torsdag 5. januar 2012

all i know is there's something new this year//all i know is there's something new real near

plutseleg skal ein lære seg å skrive 2012 bak datoen, ikkje 2011, alltid eit sant strev når du begynner på skolen på nytt, å skrive det nye året, når du er vant til å skrive det som var, dette og alltid svare når nokon i klassen spør deg kva du fikk til jul i år, etterfulgt av rødming, for det har jo ikkje vore jul i år, det var ifjor, det er uke ein og vi startar på nytt, med blanke ark og fargestiftar tell



det forrige året var endringar, i bustad, i jobb, i skole, i nærleik, i venskap, i norge, før og etter ein dato, og sjølv om noko endra seg, er eg redd vi er tilbake der vi var før, men eg håpar det skal halde seg, håpar, men det viktigaste for meg, var uansett alle endringane, å flytte frå oslo til tromsø, frå sør til nord, frå seine kveldar foran macen til tidlige morgonar ved sidan av eit pustande menneske, frå å alltid sakne til å ha skatten framfor meg nestan kvar dag, frå å lese "verdens største fersken" til verdas herlegaste tiåring til å selgje brysthaldarar til nittiåringar, og eg tenkte innimellom på om det var dei rette endringane, å dra frå eit liv og kome til eit anna, det var sårt, men godt, og i 2012 startar året med å verkeleg ha flytta inn saman med han som får hjartet til å banke hardare og magen til å stupe kråke, og eg tenker at det ikkje burde vere på nokon anna måte


i 2012 skal eg fortsette å vere den snille jenta eg er, drikke meir te i lausvekt enn i pose, passe betre på dei eg er glad i, flire like mykje som før, kjøpe fleire gode bhar, se filmar eg ikkje har sett før, kysse sambuaren alle dagane vi er saman, få mi første kofte, dra til eit sted eg ikkje har vore før, gå meir på kafé, bruke mindre tid på å tenke at eg burde bli mykje tynnare, vere med på å arrangere ein heidundranes festival, lage meir god mat, spise oftare frukost og generelt ha det fint, men ikkje vere redd for å vere trist, lei meg, opprørt, sint eller frustrert, og alt i alt berre vere det fine mennesket eg veit at eg kan vere

takk for det gamle, og hei til det nye. eg er klar.

kva skal du gjere i 2012?

3 kommentarer:

  1. Så mange fine mål og planer! Jeg skal lage masse morsom radio og smile mye og lære meg å lage pasta fra bunnen av. God helg!

    SvarSlett
  2. det er så fint. med et nytt år, altså. kunne se både fremover og bakover, stoppe opp littegrann og bare tenke over alt sammen. i 2012 skal jeg flytte, kanskje til byen jeg kommer fra, legge tiden i frankrike bak meg, kanskje, men før det skal jeg reise ned dit igjen og bo der de siste fire månedene, det blir rart. og så vet jeg ikke hva som skjer etterpå. det er litt fint, også. ikke å vite, altså.

    SvarSlett