lørdag 7. april 2012

no, fire år etter


på eit tidspunkt må vi ha slutta å bli invitert på fest, slutta å gå på dei same festane. eit sted langs vegen må vi ha slutta å bry oss, slutta å lage events på facebook, "jentekveld", "reunion", "julefors!", slutta å leite gjennom kontaktlista for å sende ut fellesmeldinger om kor vi skal møtast i kveld. eg kjem heim til påske og bryr meg berre om dei aller nærmaste, vil ikkje møte folk eg strengt tatt ikkje bryr meg om meir, hadde vi ville møtt kvarandre, hadde vi allereie gjort det for lenge sidan, ringt kvarandre når det blei tunge tak, når dagane var lette, ikkje sant, hatt kvarandre på speed dial, om det verkeleg hadde heldt seg.
no sitt vi, tre stykkar, og snakkar om kor godt vi har klart oss, kor bra det har gått, sjølv om vi ikkje lengre ser nokre av dei vi såg kvar dag i tre år for nokre år sidan. vi går inn på facebookprofilane til dei viktigaste, flirar, peikar, lurar på korleis det barnet skal vakse opp med dei foreldra, ler meir, tar bussen til byen.
når vi kjem ut og skal inn, er dørvakta han som var kongen av alle på vidaregåande. han, som var betre enn alle andre, slik han og gjengen såg det sjølv, held døra opp for oss. vi vant.

1 kommentar: