torsdag 10. januar 2013

eit kort innlegg om feminismen

(foto: heidi)

i mi draumeverd, står eg opp til eit internett som ikkje fortel meg korleis eg skal kle meg, korleis eg skal te meg, korleis eg skal sminke meg riktig, korleis eg skal kjenne mine eigne former, korleis eg kan bli deiligare og få fleire til å like meg utifrå korleis eg ser ut, eller korleis kroppen min framstår. 


i mi draumeverd sluttar jenter å spare konfirmasjonspengane sine til silikonpuppar, i mi draumeverd tenker jenter at dei er bra nok som dei er, i mi draumeverd tenker ikkje jenter på hårfjerning som noko dei må gjennom foran kvar fest for ellers vil legghåret visast gjennom strømpebuksa.

i mi draumeverd hadde vi ikkje trengt ein kvinnedag og vi hadde ikkje trengt alle diskusjonane på nett eller i radio eller i avisane om vi verkeleg treng ein kvinnedag og om feminismen ikkje eigentleg har utspilt si rolle, for likestilling og likeverd ville vore så innarbeida og naturleg for oss at vi ikkje hadde følt behov for å markere det, kvar dag ville ha vore kvinnedag, kvar dag ville ha vore mannedag, kvar dag ville det ha vore likestilling, kvar dag ville ha vore fin for alle fordi feminismens kampar ville ha nådd fram, kvinner i india ville ikkje bli voldtatt til døde for å vere ute seint på kvelden og menn og kvinner ville ha tent like mykje for det same arbeidet.

i mi draumeverd sluttar vi å snakke om feministar som "dei med hår under armane som ikkje brukar bh", vi sluttar å seie "eg er feminist, men eg har ikkje hår under armane altså!", vi sluttar å forsøke å distansere oss frå desse som om dei skulle vere pesten, vi sluttar å unnskylde oss sjølv, som om det å ha hår under armane skulle vere noko farleg, som om hår eller ikkje hår er nokon andre enn vår eigen sak, i mi draumeverd skjønner vi og andre og heile verda at det ikkje er kroppshår, klesstil, seksualitet eller framtoning som betyr mest, men verdisynet vårt og korleis vi vel å gjere det til det viktigaste vi har.

i mi draumeverd hadde alle skjønt kor viktig det er at vi aldri gir opp, kor viktig det er å ikkje ta ting for gitt, kor farleg det er å seie seg nøgd når kampen ikkje er over; han har såvidt starta.