onsdag 27. april 2011

jag rycker ut/jag ger mig av på klassiskt manér


eg er ein av fleire hundre, kanskje ein av fleire tusen, menneske i oslo som har kapra seg ein kaffe frå ein kaffebar eller kafé ein heilt vanleg lørdag når vinteren held på å gjere seg om til vår. silje og eg har pelskåper, fake såklart, såklart er dei fake, pelskåper og store solbriller, vi krøker oss til frogner, eg held fast i silje si arm, silje held seg fast i mi, slik går vi, som om vi skulle ha vore 80 begge to, og kanskje vi allereie er det, der ein stad inne i hjernen, og kanskje skal vi bli slik, seksti år frå no, halde oss fast i kvarandre, ikkje berre fysisk, men meir enn det, det er noko som held oss fastare, tettare, eit sterkare bånd ein ikkje kan sjå slik ein kan sjå armer som lenker seg i kvarandre, men det tenker vi ikkje på no, vi vil berre ha kaffe, ein plass å sitte, folk å sjå på. mor mi seier alltid at ho vil på kafé for å sjå på folk, eg har alltid nikka og blitt med, stas å få vere med på kafé. sjølv har eg blitt ein del av ein masse menneske som drar meir eller mindre målretta til ulike bydelar i oslo for å leite opp ein kaffe, sladre, planlegge kvelden/livet/kjærleiken, og eg merkar at eg har eit enormt behov for å vere ein del av denne massen sjølv om alt eg vil er å ikkje vere som dei kjipe gravide damene som skal ha dobbel latte på lett i beger, eller han fyren som knaskar kaffebønner rett frå posen, eller dei to gutane frå oslo som roper meir enn dei snakkar. eg drikk kaffen min og tenker at eg óg vil vere ein slik ein som drikk kaffe og synst det er naturleg, eg vil vere ein del av alle, eg vil vere meg sjølv. eg vil ikkje på kafé for å sjå på folk, eg vil ha kaffe og sladder og flire, drit i folka.

vel heime kjem eg på at eg ikkje tåler kaffe, legg meg i fosterstilling, og det går to månader til neste gong eg prøver meg på same greia. eg blir garantert med om du spør.

4 kommentarer:

  1. Decaf! (Fin tekst.)

    SvarSlett
  2. Kanskje du kan prøve å drikke kakao på cafè i staden for?

    Det er eit eller anna magisk ved det å vere på cafè. Sjølv liker eg både å vere ein av massa og studere dei andre, og å vere i mi eiga boble saman med venninne, eller åleine med ei bok.

    SvarSlett
  3. det er sant, eg drikk ofte kakao eller te eller kanskje ein farris, kanskje ein ingefærbrus, det skal ikkje stå på det, men det er noko ekstra med kaffe, altså!

    SvarSlett
  4. kaffe e jo så godt! kjipern for dæ, altså. du har min dypeste medfølelse.

    SvarSlett