onsdag 26. februar 2014

buksedøden


 
første mai for to år sidan starta eg eit prosjekt som skulle vare ein månad: eg skulle ikkje gå i bukser heile månaden. bakgrunnen for dette "prosjektet" var at eg ein morgon for mykje sto framfor speilet på soverommet og grein litt av det eg såg når eg hadde på meg bukser. eg følte meg som ein pingvin. som mummimamma. som eit sett hofter med kropp på. sjølv om eg ikkje likte (og fortsatt ikkje liker) å fokusere så mykje på kropp og kroppskompleks, måtte eg seie til meg sjølv at nok fikk vere nok. nok høgtlivsbukser som fikk beina mine til å sjå korte ut. berre nok. og så tok eg til å gå i skjørt og kjoler i staden.

det hender at eg tar på meg bukser, enten fordi det er praktisk (det er ikkje alltid like praktisk å svinse rundt i skjørt) eller fordi eg vil ha litt variasjon. ofte må eg berre få buksa av ganske fort igjen. det kler meg ikkje lengre, om det nokon gong gjorde det. og sånn er det berre med kropp: noko føler ein seg vel i, noko er komfortabelt og noko får meg til å føle meg heime. 


kanskje er det ikkje eit feministisk prosjekt å ikkje gå i bukser. kompleksa fikk på ein måte overtaket, men på ein annan måte har eg all verdas fridom til å føle meg verkeleg vel i klede og eg treng i så måte ikkje å tenke på kva for jeansfasong som er in akkurat no. og berre dét er rett og slett ganske digg. og så finst det så mykje bra kjoler og skjørt! og korfor vere kjedeleg når ein kan ha det gøy?

(til sist skal eg innrømme ein sak: eg har nettopp kjøpt ei bukse med så mykje stretch at den nesten er som ein tights. og eg føler meg faktisk ganske fin i ho. men eg trur eg held meg til skjørt, altså.)

2 kommentarer:

  1. Jeg har det på samme måte! Jeg eier ikke et par bukser lenger (minus noen slaffebukser), bare kjoler og skjørt! :D

    SvarSlett
  2. Jeg har kjoletirsdag, men kunne gjerne tenkt meg å utvide det litt, til flere dager og til slutt hver eneste dag. Trenger bare flere kjoler og skjørt!

    SvarSlett