lørdag 28. april 2012

skrivesperre

det var så lett ein gong i tida. å skrive her. for eitt år sidan, aleine på eitt eige rom, middag for ein, sakn framfor skype på macen, da var det lett. det var så mange kjensle å skrive ut, så mange tårar inni meg, så mykje sakn som ville ut, så mykje kjærleik i fingertuppane.
og no?
kjærleiken er der. men saknet, sorga, einsemda, borte. heldigvis, såklart, for å bytte einsemda og aleinemiddagar med middag for to og å kunne pusse tennar saman med den finaste mannen eg veit, må ha vore på topp fem-lista av dei luraste tinga eg har gjort for meg sjølv. kanskje til og med topp tre.
men korleis skriv ein ekte om det gode? om kvardagskjærleiken? om å vere lykkeleg?
det veit eg ikkje.
eg vil ikkje skrive om vonde ting meir. eg vil skrive om det som er godt og det som er livet mitt no. eg må berre finne ut korleis. og om det finst plass til det. og om det er vits.

no skal eg stirre på dei kvite nellikane eg har kjøpt for helga og lage chili con carne for å finne inspirasjon og svar. god helg!

1 kommentar: