søndag 24. juli 2011

fredag 22. juli

for nokre dagar sidan, såg eg bror min gråte for første gong. ikkje for aller første gong, såklart, for han gråt mykje da han var liten, han datt ned trapper og slo seg på sykkel, eg har såklart sett han gråte før, men på fredag såg eg han gråte for første gong for noko han sjølv ikkje hadde skuld i. han hadde ikkje falt ned ei trapp. han hadde ikkje skrensa på sykkel. han hadde ikkje klemt fingeren i bildøra. det han gråt for, gjorde vondt, ikkje den type vondt du får av desse tinga, smerte i augeblikket, men den type vondt som kjem frå hjartet, frå magen, den som svir i nesa, den du må puste fortare for å halde inni deg, den som svulmar opp tunga og gjer det vanskeleg å svelge, vanskeleg å puste.

og han var ikkje aleine. heile norge gråt. ingen kunne fatte det som hadde skjedd. at nokon hadde plassert ei bombe i regjeringskvartalet, for så å setje seg i bilen og kjøre ut til utøya og iverksetje ein massakre norge ikkje har sett makan til før. det var for utrueleg. det var film, det var ikkje ekte, det var filmtriks, ein thriller laga i hollywood, bortsett frå at det var det ikkje. det var i norge. på ekte. på ekstra nyhendesending. felles for alle som satt med gråten i auga, i magen og i hjartet, var at ingen kunne tru det som skjedde, ingen kunne tru at det var sant.

men det var sant. det var ekte. det var det verste marerittet ein kunne sjå for seg ein heilt vanleg fredag i juli.

og heile landet er fylt av foreldre, søsken, kjærastar, venar, jenter som er forelska, gutar med dunkande hjarte, alle kjenner nokon som kjenner nokon, ein gut har klina med ei av jentene som er der nede og har klump i halsen og hjartet på utsida av kroppen og han kan ikkje tru at det skjer, og han er ikkje aleine. det er det viktigaste av alt no - ingen av oss er aleine. det her skal vi klare saman, for det skjedde her, på ekte, det var ikkje ein film frå hollywood, det var eit mareritt frå den ekte verda, oslo, norge, europa, verda. eg håpar alle har nokon å klemme på, og gjer det. det er foreløpig det ein kan gjere for å kjenne at verda ikkje er heilt ute og kjøre. vi har i alle fall kvarandre, sant?

eg håpar at alle de som skulle slumpe til å lese det her, har nokon å klemme på, nokon å snakke med, nokon å vere stille saman med, og at de har alle nære og kjære i god stand. all you need is love.

4 kommentarer:

  1. Jeg håper du får nok klemmer i Norge stir fry. Jeg håper at du er ok:)

    SvarSlett
  2. Vi må bare ta tiden til hjelp for å forstå at dette faktisk har skjedd, og klemme masse på hverandre i mellomtiden. Varme tanker til deg!

    SvarSlett