søndag 5. juni 2011

siste søndag


for nokre år sidan, kanskje ti, budde kristoffer schau i eit utstillingsvindu i oslo der han hadde eit performance-prosjekt ved namn "forfall". der åt han dei eklaste ting, unngikk å dusje, og var generelt eit menneske i forfall. eg har ikkje spist min eigen føflekk. eg har ikkje trakta tran gjennom gammalt brød. eg har dusja jevnleg.

men eg har latt oppvasken stå nokre dagar. eg har begynt å bite neglar igjen. eg har ikkje tørka støv. eg har ikkje bretta kleda eg vaska tidligare i veka. eg har tilbragt utallige timar i senga, utmatta, varm, i smerte, i ein slags sorg, og meska meg i ei kjensle av noko tomt. eg har ikkje spist ordentleg på mange dagar. eg har ikkje kreftar til å setje igang og gjere ting. i morgon har eg siste eksamen i bacheloren min, og eg skal og må stå, ikkje at eg trur at det ikkje går i boks, men det er noko avgjerande over det heile. dommens dag.

eg er sliten, og av og til må det vere lov å la oppvasken stå. av og til må ein få tenke på dei triste tinga. det er vanskeleg å ikkje fortape seg i dei, motsetje seg å tenke på det. om ti dagar, er eg ikkje her meir, da er eg heime i nord med familien min og kjærasten min, og sjølv om det i seg sjølv er heilt fantastisk, får eg ein gigantisk klump i halsen berre eg begynner å tenke på alle eg skal dra ifrå og som eg kanskje ikkje ser igjen på lenge. eg har bygd opp eit slags liv her, med menneske og stader, heilt på eigen hånd, utan hjelp frå nokon andre, og no skal eg forlate det, legge det bak meg, og sjå framover.

men alt kjem til å gå fint. eg kjem til å bli vaksen og skjønne at familie er viktig. eg kjem til å slutte å bite neglar igjen. eg kjem til å ta den oppvasken, brette dei kleda, levere den eksamenen, pakke dei bøkene, vaske desse romma, og så kjem eit nytt liv. må berre halde fram. må kjempe aktivt mot forfallet. må huske å ikkje vere så streng med meg sjølv. må hugse at alt går bra til slutt. sjølv for sånne som meg.

4 kommentarer:

  1. herregud, akkurat sånn har æ også det nu! snart ferdig, snaaaaart. stå på!

    SvarSlett
  2. det kommer til å gå bra <3

    SvarSlett
  3. snart ferdig, står på, held fram. snart ferdig.

    SvarSlett