dra og ikkje sjå meg tilbake, eg går ut for å treffe han og det er ingenting vi kan seie som kan forandre noko, men det vi kan gjere er det som ikkje kan gjerast omatt

2. eg står ute på ein parkeringsplass utanfor blokka eg har flytta inn i, mor mi og far min står framfor bilen, eg har så stor klump i halsen at eg klarer ikkje å få fram dei orda eg vil si, eg vil si ikkje dra, ikkje dra frå meg her, aleine, no, men dei drar og eg klynker som ei liten fugl som har mista mor si, kanskje det er det eg er

3. vi har akkurat sagt hadet på ein flyplass i eit anna land og han snur seg ikkje etter meg for å vinke hadetbra ein aller siste gong

4. ho og eg har akkurat kommet til paris, vi går alle gatene vi kan gå i, går paris rundt, våknar klokka elleve, er ute til seks, kjem heim og drikk vin med kanadiaren, vi flyttar inn i ei ny leilegheit, berre vi, når den irske dama går ut døra står vi igjen med nøklane i handa og vi hoppar opp og ned og viner og tenker, nestan roper WE MADE IT

5. eg sit på gulvet på eit tog frå paris, det er fredag og toget er fullt og eg må sitje på gulvet, får tekstmeldingar frå deg, toget er forsinka, du venter, eg er så nervøs at eg helst berre vil kaste opp, men eg veit at når eg kjem fram, kjem det til å gå over, eg har ein altfor varm genser på meg, tenker at du blir å merke at eg er svett

6. eg er på hotellrommet i paris og du er ute og intervjuar, eg ligg på senga og sovnar, varmt i paris, eg vaknar av at du bankar på, kjem inn, han spurte om eg er flink til å gå seier du, har gått heile vegen frå boulevard de clichy til champs-élysées, no er det din tur til å vere sliten

7. eg kjem tilbake til oslo, går innom jobb, den kvithåra guten kjem mot meg, kjenner meg igjen, kastar seg inn i ein klem og roper at han har sakna meg, eg kjemper mot gråten, han blir borte, har gløymt namnet mitt, men han hugsar at han har sakna meg og hjartet er plutseleg så stort at det kjenst som det pressar i halsen, i svelget

8. ho står framfor meg i snøen og tar bilder, eg har paljettkjole på og bare bein i snøen, står i snøen i minusgrader og prøver å vere fin, kanskje eg kan gjere det her, tenker eg, står i ein hage i oslo midtvinters og prøver å smile med auga og eg tenker at eg skulle ønske det var sommar og at dådyra var her

9. kvar gong eg møter ho, syng ho "sigge sigge rino, rino rino siggen" og i går før eg skulle sove, lå eg og tenkte på at no er det lenge til neste gong eg høyrer den songen, tenker på at ho skal få synge den om eg nokon gong får snøret i bånn og får gifta meg, til festen skal ho synge "sigge sigge rino, rino rino siggen"

10. du held på med motorsag, kuttar ved, eg hold veden, får ikkje heilt til å hjelpe ordentleg, er ikkje praktisk anlagt, du blir litt sur, vi tar ein pause, du spør om eg vil sjå tomta di, det vil eg, vi ser på den, står på eit jorde og ser ut og plutseleg tenker eg på mor far barn, seier det ikkje, men håpar håpar håpar innerst inne at du tenker på det same, vi går inn for å drikke kaffe

4 kommentarer:

  1. kjempenjudelig innlegg, sigrid.

    "tenker at du blir å merke at eg er svett". en gang i blant røper du at du er nordlending. <3

    SvarSlett