lørdag 12. mars 2011

om språk

i går fikk eg ein kommentar som gikk ut på at eg vaks opp i nord-norge og aldri har hatt nynorsk som første skriftspråk, og som avslutta med eit spørsmål om eg ikkje synst det er pretensiøst å skrive på nynorsk, når det aldri har vore første skriftspråk.

eg har tenkt på dette i nokre timar no, og min første tanke (og kommentar tilbake) var "ikkje i det heile tatt". no er jo det å skrive den her bloggen i det heile tatt utan tvil ei heilt sjukt pretensiøst greie, det å få livet mitt til å virke interessant, spennande eller spesielt, ei gigantisk trang til å vise fram meg og kven eg er og kva eg gjør og gjere det på ein interessant nok måte. det er no ein ting. men det her med språk, veit eg ikkje heilt. eg har tidligare fått spørsmålet om korfor eg skriv på nynorsk og fått kommentarar på at det er langt frå feilfritt, og eg har prøvd å svare så godt eg kan. den enklaste grunnen er slik: eg har alltid, så lenge eg kan hugse, vore veldig glad i å skrive, og tenkt at "når æ blir stor, skal æ skrive ei bok". da eg begynte på vidaregåande, skjønte eg av dei tilbakemeldingane eg fikk frå dei som las tekstane eg skreiv at det var ikkje berre noko eg trudde sjølv, eg hadde faktisk noko i meg og eg kunne skrive fine tekstar. ein stad oppi alt det her, merka eg likavel at noko hadde endra seg. eg merka at eg sjølv likte betre dei historiene, dei setningane, den stemmen som fantes i tekstane når eg skreiv på nynorsk. eg gjorde meg ferdig med vidaregåande, begynte på universitetet, skreiv tekstar på fritida, alle på nynorsk. eg merka at det språket eg førte tekstar i når eg skreiv dei på bokmål, ikkje høyrtes ut som meg, og det høyrtes ikkje ut som noko eg kunne verkeleg relatere meg til. det høyres antaglegvis sjukt pretensiøst ut, og slik må det vel ein gong vere, men min grunn til å velge nynorsken som skriftspråk i "vaksen alder", er altså så enkel: den passa mitt språk og min stemme mykje betre enn det eg syntes og fortsatt synst at bokmål gjer.

no trur eg ikkje at nokon kjem inn hit fordi dei vil lese nynorsk, eller fordi det er ein nynorsk-blogg, eg har ikkje ei sterk nynorsk-identitet, og kjem antaglegvis aldri til å få det. om ein vil lese nynorsk, finst det mange andre som skriv meir korrekt og antaglegvis betre enn eg, internett er stort og det finst bøker i hopetal som ein kan forsyne seg av på bibliotek og i butikkar. det eg vil med den her bloggen, er å skrive det eg vil, det eg tenker på, det eg synst er fint, det eg synst er dritt, alt som er inni meg, til ein viss grad, i eit språk som passar meg. at det er nynorsken, synst eg er fint og bra, og om det er pretensiøst, får vere opp til andre å bestemme. helst av alt vil eg berre at de les det som står, det eg skriv, og så får det på grunn av eller til tross for språket det er skrive i, og om du ikkje liker det du les, foreslår eg at du finn deg ei anna nettside å lese på, for internett er seriøst fylt til randen av alt muleg som ikkje står skrive på nynorsk. det var alt eg ville si. god helg.

5 kommentarer:

  1. Jeg veit ikke helt hva pretensiøst er, men hvis måten du skriver på er det, er det jo helt fantastisk! :)

    SvarSlett
  2. eg syns no det er flott at nokon som ikkje har vakse opp med nynorsk som hovudmål, vel å gjere det til sitt hovudmål! det er trist nok å sjå det gå den andre vegen. vi treng fleire som deg, som går mot strømmen. og å gå mot strømmen er kanskje pretensiøst (ikkje veit eg), men det er også modig og ekte og utruleg naudsynt!

    God helg til deg også! :)

    SvarSlett
  3. du er tøff! jeg heier på deg og på nynorsk og skjønner hva du mener med den stemmen som man kan føle når man skriver på nynorsk. pretensiøst eller ikke; jeg liker det. (om jeg skulle mene noe om den saken syns jeg det er litt pretensiøst å beskylde noen for å være pretensiøse på grunn av målformen de bruker. men det er kanskje bare meg.) god helg, sigrid!

    SvarSlett
  4. Nynorsk er eit levande spraak og ein faar lov til aa velge det dersom ein synst at det passar ein best. eg har vokst opp med engelsk som einaste morsmaal, har budd i london og oslo, men har vestlandsk familie, og eg har valgt aa tileigne meg deira dialekt fordi eg synst det er fint og at det passar meg. Eins spraakleg identitet kan ein velge sjoelv.

    SvarSlett
  5. Jeg synes bare det er fint at du har valgt nynorsk. Man kan jo faktisk velge selv, og at noen velger å gå mot strømmen er fantastisk!

    Jeg synes nynorsk er nydelig å lese, men kunne aldri valgt å skifte selv. Jeg tror det er fordi dialekten min ligger så tett opptil bokmål at det hadde blitt rart. Men all kudos til deg!

    SvarSlett