mandag 14. mars 2011

j'y pense et puis j'oublie, c'est la vie, c'est la vie



eg har spraya meg med chloé-parfymen min, den som alle har, den som eg brukte heile det halve året i fjor da eg budde i paris, og det er akkurat det eg tenker tilbake på når eg luktar sånn her. eg sto foran speilet og tok han på meg istad, og plutseleg var det som at eg sto foran speilet i 3 rue jean de beauvais og skulle dra til universitetet ved malesherbes. magen knytta seg litt automatisk ved tanken på det varme biblioteket kor alle studentane kviskra heile tida og alle jentene gikk med høge hælar, ein fikk aldri ro, og foran meg lå franske romanar eg skulle igjennom, franske romanar eg skulle lese, lunsj eg skulle spise, coca chérise eg skulle drikke. men så er det her ein heilt vanleg mandag med dusjing, oppvask, müsli-frokost, hår som ikkje vil vere fint, jobb, middag, alt det der heilt vanlege i vanlege oslo. nokre gonger saknar eg paris til eg blir grønn, og da er det fint med musikk som tar meg tilbake, til festane, til vêret, til boulevardane, til panini, til café chérie, til å handle baguett og leverpostei på franprix og ikkje klare å få opp plastposen, til å sende kort heim til norge, til å ta metroen fram og tilbake, til eit liv som i bunn og grunn var heilt likt det eg har her, men samtidig heilt forskjellig.

4 kommentarer:

  1. åh så fint! eg har sånn lyst til paris, ein gong skal eg bu der, det må eg! aller fyrst skal eg bu i oslo. vanlege oslo for deg, eksotiske oslo for meg. åh fy som eg gler meg, eg trur det blir bra. det blir bra!

    SvarSlett
  2. så fint. å, paris. jeg liker oslo også, da. men det er noe magisk der... finsang! hurra. og du beskriver ting så fint, du.

    SvarSlett
  3. de er så søte, eg kan ikkje få sagt det nok!

    SvarSlett