torsdag 28. april 2011

uppsnärjd i det blå


eg er i trondhjem i helga saman med sigbjørn for å vere på litteraturfestival. i morgon skal han vere flink forfattarmann og eg skal vere stolt forfattarkjæraste. fram til da, går tida med på å drikke vin, spise pizza, spise is, helse på kjærastefamiliebaby, møte frode grytten i frokostsalen, sjå på havet frå kafeen på rockheim og generelt ha det fint og ikkje tenke på at snart er eksamen her og snart er slutten på alt, starten på noko anna. skyv det framfor meg og brukar tida på å sjå på himmelen. god helg!

onsdag 27. april 2011

jag rycker ut/jag ger mig av på klassiskt manér


eg er ein av fleire hundre, kanskje ein av fleire tusen, menneske i oslo som har kapra seg ein kaffe frå ein kaffebar eller kafé ein heilt vanleg lørdag når vinteren held på å gjere seg om til vår. silje og eg har pelskåper, fake såklart, såklart er dei fake, pelskåper og store solbriller, vi krøker oss til frogner, eg held fast i silje si arm, silje held seg fast i mi, slik går vi, som om vi skulle ha vore 80 begge to, og kanskje vi allereie er det, der ein stad inne i hjernen, og kanskje skal vi bli slik, seksti år frå no, halde oss fast i kvarandre, ikkje berre fysisk, men meir enn det, det er noko som held oss fastare, tettare, eit sterkare bånd ein ikkje kan sjå slik ein kan sjå armer som lenker seg i kvarandre, men det tenker vi ikkje på no, vi vil berre ha kaffe, ein plass å sitte, folk å sjå på. mor mi seier alltid at ho vil på kafé for å sjå på folk, eg har alltid nikka og blitt med, stas å få vere med på kafé. sjølv har eg blitt ein del av ein masse menneske som drar meir eller mindre målretta til ulike bydelar i oslo for å leite opp ein kaffe, sladre, planlegge kvelden/livet/kjærleiken, og eg merkar at eg har eit enormt behov for å vere ein del av denne massen sjølv om alt eg vil er å ikkje vere som dei kjipe gravide damene som skal ha dobbel latte på lett i beger, eller han fyren som knaskar kaffebønner rett frå posen, eller dei to gutane frå oslo som roper meir enn dei snakkar. eg drikk kaffen min og tenker at eg óg vil vere ein slik ein som drikk kaffe og synst det er naturleg, eg vil vere ein del av alle, eg vil vere meg sjølv. eg vil ikkje på kafé for å sjå på folk, eg vil ha kaffe og sladder og flire, drit i folka.

vel heime kjem eg på at eg ikkje tåler kaffe, legg meg i fosterstilling, og det går to månader til neste gong eg prøver meg på same greia. eg blir garantert med om du spør.

mandag 25. april 2011

i just want to go out every night for a while


no altså, no er det ei stund sidan sist eg skreiv noko, utan at eg heilt kan sette fingaren på korfor. eg har hatt ein lang ferie, ein dag igjen, ein skikkeleg lang ferie og så er det tilbake til livet, til oslo, til å fullføre ein grad, lese meg opp og ferdig, gjere meg ferdig, levere inn eksamen, smile på bilde, gå til jobb i solskinn og nye solbrillar, spise lunsj på lærarrommet, stå bak kateteret og seie "hysj!" eller "korr flink dåkker e", jobbe, tjene pengar, gjere meg ferdig, bli ferdig, sette punktum. eg har omlag sju veker igjen i oslo før eg skal ha pakka livet i bananesker og sende dei nordover og eg veit nesten ikkje kor eg skal starte. snart begynner nedtellinga, snart er ein epoke over, og så kjem ein annan og avløyser. det er mykje eg ikkje veit enno, mykje eg ikkje veit korleis skal bli, men eit par ting veit eg: den her våren skal fanden meg utnyttast! no skal spor setjast. oslo, no kjem eg, det blir lenge til neste gong eg kjem heim til deg, så no bør du ha saker og ting å by på. sjå opp for sprut og fart.

