onsdag 21. desember 2011

parisienne

på dagar som i dag, lengter eg tusenvis av mil bort. til avenuar og boulevardar, til café gourmand på ein fortauskafé, til å spise ein "menu" på ein billig asiatisk restaurant, til å snakke eit språk kor eg må harke fram r'ane, finne dei langt bake i halsen, nestan flaut å uttale dei for eg bruker aldri den lyden ellers, ikkje når eg snakkar norsk,
tenker på å gå rundt i butikkar og svare "det går fint" på fransk når dama bak kassa spør om eg treng hjelp,
tenker på å seie "non, ca va" når dei spør om eg vil ha kvitteringa for leverposteien og baguetten på franprix,
lengter etter å gå langs seinen ein dag med sol,
etter å sitte langs kanalen seint ein kveld med gode venar og drikke så mykje vin at vi begynner å fortelje hemmelegheitane våre,
etter å ikkje tørre å ha vindauget i stua opent om natta i tilfelle det flyg duer inn,
inn i ei leiligheit med sprekker på veggane og skoesker med gamle kassettar på kjøkkenet.
det er straks to år sidan eg flytta til paris og halvanna sidan eg kom heim, og eg kan nestan ikkje skjønne at det er så lenge sidan dei vakraste og vondaste dagane i mitt lille liv.

alt som skal til for å tenke på desse tinga, er litt raud leppestift, ein stripate genser og ein liten dæsj chloé på håndledda. sigbjørn spør korfor eg ikkje vil reise andre stader, sjå nye byar, men for meg finst det berre ein by. eit avstandsforhold og ein varig kjærleik. eg lengtar til paris og kryssar fingrane for at vi sjåast igjen i 2012. fit for fight.

3 kommentarer:

  1. as-tu vu que la patinoire est completement au dessus de la tour d'eiffel cette année? j'espere que ton noël est joyeaux et jolie! ill talk to you sometime soon sizzle, take care!

    SvarSlett
  2. Sjølv liker eg Paris berre betre og betre for kvar gong eg er der. Draumen er å bo der, men eg veit ikkje kva eg kan gjera der.

    SvarSlett
  3. Akkurat sånn er det. Det finns berre ein by, og om eg får det som eg vil flyttar eg dit i 2012. No lengtar eg enno meir!

    SvarSlett