tirsdag 22. mai 2012

eksamensangst.

sjølv om det ikkje virkar sånn akkurat no eller akkurat i dag, så finst det eit liv etter eksamen. eg er stort sett sånn som disponerer den veka eg har fått til rådigheit på ein ganske avslappande måte, som vil seie at eg slipp å sitje foran dataen og skrive kvar dag. nokre dagar må hjernen ha pause til å tenke nye tankar. i dag har det vore skrivedag og i starten av side sju blir dagens punktum sat. og så går resten av dagen og eg klarar ikkje slutte å tenke på alt eg ikkje har skrive, alt eg ikkje har fått med, alt eg ikkje forstår, heile tida tanken på at eg ikkje svarar på oppgåva, og at det er heilt idiotisk at eg har søkt master til hausten. pinar meg sjølv innvendig, sjølv om det så langt i løypa ikkje har vore grunn til å gjere det. men eg seier det, ein gong for alle: eksamen er noko dritt.
heldigvis finst det eit liv etter eksamen, frå fredag er det sommarferie. det hjelper å tenke på at det kjem ein tre månadar lang ferie med tomrom til å lese kva som helst kva tid som helst, til å sove så lenge eg vil, leggje meg så seint eg vil, trene kva tid eg vil, sykle kva tid eg vil. det kjem ei tid da denne veka med smerte berre vil fortone seg som ein bokstav på eit papir gjøymt bort i eit brannsikker arkiv, ei veke, 168 timar med vekslande tru på meg sjølv, som til slutt berre er litt blekk på eit papir nokon har skrive ut, slik dei skriv ut tusen liknande papir i året. ein dag betyr dette ingenting meir. gledar meg til den dagen.

4 kommentarer:

  1. Lykke til med den siste uka :) (men må du ikke ta 2 år til på bachelor før du kan søke deg til master?)

    SvarSlett
    Svar
    1. takk! og for å svare på spørsmålet ditt: jo, ein må eigentleg gå 2 år til, men eg har ein bachelor frå før som eg håpar på å kunne få passa inn slik at eg kan komme inn på master allereie no til hausten :)

      Slett