lørdag 13. juli 2013

identitetskrise



det var så mykje lettare å skrive her inne før, sjølv om eg ikkje berre skreiv om lette ting. noko skjedde da eg flytta frå oslo og til tromsø, der kjærleiken var, der hjartet mitt måtte vere. det var meir lengsel, eg var oftare aleine, gjekk ofte rundt og venta på å få besøk, gjekk på do i alle pausane på universitetet for å ikkje vere aleine blant folk som var saman med andre. eg hadde ein jobb eg var glad i, der eg fekk lese bøker høgt for ein gut med kvitt hår, eg hadde inga&christian, eg hadde venar eg dansa med, venar eg drakk te hos, men han hjartet banka for var i ein heilt annan by.
så flytta eg.
og så endra ting seg. bloggen endra seg fordi livet endra seg. eg kom heim på ein heilt ny måte, heim til nord-norge der folk klisjéfylt nok snakkar rett frå levra, framande folk tipsar kvarandre om kva for brød som er best når dei treffast i brøddisken, kundar seier til meg at eg har fin stil, folk ser kvarandre i auga. og eg, eg har ein å halde i handa, som eg lever med og elskar og vil ta vare på. plutseleg har eg ikkje behovet eller behaget for å skrive om mine eigne kjensle her inne, ikkje på same måte som før.
så no veit eg ikkje kva den her bloggen skal vere. trur den har ei identitetskrise.