onsdag 25. september 2013

septemberbøker

som student, og kanskje særleg som masterstudent, har eg hatt ganske dårlig samvit kvar gong eg har tatt opp ei bok som ikkje er pensum. eg har kome i gong med så mange bøker at eg kan ikkje telle dei på dei to hendene eg har, og det har resultert i at eg ikkje har fått lese så mykje i det heile tatt. det stoppa liksom opp. eg følte meg mest berre kjip som ikkje prioriterte å lese pensum. no har eg endeleg klart å slutte å få dårleg samvit for å lese gode bøker som ikkje står på noko liste, og berre i september har eg lese fem bøker. det er ikkje kjempemange, men det er slett ikkje dårleg. eg har slutta å ha datamaskina på heile kvelden, og nyttar heller tida til å lese bok. les bok mens eg et frokost og nokon gongar på bussen. det er lurt å bruke sånne smutthull ein eigentleg nyttar til å berre sjå ut i lufta til å heller lese, tenker eg. tenkte eg skulle skrive litt om kvar bok, for eg vil gjerne anbefale kvar av dei!



caroline kaspara pelonen - xeroxdager.
det her er ei ganske lita bok på berre 150 sider, og ein kan fint lese ho på ein kveld. boka handlar om ei jente som bur med kjærasten sin, som sluttar i jobben sin for heller å bli student. når han blir student, oppdagar han nye ting, som økologisk mat og spenande folk, mens ho sjølv berre gjer dei same tingane ho alltid har gjort. handlar om å ønske at ein var litt meir spenande og hadde pannelugg og om å blande skogsbærjogurt inn i kjærasten sin jogurt naturell. ei veldig fin bok med nydeleg språk, fekk lyst til å skrive ei kortprosasamling da eg las ho.




jeffrey eugenides -
the virgin suicides.det her er altså boka bak filmen, og boka er minst like fin som filmen, det kan eg love. eg las ho på engelsk mens eg var på ferie, og sjølv om eg hadde sett filmen og visste korleis det kom til å gå, la ikkje det nokon dempar på lesinga. boka tar utgongspunkt i det kollektive sjølvmordet til søstrene lisbon, og blir fortalt av ein gjeng gutar som, fleire år seinare, prøver å forklare og forstå kva som eigentleg skjedde og korfor. eit alvorleg tema, men behandla på ein vár og til tider humoristisk måte. absolutt å anbefale, spesielt på originalspråket, som eg las ho på.



raymond carver - shortcuts.
dette er ei samling noveller som blei nytta til å utvikle manuset til filmen med same namn (det er altså ikkje ei novellesamling han skreiv i eitt, men ein potpurri frå ulike samlingar). eg har alltid vore veldig glad i novellesjangeren, og for meg er carver mesteren i så måte. han skriv om heilt daglegdagse situasjonar kor ulykka plutseleg er ute. passar bra til å lese på bussen.




johan ajvide lindqvist - lille stjerne.
i vinter las eg la den rette komme inn av same forfatter, og simpelthen elska den. lille stjerne er mildt sagt ei spesiell bok. den handlar om to jenter, theres og teresa, som er spesielle på kvar sin måte. theres blir funnen i skogen som baby og er eit veldig merkeleg barn som ikkje uttrykker nokre formar for kjensler, men ho har ei nydeleg songstemme. teresa er den rare jenta i klassen, og er mest for seg sjølv. dei finn kvarandre gjennom internett, og sett igong eit helsikkes styr, for å seie det mildt. ei tidvis grotesk bok med nokre heftige voldsskildringar, men ellers veldig, veldig fin. den type bok som gjer at du har lese 50 sider utan å merke det. anbefalar ikkje å lese ho til frokosten.




halvor folgerø og finn tokvam - ler dei no, så har eg vunne. eit møte med ragnar hovland.

som tittelen antydar, er dette ei bok om forfattaren ragnar hovland. forfattarane, som er store hovland-fans, møter ragnar hovland i berlin og intervjuar han om ei rekke ulike ting, som til dømes oppvekst, å skrive om sex og om skriving. ei festlig bok, litt utanom det vanlege. passar nok best å lese om du har lese ein del hovland-bøker først og kjenner til formen hans. og det burde jo alle gjere. artigare mann finst knapt.

