fredag 14. januar 2011

en timme tar en väcka här, slå mig så att nån ting händer

kvar dag les eg horoskopet mitt, det står ting som "gjør noe du liker å gjøre i kveld!", "la ikke økonomien sette grenser, men pass på utskeielser" og "i dag er en god dag for kjærlighet! gjør noe romantisk!". eg er tilbake i byen eg kjem ifrå, og det er kjempefint, på dagen går eg ut i byen og kjøper nye ting og ser på lyset og går langs havna og ser på det svære havet, det utruleg nordnorske, og på kvelden sitt eg i stua eller på kjøkkenet med foreldra mine og berre finst der saman med dei. eg lagar vafler og kakao og samosa og tunfisksalat og får tida til å gå, utan at eg veit kva tida liksom skal gå mot. det er på enden av brettet der dei rosa pillene blir kvite ei veke, og kanskje er det derfor, men plutseleg verkar alt vere litt mørkt. eg prøver å jobbe mot å få ein sommarjobb eg verkeleg vil ha, men midt inni det, stoppar eg opp og tenker at eg er ikkje flink nok, eg er ikkje bra nok, det kjem ikkje til å gå, ingenting er garantert uansett, han kan ikkje love noko, må ta tak i meg sjølv og seie at det ikkje er lov til å gje opp, uansett, det er ikkje lov, ikkje no. eg les ikkje bøker, eg veit ikkje om eg klarer å skrive tekst, prøver, eg gjer forsøk, men eg veit ikkje, det er vel bare that time of the month, og om du er gutt og les det her, skal eg seie deg éin ting: du er så jævla heldig som er gutt og slipp det her hormonelle helvetet.

5 kommentarer:

  1. Kommer du fra Harstad? Du er skikkelig tidlig ute med å tenke på sommerjobb, så jeg blir nesten litt stresset selv :) Hvor har du pleid å jobbe før, da? Og så er jeg nysgjerrig på overskriften, hva ligger i innholdet?

    SvarSlett
  2. jess, kjem frå harstad. tenkte eg skulle vere tidleg ute i år, fordi eg mest sannsynleg skal flytte og treng $$$$$$. så ja, derfor.
    og overskrifta er henta frå säkert!- isarna. hør den!

    SvarSlett
  3. og du er helt vanvittig flink til å skrive. sette ord på tanker og følelser. du setter spor hos meg :)

    SvarSlett
  4. åh. takk! det er veldig fint å høyre!

    SvarSlett