søndag 18. mars 2012

framtid


Eg er 6 år og snart skal eg bli 7 år, men før eg skal bli 7 år skal eg begynne på skolen. Når eg begynner på skolen, skal eg lære meg å knytte skoa mine og eg skal lære nye songar og eg skal få ein fadder som skal teikne hest i kladdeboka mi når eg er lei meg fordi gutane i sjetteklasse kastar snøball på meg. Og kvar fredag skal eg ha sommarfuglar i magen fordi vi skal trekke klassebamse, ein av oss skal få med seg den raude heimstrikka bamsen Ole med seg heim og få vere med han heile helga, spise pizza med han, leke på rommet med han, kanskje ta han med på biblioteket. Eg kjem til å gråte eit par gonger når det ikkje er min tur til å få med meg Ole heim. Eg kjem ofte til å gråte.


Eg er 12 år, om ein månad blir eg 13, da skal eg få min første ekte mobiltelefon til bursdagen min av mor mi og far min, men først skal eg komme heim frå Hellas og begynne på ungdomsskolen i ein heilt ny klasse. Eg skal vere brunare enn alle dei andre i klassen min, eg skal vere den einaste med briller, eg skal forelske meg i ein gut i niande og vere forelska i han i eit halvt år og ulykkelig forelska i eit nytt halvt år. Alle dei andre jentene skal vere lette og lyse og flinke i gym, dei skal ikkje vere som eg, eg skal ikkje vere som dei. Og kvar måndag skal dei kule ungane i klassen fortelje om kor fulle dei var, kor mange dei klina med, kor mykje dei betalte for heimbrenten, dei skal sitte fremst i klasserommet i ei lita gruppe, medan eg skal sitte bakarst ved ein pult der nokon har skrevet BITCH med blyant og halde kjeft om at eg har lese Ringenes Herre på engelsk i helga, og eg trur eg må slutte i speidaren. No har eg begynt å gråte på ekte.


Eg er 15 år og har ein kjæraste som er 20, men eg blir straks 16 og da er det greit. No har eg ein ny klasse igjen, heilt nye folk, eg sitt bakarst i klasserommet med ei som skal bli mi bestevenninne, vi skal vere dei flinkaste i klassen, vi skal vere dei artigaste vi veit om, vi skal bli eit trekløver saman med ei som går på dramalinja og vi skal lage eit jenteband som skal vere kulare enn mor di, og saman skal vi drikke oss fulle på vodka og gå oss vill og kysse kvarandre berre for gøy. Eg skal lage festar heime hos meg og eg skal rulle meg rundt i graset og gråte fordi han eg er forelska i ikkje er forelska i meg, og han skal bli pappa nokre år seinare, det er det ingen som vil tru når vi får vite det. Eg veit ikkje noko av dette når eg fortsatt er 15 år.


Eg er 18 år og det kjenst som at eg er den yngste eg kjenner, sjølv om eg blir 19 i september, og i alle fall er eg den yngste på Universitetet. Eg flyttar til Oslo, inn i eit lite rom eg skal gjere til mitt eiga, eg skal ta t-banen fram og tilbake og freiste å fatte kor universitetet er. Eg skal finne det til slutt, eg skal gå forbi og ikkje heilt fatte kva det er eg har gitt meg ut på, eg skal prøve å få meg venar, det skal ikkje gå veldig lett, eg skal vere mykje aleine, kjærasten min skal fortelje meg at han skal flytte til Spania, dra frå meg. Eg skal stå over oppvasken og la alle tårane felle og ikkje vite heilt sikkert kva eg skal gjere, står med kjærleikssorg over koppar og kar og prøver å seie til meg sjølv at det rette for meg akkurat no er å lære meg heksameter og aleksandriner og å lese Vergil og Dante. Seinare skal eg få ein jobb som gjør at alt lausnar, eg skal kjenne meg viktig, eg skal få venar, det skal berre ta tid.


No har eg blitt litt over 20 år. Eg bur i ein annan by, eit anna land, eit land der små ungar snakkar språket betre enn meg, eg høyrer dei på metroen, dei har smokk i munnen og snakkar med mor si, og eg kan nesten ikkje tru at eg har heldt på med det her språket sidan eg var 12, snart 13. Og eg skulle ønske at eg visste kva som skulle skje, kva som låg framfor meg, kva eg kunne vente meg, kva eg skulle kunne bekymre meg for, eg anar ingenting, akkurat som eg aldri visste noko da eg var 6. Da eg var 12. Da eg var 15. Da eg var 18. Og no, meir enn før, skulle eg ønske at nokon kunne seie til meg at det her kjem til å skje, pass deg, var rädd om dig, meir enn før skulle eg ønske at eg kunne vite noko.

Eg skulle ønske eg kunne vite at du skulle elske meg heile livet og at eg aldri meir trengte å leite.


(denne teksten var publisert i Litteraturtidsskriftet Lasso på UiO våren 2010.)

8 kommentarer:

  1. Fint. Veldig, veldig fint!

    SvarSlett
  2. <3
    sånn fint at jeg blir glad i hjertet.

    SvarSlett
  3. Åh, dettan va fint! ungdomsskolen, haha! verste i verden, så må jo bare elske det<3

    SvarSlett
  4. Dette var nydelig.

    SvarSlett
  5. takk for alle fine ord, de er fine!

    SvarSlett
  6. Så fiiint Sigrid! Det e bare én følelse som kjennes når man tenke tilbake på hele livet sitt og akkurat de spesielle tingan man kommer på om man skal nevne 12 liksom fra når man va lita, og det en blandingsfølelse som burde få sin eget navn egentlig

    SvarSlett