mandag 23. september 2013

den røde kjolen



eg har ein raud kjole eg kjøpte i bergen i vinter da eg besøkte ein av mine beste venar, inga. den hang i den siste butikken vi var inne i den dagen, på halv pris, og lyste mot meg. raud, i økologisk bomull, med innsving i midjen, plysjfôr og han var passeleg lårkort. den nesten ba om å bli med heim. kjolen sat som eit skot og blei med heim i ein pose, som blei med heim i kofferten til tromsø. eg blei fort glad i kjolen, og brukte han støtt og stadig. han suste opp til å bli ein favoritt.

og så, ein fredag i februar, etter at sigbjørn og eg hadde vore på trening og løfta vekter ilag, tok eg på meg kjolen etter å ha dusja. kjolen er perfekt til heimebruk, nemleg, for han strammar ingen plassar, og det er ganske greit når ein no uansett berre skal vere heime og gokke litt ein fredagskveld, utan å vere heilt i joggebukseland. vi spiste middag og så tok vi ein etter-middag-kvil. og da, i den raude kjolen, spurte sigbjørn meg om eg ville gifte meg med han. og der låg eg, i den raude kjolen, og lo og fikk tårar i auga og svarte ja ja ja og kyssa han til eg mista pusten og lo litt meir.

det tenker eg på kvar gong eg tar på meg den raude kjolen. at den hadde eg på meg da sigbjørn fridde til meg. og nettopp derfor skal eg alltid ta vare på den raude kjolen. det er uaktuelt å nokon gong gi han bort, eller kaste han. uansett kor lørva og nuppate og formlaus han blir, skal eg ta vare på han. om så berre for ein gong å ta han fram for å vise ungane mine ein gong i framtida og seie til dei at den her, den hadde ho mamma på seg da han pappa spurte ho om å gifte seg med han. og kanskje vil dei tenke på det om dei nokon gong får seg ein raud kjole. at kanskje dette er kjolen dei får verdas finaste spørsmål i. eller kanskje har dei ein favorittkjole sjølv, og kanskje får dei spørsmålet da. og så kan dei også smile når dei tar på seg akkurat den kjolen. at så fin kan verda vere, så fin kan ein heilt enkel kjole på femti prosent vere.


5 kommentarer: