søndag 30. oktober 2011

and if that's your best your best won't do



ein kan tenke på alt som er galt her i verda og så høyre på den songen her. sjølv ville eg ha tenkt på valdtekstbølgen i oslo, pelsdyrindustrien, høner som ikkje får vere frittgåande, kommunar som ikkje vil bli med i forvaltningsområdet for samisk språk, at det finst utruleg mykje dårlege grønnsaker i butikk når dei kunne ha vore skikkeleg bra og gode. men mest av alt vil eg berre tenke på at den her sangen er utruleg utruleg fin og passar over gjennomsnittet godt på ein søndag.

onsdag 26. oktober 2011

du skal få ein dag i mårå


i dag er eg pjusk. igjen. dei siste vekene har eg vore mykje pjusk, og i dag er eg sånn som mor mi seier bror min er når han er pjusk: raude lepper og blanke auge. eller kanskje det berre er slik eg ser ut til vanleg. kven veit. eg har som vanleg kledd meg ut som at eg serverer kaffien på les deux moulins og har for anledninga laga ei speleliste som skal hjelpe meg til å bli litt mindre pjusk, her er ho. no skal eg våge meg ut og kjøpe bli frisk fort-remedier og så sjå clueless. litt av ein kveld.

tirsdag 25. oktober 2011

puppar, jenter, puppar!

Du skrev for ei stund sia at du jobber i undertøysbutikk og anbefaler alle jenter å skaffe seg en skikkelig god bh. Hvilken butikk jobber du i? Hva vil du anbefale jenter (22 år) som er helt flatbrystede? Har hørt at en bh ikke skal skli oppover når man strekker armene opp i lufta, men på en flatbrysta vil den jo i aller høyeste grad skli opp? syns du det er teit at jenter som oss likevel bruker bh i et forsøk på å se mer feminin ut, eller bør vi bare la være? Hva tenker du om hva en gutt vil si når han etterhvert skal kle av meg, og se at puppene mine ikke eksisterer likevel. Turn-off? At vi er helt androgyne? kan ikke du skrive et innlegg som omhandler slike temaer. for det gjelder sikkert også motsatt vei, for de som har hemmende store bryster? Noen leger synes jenter med små/ingen bryster, burde ta silikon for å få bedre selvtilitt. men jeg vil være helt naturlig og ikke tilføre kroppen min stoffer, og skal jeg ikke få lov til det da? eller mener legen at jenter burde gjøre det fordi at da blir de mer sexy for mennene (som han selv?). vi er da kvinner selv om vi ikke har bryster, er vi ikke...?


i går kom den her kommentaren inn på bloggen, og siden da har eg tenkt mykje på innhaldet og spørsmåla som blir stilt i den. vi jenter tenker jo mykje på puppar, kanskje til og med like mykje som gutar tenker på puppar, ofte på litt anna måte enn gutar, men dei er no der. før eg begynte å jobbe i undertøysbutikk, tenkte eg ikkje særleg mykje på alle finessar rundt ein bh, det var meir "passe han, så passe han!" og så var eg nøgd med det. det aller første eg vil seie, er at veldig mange går rundt i verda og bruker feil bh-størrelse. det kan vere at han er for vid rundt eller for liten i koppen, og dette, alle jenter der ute (for eg veit at det stort sett berre er jenter som les her), er noko alle bør ta til seg: få ein ordentleg sjekk på kva slags størrelse du er, få rett bh-størrelse. å gå med ein bh som ikkje passar, kan vere irriterande, stygt og, i lengden, veldig belastande. eg har ikkje tal på kor mange bhar eg har hatt som eg har vore nødt til å dra opp heile tida for det kjenst som at puppen er på veg ut, eller kor ofte det har vore dobbelpupp på genserane mine. så tips nummer 1, uansett kva størrelse jentene dine er: få sjekka størrelsen din, og finn ein god bh som passar!

men altså, eg er ingen ekspert, og eg er ingen etiker (sjølv om det ikkje er ein beskytta tittel, for alt eg veit kan eg kalle meg etiker så mykje eg vil!), og dei neste spørsmåla handlar mykje om mitt eige syn, og det kan vere veldig variert frå kva andre meiner og er ting ein rett og slett må kjenne på sjølv. du som skreiv kommentaren, skreiv at du er flatbrysta og har problem med å finne bh og lurer på om det er vits i å bruke det i det heile tatt. og om du bruker det, kjem det til å vere "falsk reklame" for ein gut som skal sjå deg uten klede.
for å ta det første først. eg har alltid sjølv hatt veldig kompleksar for puppane mine. dei er verken gigantiske eller pittesmå, dei er heilt normale, men eg har aldri sjølv tenkt at eg har særleg flotte puppar. etter at eg begynte å bry meg ordentleg om bhar, har eg derimot skjønt at det finst mange måtar å få puppane til å sjå fine ut, i alle fall pakke dei fint inn. eg har ofte tenkt at eg skulle ønske eg hadde små puppar, så eg kunne bruke bhar av den typen ein brukte akkurat da ein fikk puppar, sånne "toppar", slike dei sel på bikbok, slik som rett og slett ikkje passar om du har meir enn ein b-cup. eg hadde garantert brukt slike om eg hadde mindre puppar. om du ikkje synst det er vits å bruke bh dersom du ikkje har noko å putte i han, synst eg du skal la vere. det er ingen som kan fortelje deg at du skal eller må eller bør bruke bh - gjer det du sjølv synst er behageleg og det som kjenst naturleg for deg. men bottom line: det finst mykje fint i bhar som ikkje er "wonderbra", liksom, og alt er smak og behag!

og kva med kva andre synst, ein gut for eksempel? det høyrest kanskje hult ut og som ein stor klisjé, men om ein gut blir skuffa eller ikkje vil vere med deg fordi du ikkje har puppar, så er han faktisk ikkje verdt å bruke tida di på. tenk på alt det andre som er fint ved deg! meiningene dine, musikksmaken din, engasjementet ditt, måten du flirer på, alle dei små tinga som gjer deg til den du er. det er meir sannsynleg at det er det han kommer til å setje pris på i lengden, enn størrelsen på puppane dine. og om ikkje, så anbefaler eg deg å finne ein annan fyr.

til sjuande og sist vil eg seie at det aller viktigaste, er at du er nøgd med deg sjølv, og at du sjølv synst du er fin. og det er ikkje noko som sitt på kroppen, det er noko som sitt inni hovudet og som kan ta lang tid å finne fram til å tenke sjølv. vi
jenter er unødvendige strenge med oss sjølv, og seier ting til oss sjølv som vi aldri i livet ville ha funnet på å seie til bestevenninna. og samtidig er det eit enormt fokus på kropp i medier og på internett, og ein kan nesten ikkje opne ei nettside uten å få litt tits&ass rett i fleisen - korleis kan ein halde seg upåvirka? det er nesten umuleg. eg trur dei aller fleste ein eller annan gong tenker at dei var det motsette av det dei faktisk er, og dei fleste har nok eit urealistisk bilde av korleis dei ser ut. og dessverre, må eg seie, har silikon og andre liknande "hjelpemiddel" blitt ei løysing på problem som antagligvis kunne ha vore løyst på andre måter enn å få 400 gram lagt inn i brysta. det handlar, trur eg, om å akseptere seg sjølv og om å vere glad i seg sjølv for den ein er; det tar tid og det kostar krefter og det handlar om å sjå seg sjølv i speilet og å tørre å vere nøgd med den ein tross alt har blitt, og å prøve å drite i alt det ein ikkje er. og om ein lege hadde sagt til meg at eg måtte ta silikon for at ein mann skulle tenke at eg var meir sexy, så hadde eg sagt at det finst ikkje noko meir usexy enn ein mann som seier noko så jævlig dumt. ingen skal få lov å fortelje deg korleis du skal eller bør se ut. du er din eigen sjef og du er kvinne uavhengig av størrelse på brysta dine. om nokon kjem og fortel deg noko anna, fortjener han eller ho ein skikkeleg å bli reist dit pepper'n gror.

eg håpar det hjalp litt eller svarte på spørsmåla dine. husk at til sjuande og sist handlar det ikkje om du har pannekaker eller melonar, men kva du har i nøtta di. og kan du bruke det riktig, så er det er det viktigaste av alt.

mandag 24. oktober 2011

og det går dagar og det går år

(bilde av eigen rygg henta frå mariell)

for eit år sidan, tenkte eg på kjernefysikk. korleis to partar møtast og ein fusjon oppstår, korleis ein skal få det til. seinare har eg tenkt at det ikkje handla om fysikk i det heile tatt. kanskje om kjemi, kanskje om biologi.
eg holdte det hemmeleg lenge. eg beit neglar og så i gulvet og rødma kraftig når eg skulle fortelle andre om kva som skjedde, kva som var i ferd med å skje. eg ville ikkje skryte, ikkje gni det inn, sjølv om det var det einaste eg eigentleg ville. stå på toppen av st.hanshaugen og rope ut i haustkvelden at no skjer det på ekte.
og enno vil eg ikkje skryte, men det er det einaste eg vil. skrive, fortelle, snakke om korleis kjærleiken er, kor altoppslukande og vakker og vond og herleg og trygg det kan vere. kor deilig det er å få lov å vere to etter å ha vore berre ein så lenge. kor fint det er å kunne la seg sjølv tenke på framtida utan å vere redd for å seie det høgt. kor tomt det blir kvar gong han er borte.

