fredag 15. juni 2012

velkomen heim


du veit det fortsatt er ein levande organisme når du vaknar den dagen han skal kome heim og du ser på klokka og reknar ut kor mange timar det er til han kjem heim igjen,
til du høyrer trinn på trappa og at handa hans tar i dørhåndtaket, 
og du sprett ut i gangen for å sjå at han står der igjen, som han aldri skulle ha vore borte, igjen plassert der han skal vere, 
og du veit ikkje kven som skal kysse kven først, blir sjenert og nervøs igjen, etter all denne tida,
og det augneblinket du kyssar han, kjenner du deg heil igjen, kjenner at no er han heime, no er de heime saman,
og du håpar han luktar kor godt håret ditt luktar eller at han synst du er fin i det nye skjørtet, at han synst det er fint å sjå deg igjen, at han har sakna deg slik du har sakna han, 
og når de ligg samanfiltra seinare skal du klemme han ekstra tett inntil deg og seie
velkomen heim.

onsdag 6. juni 2012

tristesse dechifrert

1. og plutseleg hulkar du, utan å kunne setje ord på korfor, du hulkar som ein litan unge som ikkje får is til dessert, prøvar å setje ord på korfor du hulkar, men kroppen vil bare støte ut gråten, tårane, ikkje orda

2. du kjenner tårane fylle heile deg på innsida, på utsida, det kjem ut frå auga og renn inn i øyra, ned i håret, blandar seg med hårstråa, inn i nesa, du kyssar og veit det må smake salt for han

3. han seier det kjem ein ny dag i morgon, ein blank dag og det får deg ikkje i betre humør, tvert om, du hulkar meir, enno ein slik her dag, enda ein slik dag kor du skal sitje aleine og lure på kor du skal starte

4. her er problemet: du veit ikkje. du vil skrive, men får ikkje til. du vil gjere noko viktig, men veit ikkje kva. du vil at nokon skal vite at du finst, men veit ikkje korleis det skal skje

5. og det er meir. det er ingen som kjem til å stoppe deg på gata og vil ha deg med på noko fantastisk, ingen som ringer og seier at du må skrive ei bok, ingen som vil gi deg noko utan at du gir noko først

6. sånn er det å bli vaksen, det er vondt, vondare enn nokon har fortalt deg før, du må jobbe, du må gi, det er ingen som gir deg noko automatisk, du blir ikkje valt inn i styre ved å sitje aleine heime

7. og du tenker at det vondaste som finst, er å tenke at ein ikkje betyr noko, å tenke at ingen ringer på døra di, at du like gjerne kan vere heime som å gå på fest, det gjer ingen forskjell

8. han seier at du må hugse på at det finst i alle fall ein som er avhengig av deg, og du veit at det hjelp litt, det veit du, tenk på det når du blir lei deg, tenk på det tenk på det tenk på det

9. noko må skje. og ingenting skjer av å synes synd på seg sjølv.
(det er ikkje hyggeleg å vere lei seg)

tirsdag 5. juni 2012

sommar.


i fjella er det fortsatt snø, dei snødekte fjella speglar seg i det stille havet, det er sol og på termometeret i kjøkkenet står det at det er 30 grader ute, det er sjølvsagt ikkje 30 grader, det er i sola, men det er varmt, eller, det snør ikkje, og ein kan heilt fint halde seg ute i fleire timar utan å fryse, 
kanskje det er dette vi kallar sommar, det er som om nokon knipsar i fingrane og seier NO folkens, kle på shorts og sandalar og kom dykk ut! og eg kjem meg ut. ligg på ein grasflekk i hagen bak huset og kjenner sola varme opp kroppen, huda, hjartet, 
og eg kjenner at eg kunne ikkje ha venta lengre, 
no måtte det komme,
ikkje ei veke for tidleg.

men knutane har løyst seg opp, eksamen er over, sommaren har kome, det er blå himmel, eg har ein sykkel, det er lyst heile døgnet, ein kan ikkje skilje natt frå dag, morgon til kveld, eg har funne det perfekte krydderet, eg har ikkje grått sidan 1.mai, eg les to bøker i uka, eg er forelska,
og det her skal bli den lykkeligaste sommaren nokon gong.