onsdag 7. mars 2012

girls pop etc.


ein gong i tida, da eg var seksten år, blåaugd til tross for mine brune auge og fortsatt budde heime hos mor og far, spelte eg i band, eit av desse banda som ikkje berre kunne kallast band, men som måtte kallast "jenteband". bandet eg spelte i, heitte fröken sverige, vi sang på svensk og hadde songtitlar som "mamma, jag vill inte äta köt mer!", "jag vill ha en transvestitt" og "marias mamma och det germanske ekspriment". ganske pussige greier, med andre ord. vi var tøffe og søte og kule og sårbare, eit jenteband i ein liten by med eit lite rockemiljø. på denne tida fantes det eit forum på nett kor alle i rockemiljøet kunne vere med. da bandet mitt blei spurt om å spele på ein rockefestival i ein anna by, var vi i fyr og flamme og klare som egg. festivalen ville ha oss, KULT! men vi blei fort tvunget ned til jordas overflata da vi fikk streng beskjed frå dei som hadde vore i gamet lengre, gutane, mennene, om at vi ikkje var eit godt nok band, og for å skjule dette, måtte vi med ein gong ta til å spele på sex. vi måtte våge å vere meir sexy, slik kom folk til å leggje merke til oss og bry seg om oss. sex sel, fikk vi, sekstenåringane, beskjed om frå mennene over tredve.

og eg hugsar at eg blei så sint at eg skreik. hugsar kor utruleg urettferdig behandla eg følte meg. eg følte det som om at nokon hadde sagt at eg ikkje var bra nok, men om eg kledde meg meir utfordrande, kunne eg bli det - og det var jo tross alt det nokon hadde sagt. og ikkje kven som helst, men dei som liksom skulle vere ei støtte innanfor eit miljø, dei vaksne som hadde holdt på med musikk i ti år før vi begynte å spele saman. beskjeden vi fikk var: spel på sex, eller gløym det heile. sidan vi var jenter med hjernar og vett i skallen, tok vi aldri til å spele på sex, kanskje tvert imot. vi syntes ikkje det var rett at nokre tredve år gamle bygdeskallar skulle få sjansen til å sitje heime og fantasere om oss fordi vi sjølv hadde vore så dumme at vi la opp til det.

vi klarte oss fordi vi var smarte og ikkje syntes det var rett at jenter skulle måtte spele på sex for å få oppmerksemd og bli høyrt på, mens det var nok for gutteband at dei hadde gitar bass og trommer. slik syntes ikkje vi det skulle vere, og slik synst eg ikkje det skal vere no heller, og derfor er eg sjukt glad for at det finst band som razika og first aid kit og artistar som annika norlin, som er tøffe og kule og søte og får fram bra musikk utan at dei treng å stå og gnukke seg mot mikrofonstativet i korte dongerijeans og utan at dei må sjå ut som seksuelt forvirra femtenåringar på coveret for at folk skal kjøpe platane deira. når det er slik at tone damli aaberge lagar ein video kor ho er halvnaken og gir frå seg pornoblikk etter pornoblikk, som genererer db.no-sak på db.no-sak, og kor alt til slutt handlar om "å vere stolt av seg sjølv", får eg ein ganske ekkel smak i munnen. musikken er ikkje lenger i fokus. kroppen til tone er i fokus, brysta ho ikkje direkte viser, men som vi veit er der, dei velforma låra, den silkemjuke huda, den evige "eg er berre stolt av kroppen min, det er ingenting galt med å vise det ein er stolt av" blir repetert så ofte at vi høyrer det meir enn musikken, og om ein seier imot, får ein den evinnelege janteloven slengt i trynet. kroppen blir ein vare, objektifisert, det er den som skal selje platene, få fleire klikk på youtube, og om ein sir imot og tar til motmæle, er ein berre sjalu.

eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje er sjalu. eg er ikkje sjalu på tone, på rihanna, eller på britney. og gjett kven andre eg ikkje er sjalu på? eg er ikkje sjalu på den generasjonen unge jenter som veks opp no, som trur at nøkkelen til aksept og respekt ligg i å vise fram kroppen sin mest muleg, i flest muleg fora. eg trur at verkeleg mange av dei kjem til å ha problem med å takle den intense seksualiseringa og det sinnsjuke kroppsfokuset som blir pumpa ut av nettavisane, bloggane, filmane, og, ikkje minst, musikkvideoane på ein sunn måte. eg kryssar fingrane for at det fortsatt finst smarte jenter, jenter som skjønnar at eigenverdien deira ikkje ligg i kor mange poeng ein har på deiligst.no eller kor mange likes profilbildet deira på facebook har. eg håpar det kjem fleire jenter som vil spele gitar eller bass eller trommer, ikkje på tross av at dei er jenter, men på grunn av at dei er menneske.

gratulerer med dagen, allihopa! (her er ei speleliste i anleiing dagen.)

16 kommentarer:

  1. Godt skrevet om et tema som irriterer meg voldsomt - det er helt absurd at kvinner bedømmes basert på hvordan de ser ut i stedet for egenskapene de innehar. Det skjer med menn også, men i mindre grad, og jeg er også glad for at jeg vokste opp for femten år siden i stedet for i dag. Når det er sagt, har vi heldigvis kommet langt på mange fronter, og vi har grunn til å feire hverandre på en dag som denne - så gratulerer til deg også!

    SvarSlett
    Svar
    1. ikkje sant! det er urettferdig, men slik er det. håpar eg aldri skal slutte å kjempe mot det som er urettferdig!

      Slett
  2. Jeg har skjønt det nå, men det er (dessverre) først etter å ha lest blogger som dine (og etter å ha gått til anskaffelse av en veldig god kjæreste). Det var en tid jeg faktisk trodde det var utseendet folk likte meg for - eller ikke likte meg for. Så takk for at jeg er mer opplyst nå! Takk til deg og alle andre fantastiske kvinner der ute :)

    SvarSlett
  3. <3 Fröken Sverige in my heart forever <3

    SvarSlett
  4. Tiltredes! Gratulerer med dagen!

    SvarSlett
  5. Wow! 10 poeng til dæ.

    SvarSlett
  6. Du er tøff! Veldig godt å lesa!

    SvarSlett
  7. Brrrraaaaaaaaaa.



    og fröken sverige <3

    SvarSlett
  8. ja! heia oss fordi vi er smarte, tøffe, gode, og bra - ikke fordi vi er "søte når vi er sinte". godt skrevet og hurra!

    SvarSlett
  9. Fantastiske ord! Et forsinket gratulerer med kvinnedagen til deg!

    SvarSlett
  10. Av en eller annen grunn, er det ansiktet ditt som popper frem i hodet mitt hver gang jeg hører "Vondt i hjertet". Aner ikke hvorfor. Jeg tror jeg ser for meg at du kunne ha skrevet den. Den er sår og fin og ærlig og søt, akkurat som det du skriver.
    Tenkte det var fint å fortelle, i lys av dette og det nyeste innlegget ditt.

    SvarSlett
    Svar
    1. miriam, det her må vere den finaste kommentaren nokon gong. eit stort hjerte til deg. (og ei forbanning over at ein ikkje er besteven med sånne ein burde ha vore besteven med.)

      Slett
  11. Et stort HURRA! for dette innlegget.

    SvarSlett