og det går dagar og det går år og eg ser meg ikkje tilbake, og eg tenker at det her er det beste valet eg nokon gong har tatt. og sånn skal det vere. sånn er det.

fredag 21. oktober 2011

resten av hausten

da mor mi var på besøk for nokre dagar sidan, snakka vi om at kvinner stort sett stressar meir over alle tinga dei ikkje gjer, men som dei burde gjere, enn over dei tinga dei faktisk gjer. alt blir til "burde" istadenfor ting ein har lyst til å gjere. klart, nokre ting burde ein jo gjere (vaske klede, vaske håret, lage middag), men det finst også sjukt mange ting eg tenker at eg BURDE gjere som heller kunne bli meir lystbetonte. her kjem derfor ei liste med ting eg ikkje skal eller bør gjere, men som eg har lyst til å gjere resten av hausten. eg lovar meg sjølv å ikkje bli lei meg eller sur eller skuffa om eg ikkje får gjort alt. det er eitt av kriteria for å lage ei liste.

ting eg vil gjere resten av denne hausten:
- lese ei god bok, til dømes gjennom natten eller tilværelsens uutholdelige letthet
-
lage tacokake og ikkje ete ho aleine
- kjøpe ein grønn kjole
- drikke chai-teen frå pukka
- gå på spinning minst ein gong i veka, trene helst minst to gonger i uka
- gå på kafé
- fyre i ovnen
- lese høgt for nokon
- se gossip girl til eg sprekk
- prøve å ikkje vere lita og sjenert når eg helst burde vere stor og usjenert
- glede meg til vinteren når eg kan gå på ski igjen!

kva skal de gjere resten av denne hausten?

søndag 16. oktober 2011

harstad 1986



sett ein ikkje pris på det her, har ein ikkje eit hjarte.

torsdag 13. oktober 2011

snart vinter

det er snø i fjella. tromsø er ein by ved havet og langs havet, ligg det fjell. det er i midten av oktober, eller til og med før midten, for det er før utbetalinga av studielånet, og det ligg snø i fjella.
eg ser det om morgonen når eg ventar på bussen: snø. det kvite på toppen av alle desse toppane rundt meg, rundt havet, med hus, trær, fjellheis, og øverst: snø.
snart kjem vinteren.
det er allereie lurt å ha ull innerst. tenkte eg slik i fjor i oslo, så mykje lengre sør, på den her tida?
nei. eg tenkte berre på å sjå fin ut på akkurat denne tida i fjor i oslo.
no vil eg berre vere varm. komme inn heime hos sigbjørn og kjenne stuevarme. gå blant alle husa og tenke at her sitt folk med golvvarme og telemarkstøflar og ull innerst, raude i kinna, varme i fjeset, og dei tenker at
snart kjem vinteren.
snart må vi ut med spaden og måkke, stampe oss gjennom snøen på veg til jobb, ha pannelugg som klistrar seg til ansiktet, aldri vits i å ordne seg på håret for du får luesveis og snøen gjer deg våt,
men desse tinga tenker vi ikkje på når det er snø i fjella.
vi tenker berre:
snart kjem vinteren.

fredag 7. oktober 2011

popfredag, fredagpop


her kjem ei speleliste for deg som skal sminke deg før vorspiel der du kanskje får kysse den guten du liker, den guten du ikkje enda veit du liker, den guten du enda ikkje veit at finst, eller berre henge med jentene, drikke cava og flire med leppestiftmunnar, eller for deg som har spist fredagspizza med familien og sett friends og that 70s show med dei, for deg som har innekveld med kjærasten og berre vil ha litt meir sprut og fart ein liten time, eller for deg som ikkje har planar i det heile tatt og berre er glad i litt popmusikk. eg håpar at de pyntar dykk med leppestift og spis smågodt i kveld medan de dansar til baccara, uansett kva planar de har. god fredag!

onsdag 5. oktober 2011

honey i'm home


har trent, svetta, spist omelett, dusja, vaska håret, rensa huden, smurt meg inn, ordna håret, tatt på ny kjole, berre hair&make-up igjen. kjenst som at eg skal på date, men det skal eg jo eigentleg ikkje. hallo, kjæraste, fint å ha deg heime igjen!

tirsdag 4. oktober 2011

middag uten saus.

eg pleier alltid å lage tomatsaus til kjøttbollane når eg har kjøttbollar og spagetti. alltid. tomatsaus med chili og kvitlauk og pepper og litt spennande krydder som for å gjere dagen litt ekstra spennande.
ikkje i dag. i dag spiste eg berre spaghetti og kjøttbollar uten tomatsaus. sat foran tven og såg sex og singelliv og spiste middag aleine i den store sofaen.

