torsdag 10. februar 2011

gamle venar



det er fint med gamle venar, og det er fint med gamle venar som er meir enn berre det, og fortsetter å vere venen din. men av og til er det som i denne songen, dei er der, men dei er der ikkje, dei er nær deg, men dei er borte. og det er få ting som gjør som vondt som å vite at ein av dei du har vore mest glad i i heile verda og som har vore så tett inntil deg og som veit alt om deg og om korleis du var ikkje anar korleis du er no og ikkje bryr seg om å spørre heller. når det er du som tar kontakt, gong etter gong, når du kjenner at du masar, når du kjenner at det som ein gong har vore sprekker opp og løyser seg opp og forsvinn og ikkje betyr noko meir. og det er enda verre enn å slå opp med ein kjæraste, for den her gongen anar du ikkje korfor eller kva som har skjedd, og ho kan ikkje seie "it's not you, it's me", for om det er ein grunn til at ho ikkje vil vere ven med deg meir, så kan det kun vere derfor: it's you, it's not me. og den her gongen virkar det som at det er på ekte.

6 kommentarer:

  1. Denne teksta traff meg veldig. Veldig fin og trist tekst.

    Eg liker tanken på at mine nye og veldig gode venninner om nokre år vil vere mine "nye" god gamle venninner, og at vi framleis er vener.

    Det er noko som heiter at "if they don't chase you when you walk away, keep walking" og eg trur det er mykje sanning i det.

    SvarSlett
  2. du e så flink til å sette ord på følelsa, sigrid! nydelig tekst.

    og uansett om vi ikkje nu e så close som før i tida (da vi va ung, høhøh) så e æ nu her. :) ka nu enn dèt vil si.

    SvarSlett
  3. guro: eg håpar også at dei venane eg har no skal vere her alltid, sjølv om det gjer vondt at nokre blir borte, så er det alltid nokon som blir igjen.

    rita: :)

    anonym: ein kan heilt fint bruke korfor: http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=korfor&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=bokmaal&alfabet=n&renset=j
    og det er heilt vanleg å bruke det. frode grytten bruker det!

    SvarSlett
  4. jeg trodde jeg hadde det sånn, men så hadde jeg ikke det likevèl. Jeg kan ringe ho og grine i en time selv om vi ikke har snakket sammen på en måned og ho er der, selv om jeg maser. til og med da.

    SvarSlett
  5. nydelig sang, og veldig fint skrevet.. Du er flink med ord.

    SvarSlett