tirsdag 5. oktober 2010

sakn


saknar leiligheita i tredje etasje i 3 rue jean de beauvais, ei gate som spring ut av boulevard saint-germain i 5ème arrondissement

saknar å kunne gå til mosquée de paris og drikke thé du menthe med småfuglar flygande over hovudet mitt, sjølv om eg gjorde det cirka aldri, så hadde det vore så fint å berre ha sjansen til å gjere det kva tid som helst, ein halvtime å gå heimefrå

saknar montmartre og å kunne gå forbi kafeen der amèlie jobbar, café les deux moulins, som eg gjekk på den siste veka eg budde i paris og spiste crème brulée som var kjempegod og det hadde vore så fint å berre kunne ta metroen opp til barbès-rouchechouart og komme meg fort unna boulevard de clichy og berre gå rundt i montmartre, kjøpe salt snop på den svenske butikken, sjå på byen frå sacre cæur, ta karusell på ein fin hest

saknar at heile byen er full av ting eg ikkje har sett, men som eg veit at eg vil sjå, og som eg har tenkt på i mange år, ein by fylt av edith piaf, edith piaf på alle gatehjørne

saknar å gå langs seinen på ein dag med fint ver, kanskje mot louvre, kanskje mot musée d'orsay, kanskje på tur til universitetet, kor som helst, berre eg kan gå dit,

åh paris, med elva, med pittesmå leiligheiter, med billig vin, med crème brulée, med montmartre, med spøkelset av edith piaf, med panini på hjørnet, med ein illeluktande metro, ein by som luktar urin, nystekte baguettar og tung tung parfyme, deg som eg venta på å dra ifrå. eg vil tilbake. eg saknar deg så.

2 kommentarer:

  1. Jeg kan godt skjønne at du savner det der. Håper mintte på Sagene er en miniminierstatning enn så lenge :)

    SvarSlett