lørdag 21. mai 2011

in the cold cold night

sommaren eg var 13, var eg forelska i jack white, den eine halvdelen i the white stripes. eg høyrte på musikken, eg kledde meg i raudt og kvitt, eg sat på biblioteket i byen og las q og høyrte på musikk, las alt eg kunne lese om jack white. om natta drøymte eg at jack white og eg var ute og fløy med dragar, og eg var heilt sikker på om at jack white kom til å bli stupforelska i meg om han berre fikk møte meg, når eg blei vaksen såklart, ikkje som trettenåring, ikkje heilt lolita-style, men eg tenkte at han og eg måtte vere eit perfekt par.

slik blei det ikkje. eg har aldri møtt jack white, og medan eg sjølv berre har blitt meir og meir med årane, har han blitt ei skugge av seg sjølv, krittkvit og anemisk. jack white har gifta seg med ein modell, eg har blitt saman med ein same, året yngre enn jack white, men sjølv om historia om jack og meg aldri blei en kärlekshistoria, finst musikken enno, og sjølv om dei no har lagt opp og eg mest sannsynlegvis aldri får sjå dei live på ein scene, er det få band i verda som roper til meg at no er det vår, få på deg skoa og stikk ut, som the white stripes, og det synst eg alle andre bør tenke på akkurat no.

3 kommentarer:

  1. "jack white har gifta seg med ein modell, eg har blitt saman med ein same", for en herlig setning. Kom deg ut-musikk er perfekt i disse dager! Ha en fin uke!

    SvarSlett
  2. hjerte på det! ut, ut, ut i gatene!

    SvarSlett