mandag 10. januar 2011

2010: bingogenser, 2011: bingobluse

etter nokre intense år med ein stil som fikk mor mi og far min til å tidvis rive seg i håret og ta fram dei verste superlativa, roa eg meg pittelitt ned, og begynte med litt secondhand i stadenfor, innimellom. dei var ikkje storimponerte av det heller, og det toppa seg da mor mi kalte genseren eg hadde på meg (kvit kort genser med gjennomsiktige perler på) for "bingogenser". ein bingogenser er ein genser som ein finn i ein kvar secondhandbutikk med respekt for seg sjølv, med perler eller steinar og gjerne litt glittertråd som lagar eit eller anna mønster, kanskje av blomster eller eit dyr, kanskje ein leopard. eg forgudar bingogenseren, og i 2011 skal eg bli kjent med bingogenseren si kanskje litt finare kusine, bingoblusen. i dag fikk to bingobluser bli med heim frå ein secondhandbutikk i tromsø, og den her er så fin at eg ikkje vil ta den av meg. gled deg, mamma, her er eg!

8 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Fine bloggen din<3

    SvarSlett
  3. Hvorfor skriver du på nynorsk når du snakker nordlending? Har det noe med studiet ditt å gjøre? Tar du bachelor eller master i litteratur, og hva kan det brukes til?

    Det var en god tekst du hadde i Hjartemagasinet, forresten! :)

    SvarSlett
  4. enig med Linda - og så skriv ein ikkje gensar, men genser :)

    SvarSlett
  5. linda: eg har alltid vore glad i å skrive, og før var eg særleg glad i å skrive på dialekt, altså ei nord-norsk dialekt. og så merka eg at når eg skreiv tekstar på bokmål, så syntes eg at det ikkje hørtes ut som meg sjølv, det var ikkje mitt språk, så eg begynte å skrive på nynorsk. det funkar sånn passe, eg har små feil her og der, men utifrå dei tilbakemeldingane eg har fått frå fagfolk, så ser det bra ut. ellers så tar eg ein bachelor i litteraturvitskap, og har i tillegg litt fransk, som eg ikkje anar kva eg skal gjere med, så til hausten skal eg nok starte på ein ny bachelor.

    og ellers, takk! og feilen er no retta opp.

    SvarSlett
  6. Bingobluse, herlig!

    SvarSlett
  7. Tøft av deg å skrive på nynorsk, da!

    Jeg går bachelor i psykologi, men er usikker på hva jeg kan bruke den til. Derfor har jeg som deg, lyst til å ta mer utdanning. Men jeg blir stresset av det og får også litt dårlig samvittighet over å være en slags "evighetsstudent". Folk snakker om å komme seg i jobb, tapte pensjonsår osv. Hvordan klarer du å la være å tenke på slike ting, og heller fokusere på studier og å planlegge et liv der fremme?
    :)

    SvarSlett
  8. eg veit ikkje eg, vaksenlivet må jo komme ein gong det òg, og eg tenker jo på det, at eg får meg eit kraftig studielån som skal betalast ein dag og at eg burde komme meg i jobb og alt sånt, men eg klarer ikkje å tenke på sånt alvorleg no. eg vil ikkje ha dårleg samvit, og jobbar mot den kjensla. alt ordnar seg til slutt uansett!

    SvarSlett