fredag 8. april 2011

ti fine ting på ein fredag

(bilde er ikkje frå i dag, men det kjenst slik i kroppen i dag, rakettar og fyrverkeri)

1. å vakne ved siden av han som hjartet bankar for

2. amalie skram - "forrådt"

3. å ta på kjole og gå ut i verda

4. kake og kanelkaffe på gerbeaud (med appelsinsorbet på sida, herr-e-gud, så godt)

5. å halde hender på metroen

6. tilbakemelding på kvalifiseringsoppgåve, med kommentaren "en utmerket oppgave" og rope JESS høgt til seg sjølv

7. å setje av tid til kvarandre og til kos

8. røde burberry-ballerinasko som får vere med ut på tur

9. italiensk pizza

10. berre det å ha ferie og kjenne at sola varmar og at ting ordnar seg og at ein er flinkare enn ein trur og at uansett er det snart sommar, både her, i oslo og i harstad


kva har fredagen din vore? fortell!

mandag 4. april 2011

budapest baby

halloien,

no bloggar eg frå verdas største land.
om du trudde det var kina, tok du feil,
det er utlandet,
nærmare bestemt: ungarn
(som ikkje er verdas største land).
vi bur i ei leilegheit som ser ut som ein moské inni,
og det er sikkert fire meter frå gulv til tak.

i dag har eg:
1. tenkt at det er bra at eg har med to shortsar, for her er det varmt
2. skjønt to ord på butikken: "kefir" og "bulgur" (kjøpte ikkje nokon av dei, men tippar at det blir bulgur ein gong)
3. spist chorizo
4. jogga i ein stor park saman med sigbjørn
5. tatt på meg ny ansiktsfuktighetskrem og tenkt at det er så deilig, så deilig.

søndag 3. april 2011

piano.

eg tenker ofte på ting eg har sett, ting som finst i ei tid som er over. og eg tenker på hender eg har sett, på ei tolvårsgamal jente som speler piano, på fingrane hennar, tjukkare enn mine eigne, kvite, dei er nesten grønne så kvite er dei, og huda er ikkje mjuk og tørr som min, men glatt og nesten fuktig, som om ho har svømt rundt i myrlandskap, nesten våte hender med skjær av grønt som spring over pianoet med styrke og presisjon, det er hender som veit kor dei vil, og eg tenker på ordet "pianofingre" og eg veit at eg sjølv har det, lange og tynne som flyttar seg fort, ikkje slik som hennar fingre, tjukke, fuktige, kvite med heilt nedbitte neglar, men det er ho som spelar piano, ikkje eg, eg har eit lite keyboard og kan skala og lese noter, men ho utan pianofingre, ho kan spele, ho kan det, men hendene hennar tilhøyrer eit sumpdyr og nokre år seinare er det ikkje berre fingrane, men heile ho, heile ho er eit sumpdyr og det er for seint å gjere noko uansett, små fuglar med knekte vingar kan du redde, men sumpdyr vil ingen ta i, men spele piano, det kan ho.

fredag 1. april 2011

havet, livet, kjærleiken, april



med den her songen som soundtrack kjem april snikande inn og blir her ei stund. foreløpig er april å dra tidleg heim frå jobb og berre legge seg og kjenne meg pjusk og sove det bort, å gjere alt på lista, ein etter ein ting blir kryssa av, fluorskyll blir kjøpt, det blir vaska, bøker, kart og badedrakt blir funne fram, det blir frossenpizza til middag og eg gler meg til gullrekka og ein ny dag i morra, når kjærleiken kjem til byen og snart drar vi! og alt medan denne songen speler, ein av dei absolutt finaste songane eg veit, den høyrast ut som å ligge i senga langt over klokka 12 saman med ein ein er glad i, nyvaska gulv, sitronbrus, kvite bomullstruser og eit hav som aldri har lyst til å legge seg for å sove. god helg.


(ps. takk for at de er så fine og kommenterer så fint, det varmar, på ekte! og hallo til alle nye, fint å sjå dykk.)