tirsdag 31. august 2010

det går mot haust



og då burde ein sykle fort fort fort fort fort og høyre på den her songen. eg har ikkje sykkel, men eg skal høyre på songen for det. fin song.

søndag 29. august 2010

når det blir grått



når det blir grått er det fint at den her songen finnes. eg kjenner meg som ein seksten år gammal amerikansk klisjékarakter, ho rare utan sminke som studerer kunst og går i store skjorter og bruker briller og får slush i fleisen og som drar heim og berre ser i taket frå senga. i alle fall i dag.

lørdag 28. august 2010

haust del ein


eg har nytt mørkt hår og ny fin skjorte. på hausten kjøper eg ofte ei skjorte og fargar håret mørkt. det er ein fin kombo. vinnarkombo.

fredag 27. august 2010

bakgrunn



(henta frå sida "rare photos of famous people")
det her er bakgrunnen på macen min. salvador dalí og neshornet. det er eit av dei kulaste bileta eg veit om. det er ikkje nokon som akkurat det. det er ingen som er som dalí.

onsdag 25. august 2010

rom ved havet


bestefar min og kona hannes har eit hus i vesterålen som ligg heilt nede ved havet. der ser kjøkkenet sånn her ut. då eg var der i sommar, hadde eg ikkje vore der på mange år, kanskje 4, kanskje 5. og så blei eg plutseleg forelska. ein gong skal det huset bli litt mitt og då skal eg sitte der om sommaren og drikke kaffi og skrive og gå tur til fyrtårnet og fiske og halde mannen min med selskap. ja, for mann skal eg jo ha. hundre år fram i tid, men mann skal eg jo ha. så kan vi sitte ved kjøkkenbordet og sjå på havet, sjå på kvarandre, sjå på maten, sjå ut vindauget, sjå på kvarandre. huset har eg. treng berre mann.

tirsdag 24. august 2010

show me love (sv. fucking åmål)

Agnes' Father Olof: When our class met, I think it was our 25-year reunion, when they found out that I'd done well for myself. Bengt, who was then the class king, he didn't become anything. And the girls who were considered the prettiest, they weren't special any longer. So I think you'll be glad that you don't have it so easily. Because those who have it easy often become quite uninteresting.
Agnes: But you're speaking in about 25 years. I'm sorry, but I'd rather be happy now than in 25 years.


eg vil sjå fucking åmål. det er ein av dei aller beste filmane eg veit om nokon gong. då eg var 10-11, kjøpte eg manuset i bokform og las den sikkert hundre gongar, og så filmen sjukt mykje òg. i dag drakk eg oboy og då tenkte eg på at det var lenge sidan eg såg fucking åmål. fin fin fin fin fin og vond og litt god.

mandag 23. august 2010

"how does it all end?"

i dag kom det store høgdepunktet i murakami-festivalen på litteraturhuset: murakami sjølv. han snakka, las ein kort tekst og blei intervjua av frode grytten. nokre timar før intervjuet, meldte frode meg om at han skulle stille eit av mine spørsmål til murakami om det blei tid. det blei det. siste spørsmål før alt var over og folk gjekk heim, var: "how does it all end?" håplaust spørsmål. eg har tenkt mykje på det. how does it all end? korleis går det til slutt?

akkurat no har eg trua.