mandag 23. september 2013

den røde kjolen



eg har ein raud kjole eg kjøpte i bergen i vinter da eg besøkte ein av mine beste venar, inga. den hang i den siste butikken vi var inne i den dagen, på halv pris, og lyste mot meg. raud, i økologisk bomull, med innsving i midjen, plysjfôr og han var passeleg lårkort. den nesten ba om å bli med heim. kjolen sat som eit skot og blei med heim i ein pose, som blei med heim i kofferten til tromsø. eg blei fort glad i kjolen, og brukte han støtt og stadig. han suste opp til å bli ein favoritt.

og så, ein fredag i februar, etter at sigbjørn og eg hadde vore på trening og løfta vekter ilag, tok eg på meg kjolen etter å ha dusja. kjolen er perfekt til heimebruk, nemleg, for han strammar ingen plassar, og det er ganske greit når ein no uansett berre skal vere heime og gokke litt ein fredagskveld, utan å vere heilt i joggebukseland. vi spiste middag og så tok vi ein etter-middag-kvil. og da, i den raude kjolen, spurte sigbjørn meg om eg ville gifte meg med han. og der låg eg, i den raude kjolen, og lo og fikk tårar i auga og svarte ja ja ja og kyssa han til eg mista pusten og lo litt meir.

det tenker eg på kvar gong eg tar på meg den raude kjolen. at den hadde eg på meg da sigbjørn fridde til meg. og nettopp derfor skal eg alltid ta vare på den raude kjolen. det er uaktuelt å nokon gong gi han bort, eller kaste han. uansett kor lørva og nuppate og formlaus han blir, skal eg ta vare på han. om så berre for ein gong å ta han fram for å vise ungane mine ein gong i framtida og seie til dei at den her, den hadde ho mamma på seg da han pappa spurte ho om å gifte seg med han. og kanskje vil dei tenke på det om dei nokon gong får seg ein raud kjole. at kanskje dette er kjolen dei får verdas finaste spørsmål i. eller kanskje har dei ein favorittkjole sjølv, og kanskje får dei spørsmålet da. og så kan dei også smile når dei tar på seg akkurat den kjolen. at så fin kan verda vere, så fin kan ein heilt enkel kjole på femti prosent vere.


søndag 22. september 2013

liste på ein søndag




ti ting eg vil gjere før eg døyr

LEVERE MASTEREN
prøve paragliding
springe eit løp
gifte meg
lage barn
skrive ei bok
dra på roadtrip til USA
oppleve afrika
bo i eit anna land ein gong til
få noko til å gro


ni ting om meg sjølv

eg held på å skrive ei masteroppgåve om kjønnsmangfald og kjønnsidentitetstematikk og det går veldig bra, i alle fall akkurat no (slutten av september)
eg har ganske sterke lår, sterkare enn eg trur sjølv
eg jobbar i ein undertøysbutikk som blir femti år neste år og er veldig glad for å kunne hjelpe damer med å finne bhar som sitt akkurat slik som dei skal
eg har vore feminist sidan eg var typ 11 og las halve himmelen er vår

favorittbandet mitt frå eg var 9 til eg var 15, var the beatles, frå eg var 15 og til no, the smiths. om eg skal vere heilt ærleg klarer eg ikkje å bestemme meg heilt kven som er det absolutte favorittbandet mitt, men the smiths vil alltid vere mitt band
eg har vore på fem konsertar med håkan hellström og eg skulle gjerne ha dratt på fleire
eg har tre tatoveringer, sjølv om eg sjeldan tenker på meg sjølv som ei jente med tatoveringer
eg har ein kjæraste som heiter sigbjørn som får meg til å føle alle kjensler som finst, men mest av alt kjærleik

og sist,
om eitt år skal eg gifte meg med han


åtte favorittar i kvardagen
sånne folk som tør å seie ifrå til folk som tar opp eit sete med sekken sin på ein stappfull buss
ho dama på 7/11 som alltid er så glad når eg kjem dit og kjøper kaffe før jobb
netflix-serien "derek"

