søndag 3. april 2011

piano.

eg tenker ofte på ting eg har sett, ting som finst i ei tid som er over. og eg tenker på hender eg har sett, på ei tolvårsgamal jente som speler piano, på fingrane hennar, tjukkare enn mine eigne, kvite, dei er nesten grønne så kvite er dei, og huda er ikkje mjuk og tørr som min, men glatt og nesten fuktig, som om ho har svømt rundt i myrlandskap, nesten våte hender med skjær av grønt som spring over pianoet med styrke og presisjon, det er hender som veit kor dei vil, og eg tenker på ordet "pianofingre" og eg veit at eg sjølv har det, lange og tynne som flyttar seg fort, ikkje slik som hennar fingre, tjukke, fuktige, kvite med heilt nedbitte neglar, men det er ho som spelar piano, ikkje eg, eg har eit lite keyboard og kan skala og lese noter, men ho utan pianofingre, ho kan spele, ho kan det, men hendene hennar tilhøyrer eit sumpdyr og nokre år seinare er det ikkje berre fingrane, men heile ho, heile ho er eit sumpdyr og det er for seint å gjere noko uansett, små fuglar med knekte vingar kan du redde, men sumpdyr vil ingen ta i, men spele piano, det kan ho.

1 kommentar:

  1. vakkert, igjen. jeg lurer på om hun fortsatte å spille piano eller om hun lot være.

    SvarSlett