torsdag 3. mars 2011

symje



Som ungar stod vi framfor symjebassenget. Sakte steig vi ned, eg først, ned trappa og ut i vatnet, forsiktig med stega til ei lita pike som har tatt på seg oppgåva til ei vaksen dame, usikker både på vatnet og han som kjem bak. Nede i vatnet snur eg meg og prøvar å nå handa di, men rekk ho ikkje, seinare skal eg tenke på at jo, men eg var jo borti foten, det må jo ha betydd noko, men det er ikkje før seinare. Vi er i bassenget, du og eg, i vatnet, her har vi vore før, aldri saman, alltid med ein annan, ein anna gut, ei anna jente, sumt forbi kvarandre, men no er vi her saman og eg prøvar å nå handa di, men rekk ho ikkje. No er vi her, vi kan begynne å symje, men det går ikkje, noko held oss igjen, armane lagar rørslene, armane vil framover, men føtene blir heldt igjen, som om nokon står på startstreken og held rundt dei slik at vi ikkje kan sparke frå, vi kan ikkje sparke frå, vi kjem ikkje av flekken. Plutseleg lausnar grepa litt, vi kan symje saman, eg ligg litt framfor deg i løypa og så endrar det seg, og eg ligg bak deg, og så er vi på same plass, same lengde. Eg kan kjenne korleis vatnet røyrer seg rundt meg når du sparkar frå, vatnet vibrerer og slår mot meg, eg kan kjenne at du er nært meg, kjenner det rundt låra, kjenner det i auga kor klorvatnet angrip og får tårane til å renne ned kinna mine, men det gjer ingenting fordi vi er i vatnet. Nokre ting er gode, noko kan eg kjenne og tenke er godt, andre ting gjer vondt, og når vi har sumt nokre rundar er vi tilbake der vi starta og noko vil halde oss igjen, usynlege hender rundt føtene som vil sparke frå. Det går ei tid. Tid som kan målast i avstand, i lengsel, i lyst, i glede, i sinne, i tvil, i endelaus lykke, i håplaus fortviling, tid som kan målast i dagar ifrå kvarandre, i timar saman med kvarandre, i kilometer, i millimeter. Og så går det ei tid, timar, dagar, år, og grepa er der ikkje lenger, og vi kan symje så mykje vi vil, mot målet, 25 meter kvar vei, fram og tilbake, heilt til vi vinn symjeknappen i sølv, gull, platina, bevis i edle metall som kan fortelje oss kor flinke vi har vore, kor lenge vi har haldt ut. Vi er fri, no kan vi gjere alt, vi kan gjere alt saman, symje ved sidan av kvarandre som to delfinar i vatnet, og når vi blir slitne, går vi opp frå bassenget. Vi har vore så lenge uti at huda har blitt som rosin, og du seier at eg ser ut som ein rosin og eg seier at det gjer du også og eg tenker at vi skal bli rosiner ilag. Som ungar stod vi framfor vatnet, og vi skal aldri stige opp, ikkje på ordentlig, vi skal symje her saman heilt til lysa blir slått av og alle må gå heim og mannen som skal låse ventar utålmodig. Her skal vi vere.

4 kommentarer: