mandag 7. februar 2011

when i grow up

nokon spurte meg i kommentarfeltet om eg ikkje kunne skrive litt om kva eg har tenkt å gjere til hausten. det tenkte eg var ein god idé. det her er det siste semesteret i bachelorgraden min i litteraturvitskap, så ein gong i juni skal eg vere ferdig om alt går etter planen. eg har ikkje tenkt å søke på mastergrad i litteraturvitskap, for eg er ikkje heilt klar eller lysten på det. planen er å flytte tilbake til nord-norge, til tromsø, og ta ein ny bachelor på universitetet der. forhåpentlegvis skjønne kva eg vil gjere med livet mitt og korfor. eg har funnet eit studie eg vil søke på, som heiter "samfunnsplanlegging og kulturforståelse", så det er altså planen til no, og det er det planen eg trur det skal bli. han er populær hos nokon, ikkje særleg populær hos andre, men eg trur det er ein god idé. det er ein plan som eg har tenkt ut av ulike grunnar. eg synst ikkje at blindern er ein fin stad å vere, eg er litt lei av oslo og klar for å gjere noko nytt. det er ikkje berre-berre å bli eitt med tanken på å dra herifrå, bort frå venar og stadar eg er glad i, men tanken på nordlys, å bu i same by som kjærasten, å kunne sette meg på båten heim til mamma og pappa, og eit spennande studie fristar. no må eg berre ha plass å bu, plass å studere og ein jobb. lett som ein plett...!

7 kommentarer:

  1. Det høres ut som en god plan!

    Hvorfor likte du ikke blindern så godt?
    Vurderer å starte der til høsten.

    SvarSlett
  2. Høres spennende ut!
    Men, må du ha jobb i tillegg til studie? Får du ikke penger fra Lånekassen? Hvordan greier du å konsentrere om både studering og jobbing samtidig?

    SvarSlett
  3. og så e det jo nåkka med at folk fra nordnorge e litt meir morsom enn andre og at tromsø e en så søkkanes flott by :)

    SvarSlett
  4. Jeg vurderer Tromsø, men har aldri vært der. Er veldig lei av Oslo, og trenger noe nytt selv, og Tromsø virker som en fin by, med rolige omstendigheter.

    Hvordan er det i Tromsø egentlig?

    SvarSlett
  5. anonym1: eg likar ikkje blindern fordi eg synst ikkje det er særleg godt miljø på programmet mitt, og eg synst det er vanskeleg å bli kjent med folk eg ikkje kjenner/ikkje treng å bli kjent med. eg er veldig glad i klassesituasjon eller noko som lignar, men på studiet eg går, er det heile tida nye folk å forhalde seg til, og det synst eg er slitsomt.

    linda: eg trur eg treng å ha jobb i tillegg, fordi stipend+lån ikkje dekkar alle utgiftane mine (dette veit eg av erfaring). eg er ikkje typen til å leve på havregraut og nudlar i ein månad berre få endene til å møtast. og så får eg berre gjere så godt eg kan. det har gått bra til no!

    emmagret: ja! enig!

    anonym2: eg har ikkje vore mykje i tromsø sjølv, men pittelitt, og heilt til no i haust, var eg ikkje særleg gira på å flytte dit. men så kom det ein kjæraste som gjorde det meir aktuelt. inntrykket eg har av tromsø, er at det er ein by med veldig godt studentmiljø og mange bra kafear. og ein veldig fin secondhandbutikk! så da er eg nok redda.

    SvarSlett
  6. og tromsø har nordlys og frisk bris, og lukta av hav. det gjør godt.

    SvarSlett
  7. Det er kjempe fint å bo her, men så har jo jeg bodd her hele livet. Det er faktisk mange aktiviteter å delta på, bare man vet hvor man skal gå, men det tror jeg blir kjempe lett for deg om du begynner på universitetet.

    SvarSlett