mandag 3. mars 2014

ein gong skal vel alt smelte


det er først i mars og eg har ei kjensle av at det snart skal vere vår. sola står opp før meg om morgonen, eg veit ikkje om det seier mest om meg eller om sola, men ho er der i alle fall, og gjer alle hus mildt oransje når eg kjører forbi dei med bussen. sola er tilbake og snart må det vere vår, først smeltar snøen, så smeltar isen rundt hjarta, så smeltar alle desse små klumpane som ligg rundt i kroppen, alt dette skal smelte og så skal det vere vår, alt dette skal smelte og bli til vatn som fordampar i sola, blir berre borte og så gløymer vi at det ein gong var der i det heile tatt, når vi ikkje kan sjå det meir, desse pittesmå klumpane, dei skal sola ta og det skal bli vår.

2 kommentarer:

  1. Einig, snart må det vere vår! Eg blir iallfall litt meir håpefull av å lese fine Sigrid-ord.

    SvarSlett
  2. Hei Sigrid Agnethe! Jeg har gitt deg en Liebster bloggpris for den fine bloggen din. Hvis du vil kan du svare på spørsmålene. Hvis du ikke vil er det også helt greit. :-) http://ekstremtbra.com/liebster-blog-award/

    SvarSlett