lørdag 12. februar 2011

perfekt laurdag


i dag er det ein perfekt laurdag. eg vakna etter akkurat nok søvn, dusja, ordna meg god frukost med god appelsinjus (dette er noko av det viktigaste for å få ein dag til å gå rundt, dei siste dagane har det vore altfor mykje havregraut som eg har ete i all hast). eg sminka meg og hadde på leppestift og solbrillar og såg litt ut som ein spion og dro ut for å møte silje. vi gikk rundt på frogner arm i arm, kjøpte makronar på sebastien bruno (dei har fått blåbær-smak, eg er spent!) og drakk kaffe på kaffebrenneriet og dei blei leppestiftmerkar på koppen, noko av det finaste eg veit. så dro vi tilbake til sentrum for å kjøpe cava og eg fikk meg ny bukse og kimono og så drog eg heim. no skal eg drikke te og spise makronar og lese ei bok kjærasten min har skrive, og så skal eg på fest med nokre fine jenter og drikke cava og flire høgt og tenke på kor fin denne tida av livet eigentleg er og kor sjukt takksam eg er for at eg har det som eg har det. god helg!

8 kommentarer:

  1. Høres ut som en fin lørdag.. God helg, vakre

    SvarSlett
  2. Er kjæresten din forfatter?

    SvarSlett
  3. enda flere nye pæntz??! jeg dør

    SvarSlett
  4. katrine: god helg!

    linda: ja!

    inga: måtte reklamere på dei eg kjøpte!

    SvarSlett
  5. Artig samantreff: eg var òg på sebastien bruno på laurdag, og der kjøpte eg, no kjem andre samantreff, ein blåbærmakron! God, men ikkje så god som vanilje, som eg visst aldri får nok av. Kva med deg? God?

    SvarSlett
  6. Heisann, det var jo ikkje mathias som skreiv det. Sånn går det når snikekjærasten snik seg inn på datamaskinen min.

    SvarSlett
  7. knis! eg kjøpte óg vanilje, elskar elskar elskaaar vanilje! dei tre andre (litchi, blåbær og pasjonsfrukt) skal bli frokost no. gledar meg til paris og lakrismakron...

    SvarSlett
  8. Den dagen lakrismakronen kjem til norge kjem eg til å døy bittelitt av glede. Eg og mathias snakkar om lakrismakroner ca. ein gong i veka. Heilt sant.

    SvarSlett