tirsdag 10. januar 2012

korleis overleve vinteren, pt.1

her kjem nokre velmeinte tips frå meg til deg for korleis overleve dei siste dagane før sola kjem, den kalde tida som såvidt berre har starta, eller korleis glede seg over kvit bakke og minusgradar.


1. gå ut i favorittvinterkåpa med ullsokkar i skoa, ullstilongs, ullmakkotrøye og verdas beste bh under. ein kan halde varmen og samtidig sjå fin ut (pluss at ein slipp urinveisinfeksjon, som eg pådrog meg etter å ha valsa ute i tynnstrømpebukse i romjula - ikkje å anbefale, nokre gongar gjer ein lurt i å høyre på mor si)


2. gå ut medan det enno er lyst og sjå på fjella, sjå på havet, sjå på dei rare folka som stirrar rart når eg går rundt som tromsø si eiga lille gaupe i pelsen min


3. gå aleine på kafé og ikkje vere redd for at nokon ser rart på deg, drikk cappucino og et ein croissant, eller kråssang, som det heiter der eg kjem ifrå, lag leppestiftmerkar på koppen og høyr på the kinks


4. lag noko godt til middag som du kan ete restane av ein dag du ikkje orkar å ete to brødskiver med kvitost til lunsj, her illustrert ved ein pai med alt mulig digg inni, pluss ein kopp med filifjonka på, som etter at bildet blei tatt, blei fylt opp med ein skikkelig god te, kusmi-teen kashmir tchaï, anbefalast! kjøp god te du kan drikke etter maten, til frokosten, til dagsrevyen, når du får besøk, når du skal lese "bli björk" eller "imot naturen", eller når du berre har sjukt lyst på te


5. ha noko å glede deg til. eg gledar meg til første gong eg skal bruke desse skoa, som eg har fått av sigbjørn og som eg skal bruke når eg får kofta mi og kanskje ellers òg, i alle fall på 6. februar, samefolkets dag, når vi skal heim til harstad og feire dagen. ellers gledar eg meg til filmfestivalen som startar neste veke, å få besøk av inga og christian, til å dra til oslo på by:larm og til å få lese "imot naturen"

og sist, men ikkje minst, her er soundtracket til den første månaden. den er positiv og glad og full av elektroniske poprytmar og bør få deg opp om morgonen. om ikkje noko av dette hjelp, veit eg ikkje, da får du berre kjøpe deg ein pose ostepop og eit flakslodd og håpe på det beste.

9 kommentarer:

  1. Fine råd, synes jeg. Og så gøy at du skal til Oslo under by:Larm! Jeg tror jeg skal en av dagene, den dagen Anna Järvinen spiller, helst. Håper vi sees.

    SvarSlett
  2. Gode, koselige vintertips! Dette er en skikkelig hyggelig årstid, bare man ser etter. Det er så fint å ha ting både å glede seg til og å glede seg over!

    SvarSlett
  3. Åå, for en kjempefin post! Jeg elsker å gå på cafè alene :)

    SvarSlett
  4. Flotte tips! Dette trengte jeg nå:) Utrolig delikat blogg!

    SvarSlett
  5. Bra tips! Hvem blir ikke lykkelig av ostepop, liksom <3 Håper vi sees når du kommer til Oslo! For jeg savner deg.

    SvarSlett
  6. ine: om du skal på anna järvinen, så sjåast vi! eg skal dit, nemlig!

    synne: ja, det er jo eigentleg fint - kvar årstid har si sjarm!

    ulrikke: ja, det er skikkelig bra, ein må berre tøffe seg opp litt først.

    johanne: bra! og takk. håpar du fortsett å stikke innom.

    maren: eg veit! cheeze doodles, ass. kjøpte ein svær pose i kiruna, med CHILIsmak, min favoritt. og vi kan godt sjåast i oslo, om eg har tid, og det håpar eg. hadde vore kjekt med ein kaffe på kafé gram, til dømes?

    SvarSlett
  7. Ja! Åh med chili, jeg må komme meg over grensa og karre meg til en sånn pose altså. Og gram er en plan! Bare si ifra om når du har tid, så åårner vi det <3

    SvarSlett
  8. Skulle ønske det var like mye snø her.

    SvarSlett
  9. Fin liste! Og Tromsø er så fiint, bare så synd at det er så utrolig mørkt om vinteren.

    SvarSlett