å lese høgt for kjærasten 
fiskekaker til middag
å komme seg opp når klokka ringer, ikkje ein halvtime etterpå
strømpebukser som ikkje er dekt av nupper
å ligge i skje

sju ting eg ofte grublar på
om ondskap kan forklarast, og i tilfelle korleis
korfor folk kan ha så mykje i mot folk som ikkje er som dei sjølv
kva eg ville ha gjort annleis i gitte situasjonar (som til dømes ein situasjon da eg budde i paris og ei jente sølte rødvin over sofaen vi hadde fått streng beskjed om ikkje å søle noko i)
korfor det er slik at nokon klarar å gjere så mykje med tida si og singelfryser urter og dyrkar tomatar og trener og les bøker medan eg gjer berre ein brøkdel av det
om morrissey har kjæraste eller ikkje
om morrissey og eg kunne ha kome overens
om eg nokon gong klarar å skrive ei bok
 

seks mennesker eg skulle likt å vere for ein dag
john lennon, i 1967
antony hegarty
lena dunham
roald dahl

agneta fältskog, i 1977
dronning sonja

fem ting eg aldri vil gjere

vere naken så alle kan sjå det
delta i ei volleyballturnering. når eg tenker på det, er alle ballspelturneringer utelukka
ete scampi
ta livet av eit dyr
sjå nokre av rocky-filmane meir enn ein gong
 

fire ting eg har kjøpt den siste månaden
eit lyserosa miniskjørt
eit trykk med to revar som dansar som heng i stua no
ein halv honningmelon
eit kompendium i kjønnsstudiar

tre ting som får meg til å le
teikneserien rocky (ofte høgt)
manny i modern family
pingvinar når dei sklir på magen

to gamle favorittlåter eg høyrte på da eg var yngre

kari bremnes - alle vet jo det (dansa til den kvar dag før skulen da eg var typ ni)
various artists - perfect day (vi hadde MTV i eitt år da eg var sju-åtte, da den her var populær. elska den.)


ein ting mange ikkje visste om meg

eg er vanvittig klumsate og veldig slepphendt. mistar heile tida ting i bakken eller søler ting på golvet eller går rett i trær og slikt. utan å merke det sjølv. utan å skjønne korfor det skjer.


(lista lånte eg hos ida og så endra eg litt på ho sjølv)

lørdag 21. september 2013

gåsehud i ansiktet



eg er jo veldig glad i musikk, har vore glad i musikk så lenge eg kan hugse, og om det er ein ting eg liker spesielt godt, så er det vokalistar som syng reint og pent og vakkert. i så måte er simon & garfunkel to av mine favoritt-vokalistar, for stemmane deira er så reine og mjuke og så fri for alt som er vondt, sjølv om det alltid er ein viss melankoli i botn. det kvinneleg motstykket til simon & garfunkel må jo i så måte vere first aid kit. også desse to søstrene frå sverige har stemmar mjuke som rømmegraut, som kan gje deg frysningar på ryggen berre av ein enkel harmoni. akkurat som eg liker det.

så, ved ein slump kom eg over youtube-videoen over, der first aid kit covrar simon & garfunkel si nydelege låt "america". songen er i originalversjon sår og mjuk og alvorleg, men eg vil, utan å overdrive, seie at jentene frå sverige tar den eitt hakk vidare og gjer han enda eitt hakk finare. om det går an. og om du ser på slutten, kan du sjå at paul simon i høgaste grad ser ut til å vere einig med meg.

gåsehud i ansiktet, altså. god helg!

mandag 16. september 2013

kort frå hausten



hausten gjer alt verdt det. å vakne ein mandag med sol om hausten er å vakne med ein optimist i magen. lufta er så frisk, så god at du vil ete ho, og du gjer det, og blir du meir sulten, finst det alltid eple.

og alle husa er fylt av folk som ventar på noko. kanskje på at kjærasten skal kome heim frå trening, kanskje på første episode av broen 2, eller på at den nye boka til frode grytten skal kome i butikk. alle ventar på noko som snart skal skje, noko som snart skal kome.

hausten er å begynne på nytt, ein ny sjanse, og sjølv om naturen rundt oss døyr og gjer seg klar for vinteren, kan eg ikkje tru det er sant at han døyr, for det kan ikkje vere sant at noko kan vere så vakkert som hausten, ingenting kan vere så vakkert når det døyr.