det finst dagar som dette. det finst mange dagar som dette. livet er stort sett ikkje magisk. livet er stort sett ikkje prinsar på kvite hestar, fabelaktige middagar, ansiktet ditt med ei stort smil heile dagen. dagane ein lever er stort sett fylt av middagar du tenkte skulle vere ein vegetarrett, men som berre endte om med å vere middag uten kjøtt, dagar du tenker "i dag har eg ein bra hårdag", før du går i speilet på universitetet og tenker at det er eit under at du i det heile tatt tør å vise deg blant folk, dagar du ikkje klarer å vere med i det som skjer rundt deg for du er så trøtt at auga held på å gå bakover. dagane er sånn, ikkje sant, elektrisk hår, ipod som går tom for straum det sekundet du finn plass på bussen som er framme om ein halv time, kokte egg som mister alt det kvite når du skal skrelle det, tohundreogåttisju kroner igjen på konto og hundre dagar til lønning. slike ting. middag uten saus. du gløymte å kjøpe dopapir. bukse som får små søleflekker når du går ute og du merkar det ikkje før du kjem inn i klasserommet.

det finst dagar kor du ikkje er deprimert eller lei deg, du berre kjenner at dei tinga du gjer, blir ikkje rette, ikkje bra nok, ikkje viktige nok, du sitt i godstolen og surfar på nett i fleire timar, ser episode på episode med ein serie du har sett før, når du går på do, les du ein allereie utlese avis. du treng ikkje vere deprimert for å ønske at nokre dagar berre skal bli slutt, klokka skal bli nok, så du kan gå og legge deg.

i dag er ein slik dag.

og i morgon kjem kjærleiken til byen - ikkje ei veke for tidleg.

mandag 3. oktober 2011

du är ett måndagsbarn (not)


denne mandagen har så langt vore ein av dei mest typiske mandagane i verda: spiste knekkebrød til frokost mens eg las ein veileiar til den nye plan- og bygningsloven, så på at det var grått og regn ute, gikk på jobb, var på jobb, gikk heim for å lage laks til middag for éin. i kveld skal eg lese sosiologi og sjå så mange episoder av sex og singelliv som ein kan gjere når ein også skal lese sosiologi. det mest spennande som har skjedd sålangt i dag, er at eg spiste ein ciabatta med eggesalat og spekeskinke til lunsj og at eg kjøpte ein heilt perfekt ullkardigan i prima kvalitet på ein bruktbutikk. så heilt bak mål er det ikkje, men altså, kom ån, mandagar er ganske kjipe greier, og særleg dei mandagane du vaknar aleine, spis frokost aleine, middag aleine, kveldsmat aleine, legg deg aleine, for kjærasten er i eit heilt anna land. akkurat i dag må eg berre gjere noko så det snart skal bli onsdag og han skal komme heim og halde hardt rundt meg. berre seks og ein halv time til tirsdag, da.

lørdag 1. oktober 2011

sigrid agnethe, 22 år


hallo! sidan det forrige innlegget handla om at de skulle seie hei, tenkte eg å gjere det same. det er på ein måte litt kleint å gjere ein sånn her ting, presentere meg sjølv, men sidan dei aller fleste blogginnlegga mine handlar om hjerte/smerte/venar/kvardag/dilldall, tenkte eg at eg kunne skrive eitt om kun meg sjølv for alle dei nye som kjem inn hit, litt som å vere den nye jenta i klassen, liksom.

eg heiter i alle fall sigrid agnethe, og kjem frå ein liten by i nord-norge. for tida bur eg i tromsø, nordens paris, men før det budde eg i oslo pluss pittelitt i paris (der mellom anna bildet er tatt, men det var ikkje da eg budde der). i oslo og paris studerte eg litteraturvitskap, som eg har ein bachelor i, som eg ikkje veit kva eg skal bruke til, for no studerer eg samfunnsplanlegging og kulturforståing og synst det er heilt kongolini. eg har ein veldig fin familie og ein utruleg kjekk kjæraste som heiter sigbjørn, han har krøller og er forfattar og eg er veldig forelska. utanom det så jobbar eg i ein undertøysbutikk og synst det er fint, og kan anbefale alle jenter å få seg ein ordentleg god bh. anbefalast! ellers: liker musikk, film, mat, øl og å sove lenge om morgonen. eg bloggar stort sett utan bilde for eg er så sjukt dårleg fotograf, men eg skriv stort sett mykje fordi eg liker å skrive, og ein kan jo berre håpe at de skal like det eg skriv. ein må ikkje vere rakettforskar for å skjønne at det her er ein ganske personleg blogg.

ja, men det trur eg var alt. ellers er det berre å spørre. no skal eg bruke resten av laurdagskvelden til å høyre på dei fulle tenåringane som lagar lyd utanfor og tenke på kor sjukt glad eg er for å skulle vakne totalt utan fyllesjuke i morgon tidlig. det liker eg òg.