fredag 21. februar 2014

å vere, å bli


det gikk lang tid før eg kunne tenke meg tilbake hit. så mange år med tankar om kor lite her var, kor trangt, kor kvelande at alle kjenner alle. så lei byen kor eg hadde sett ansikta så mange gongar før, der eg kjente vegen sjølv med auga igjen og eg alltid sa hei til mora til han eg ein gong var forelska i på ungdomsskule , om eg møtte ho på gata. byen med alle desse romma med dører som blei opna når dei ikkje skulle opnast, den første smaken av øl og trangen til å skrive ei novelle om det i norsken etterpå, om øl og kjensla av å kysse ein gut med tungepiercing. 
ein gong må ein jo berre seie til seg sjølv at nok er nok, seie takk for det gamle pg finne nye stader å feste smak, lukt, skam, lengsel, kjærleik og svik til. og eg fann nye byar, nye gater, nye hender, nye vindar som suste utanfor vindauget i niande etasje, eit vindauge i eit rom som var så langt unna heimbyen at eg alltid måtte gråte når eg sa farvel til foreldra mine etter besøk. for eg kunne jo ikkje bu der, ikkje heime, ikkje lenger nord, det skulle jo vere dauden, mørkt og kaldt og eg skulle berre ikkje klare det.

men det skulle eg. no vil eg berre bo her, her som folk ser kvarandre i auga på butikken, tør å le høgt, seier alle dei orda som fortel meg at det er her eg kjem ifrå; læsta, meillabær, søkkførrfær, kokrolig, han tykje. og no tenker eg at eg kan jo berre bli her, vi kan berre bli her, og om vi flyttar til ein mindre by, ein mindre stad, kan vi få katt, og sånn har det blitt, draumen om ei katt med evigmjuk pels skulle kunne få meg til å vere her, heime.

4 kommentarer:

  1. <3 Du skriver så fint at jeg blir helt matt. Håper jeg en gang kan føle det slik med Bergen. Det virker fint å komme tilbake på den måten.

    SvarSlett
  2. Så veldig, veldig fint, Sigrid. Du skriver så godt. <3

    SvarSlett
  3. Denne teksten fikk meg til å ønske at jeg var ordentlig fra et sted, og ikke var den bidialektale, hjemstedsforvirra personen jeg faktisk er. Åh <3

    SvarSlett
  4. En nydelig tekst. Sånn er det jo for meg også. Prøvde å stikke av, men ble dratt tilbake til "Nordens Berlin".

    SvarSlett