onsdag 5. januar 2011

byjenta


i den her gjengen, ein stad i vesterålen ein gong i forrige århundre, er nokre av slektningane mine. dei vaks opp i ei bygd og levde i ei bygd kor folk kjente kvarandre, kor folk var med på å dra lasset, haldt dugnadar, basar, inviterte kvarandre på kaffe, og på søndagane var det ikkje lov for ungane å vere ute. det er i alle fall slik eg ser for meg at det var. kjærasten min har vokst opp i ei bygd og har kjent folk i hundre år, slik folk frå bygda får det. eg er ikkje frå ei bygd. eg har vokst opp i eit trygt og barnevenleg område, ikkje langt frå skole og nærbutikk, men eg har ingen barndomsvenar. det er nesten ingen av dei eg kjente då eg var liten eg ville ha hatt ein lengre samtale med i dag, kanskje sagt hei på gata, "hei kordan går det, lenge sia sist", kanskje det er sånn det er å vere frå byen. venane eg har i dag, er stort sett folk eg har blitt ven med frå vidaregåande og utover. fleire av venane til kjærasten, har han kjent i alle år, i alle fall virkar det sånn frå utsida.

eg vil også komme frå ein liten plass og kjenne ei intens tilknytning til staden eg kjem ifrå, meir enn berre til huset heime. er det for mykje å be om?

1 kommentar:

  1. Eg trur ikkje at alle som kjem frå små plassar alltid har mange barndomsvener. Eg har i alle fall berre to og ein halv.

    SvarSlett