torsdag 29. juli 2010

sol heile døgnet





sneak-peak frå ein sommar i nord-norge

søndag 18. juli 2010

granny smith


i dag regnar det og eg vaskar støv av plater, eg ligg på senga og spis sjokolade, eg utsett andre ting, og det kjennes heilt fint. og så er eg bestemor med secondhandkjole frå paris og nylonstrømper som berre manglar kvite innesandalar.

The Smiths - "Back To The Old House"




eg går og beina mine veit kor dei skal gå. eg lukkar auga og beina mine følger langs veien, dei går for meg, eg tenker ikkje meir, ikkje på kor eg skal, kor eg kjem frå, kor eg skal ende opp. eg tenker berre på alle ansikta. ansikta til dei som ikkje kjenner meg, ansikta til dei som ikkje vil snakke om at eg har vore i paris, ansikta til dei som vil danse, ansikta til dei som synes eg ikkje passar kjolen eg har på meg, ansikta til dei som berre vil drikke øl, ansikta til dei som berre ikkje vil, ansiktet til han som sitt ein annan stad og berre ikkje vil vere engasjert i meg, ansiktet til foreldrane mine som elskar meg, men som aldri kjem til å fatte at eg elskar dei, men ikkje plassen dei har vald å bosette seg. eg kan aldri komme heim hit og bo. eg kan vere her ei stund. eg kjem herifrå, men eg kan aldri komme tilbake på ekte. det har alle ansikta sagt til meg.

og ein stad fins det ein som ikkje bryr seg om at eg finnes. og no kan eg ikkje gjere meir.

lørdag 17. juli 2010

snopegutten


for nokre dager sidan hadde eg ein skikkelig poop dag. alt var berre feil. kroppen var feil, dagen var feil, alt var feil og eg visste ikkje kva eg kunne gjere for at noko skulle bli betre. men så kom snopegutten på besøk og så blei alt bra igjen.

onsdag 14. juli 2010

innpust

eg vil at eg skal kunne vere den som ringer og seier hei og at han skal ha lyst til å ta telefonen fordi han ser at det er eg som ringer. eg vil at han skal ta meg med til ein stad eg aldri har vore før og at det skal vere sol og at eg kan ha på meg kjole og at eg ikkje skal synes at det gjør noko at han kan sjå at eg har appelsinhud. eg vil at han skal ville sjå kroppen min slik som han ser ut og at han skal synes at han er fin å sjå på og at han skal ha lyst til å vakne ved sidan av den kroppen kvar dag veldig veldig lenge. eg vil at eg skal kunne ringe han rett før eg sovnar dei gongane vi ikkje søv saman. eg vil at han skal kysse meg sjølv om eg har mårraånde og at han vil pusse tenner med meg. eg vil at vi skal sjå på tv saman og at det ikkje gjer noko om eg kommenterer heile tida eller at vi er stille kjempelenge og at han også skal vere glad i popkorn. eg vil at vi skal le av dei same tingane og at han vil spele musikken sin til meg og at han skal vere stille når han høyrer på min musikk. eg vil at vi skal høyre på joy division saman og at det skal vere meir fint enn trist. eg vil at vi skal krangle og at eg må springe ut etter han når det regnar og ringe på døra hannes med vått hår og seie unnskyld mens eg drypp frå topp til tå. eg vil at vi skal bli venar igjen og at vi skal vere samde om å vere gode med kvarandre og så berre er vi det. eg vil at alt skal vere som ein film. eg vil at han skal vere glad i meg. eg vil at han skal halde pusten litt før han skal kysse meg og at eg skal kjenne det i heile kroppen når han pustar ut igjen. og så er det berre sånn det skal vere.

onsdag 7. juli 2010

håplaust


heilt sidan eg kom tilbake frå paris, har eg følt meg rar og litt tom og litt sånn "kva no?" og litt sånn "kva ventar meg?" og "kven er eg?". store og små spørsmål. i går gikk det plutselig betre, då fikk eg ha på hårbøyle og softis-kjole og tresko. tilbake i huset hadde eg fått vannblemme og såre punkt bak øret av hårbøyla. og så dro eg til silje og spilte playstation i mange timar og spiste popkorn frå mikroen og hadde det fint med hunden til silje (og eg liker ikkje hundar). og så i dag er eg berre trøtt og uopplagt og vil ikkje gjere noko. har rocka rockering litt og lese litt. på ein sånn dag er det godt å vite at knausgård har hatt det verre, og at det finnes fleire hundre sider igjen å lese.

mandag 5. juli 2010

dagens kjøp, 5. juli


eg sa til inga at eg skulle blogge ting som skjer i harstad og i oslo mens vi er borte frå kvarandre. i dag har eg vore med bestemor mi, ho som minnar om ei frå eldrebølgen, ho vekte meg på telefonen og lurte på om eg ville vere med på kanebogen senter, ikkje i sentrum, og det ville eg jo. gå på bakeri og sjå på folk. og kjøpe rockering. så det gjorde eg. han er rosa og gull og ser ut som at eg skal ha ei løve til å hoppe gjennom han på sirkus. eg har ikkje noko løve, så det får holde med meg sjølv. eg har og lovd meg sjølv at kvar gong eg skal sjå ein episode glee eller seinfeld, så må eg rocke. det høyres ut som ein plan.

fredag 2. juli 2010

ting eg skal gjere i sommar

- lese minst eitt bind av karl ove knausgård sin føljetong, min kamp (eg har allereie lese det fjerde bindet, så eg har tjuvstarta)
- drikke mykje kaffi
- gjere pilates minst tre gongar i veka
- gå tur med nye joggesko (kanskje jogge om eg vil)
- råkke råkkering
- dra på folkemuseet
- drikke solo frå glassflaske
- ete fisk
- dra på havet
- plukke blomster
- danse til robyn
- ikkje bli sjuk
- se att venar frå frankrike når eg kjem til oslo igjen
- vere oppe heile natta
- ha på lydlaus
- gå i fjellet
- dra på øya
- glede meg til hausten

torsdag 1. juli 2010

om å skrive

no er eg heime på pikerommet og leitar fram ting i skuffer og skap, gamle kjolar, gamle bøker, gamle tekstar. eg les ting eg skreiv på ungdomskulen, eg merkar at ein stad må eg ha hatt det litt i meg, sjølv om eg henta sjukt mykje frå the smiths, alt skulle på ein måte ha noko med the smiths i seg. men eg var ikkje redd. eg ville berre skrive. eg ville ha fine setningar, fine historier, ofte fortalt frå ein gut sitt syn, gutar i band, gutar med kjærasteproblem, gutar som hatar valentines day og har blomster i baklomma, gutar som er homo og bor med bestemor si. kor hadde eg desse historiene? kor er dei no? no vil eg skrive og ha noko å skrive om. ha eit språk. ha noko å skrive heim om. det er hundre gonger meir vanskelig no. berre å seie til seg sjølv, og kanskje til andre, at "eg vil skrive, det vil eg jo", og så ikkje gjere det i det heile tatt. no er eg i alle fall heime og kan puste frisk luft igjen og berre vere sigrid agnethe litt. kanskje det hjelp.